Alle hendingar i rekneskapen skal bokførast på to ulike hovudbokkontoar, slik at summen av dei blir null. Debet og kredit er omgrep som blir brukt for å beskrive om du har bokført eit positivt eller negativt beløp på den aktuelle kontoen.
Alle registreringar blir bokførte både til debet og til kredit
Når du skal registrere ei hending eller eit bilag i rekneskapen din skal det alltid førast mot minst to ulike hovudbokkontoar:
Ein konto på debetsida
Ein konto på kreditsida
Det du fører på debetsida vil bli eit positivt beløp, medan det du fører på kreditsida vil bli eit negativt beløp. Då blir summen av alle posteringar i rekneskapen null, og rekneskapen vil balansere. Dette er prinsippet for dobbel bokføring. Prinsippet om dobbel bokføring er ein standard for korleis du fører rekneskap som blir brukt over heile verda. Meininga med dobbel bokføring er å vise kvar pengar kjem frå, og kva dei blir brukt til.
Rekneskapsprogrammet hjelper deg
Prinsippet for dobbel bokføring er det som blir brukt i alle rekneskapsprogram. Programmet lèt deg derfor ikkje bokføre eit bilag som ikkje balanserer. Dette er praktisk for å unngå at rekneskapen blir feil.
Forkjellen på debet og kredit
Debet og kredit er rekneskapstekniske uttrykk som har motsett tyding, men kva er eigentleg forskjellen på dei? Korleis påverkar debetføringar og kreditføringar resultatet og balansen?
Debet (+)
Debet er pluss-sida av rekneskapen din, ofte kalla venstresida fordi ein frå gammalt av sette dei positive beløpa til venstre i ei oppstilling av hovudboka.
Kostnader og eigedelar blir førte på debetsida.
I balansen fortel debetsida kva bedrifta eig (eigedelar).
I resultatet viser debetsida kostnadene i rekneskapen.
Kredit (-)
Kredit er minus-sida, ofte kalla høgresida fordi ein frå gammalt av sette dei negative beløpa til høgre i ei oppstilling av hovudboka.
Inntekter og pengar du har lånt blir ført på kreditsida.
I balansen fortel kreditsida korleis det du eig er finansiert (gjeld og eigenkapital).
I resultatet viser kreditsida inntektene i rekneskapen.
Korleis bruker du debet og kredit?
Ein postering i rekneskapen består av ein debetpost og ein kreditpost som representerer ulike sider av ein transaksjon. Ein kallar ofte dette for debitere og kreditere, som betyr å auke positivt på debetsida og tilsvarande auke negativt på kreditsida.
Eit døme på postering er når ei bedrift med kasse sel varer, så blir saldoen auka på kontantbehaldninga ved å debitere, medan salsinntektene blir auka ved å kreditere.
La oss sei bedrifta sel varer for 1000 kroner til ein kunde. Vi ser bort frå meirverdiavgift i dømet. Bedrifta vil då gjere denne posteringa i rekneskapen:
Debitering av 1000 kroner på grunn av pengar i kassa frå salet.
Kreditering av 1000 kroner fordi salsinntektene har auka.
På denne måten kan bedrifta halde oversikt over alle økonomiske transaksjonar og sørge for at rekneskapen er korrekt og i balanse.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}