Kva er driftsresultat?

Driftsresultat er det økonomiske resultatet frå bedrifta i ein gitt periode. Kort forklart er dette summen av driftskostnadene trekt frå driftsinntektene. Med andre ord seier driftsresultatet noko om kor lønnsam bedrifta er i denne perioden.

Illustrasjon av mann som forklarer driftsresultat føre ei tavle

Kva betyr driftsresultat?

Avhengig av om bedrifta går med overskot eller underskot, vil driftsresultatet vere enten positivt eller negativt. Vanlegvis snakkar vi om driftsresultat før skatt, som seier noko om evna bedrifta har til å tene pengar på kjerneverksemda si utan å ta omsyn til skatt og renter eller andre finanskostnader. Det er derfor eit viktig mål for lønnsemda til bedrifta.

Er inntektene høge nok til å dekke kostnadene, vil driftsresultatet vise eit overskot. Det vil seie at bedrifta har tent meir på drift enn den har brukt. I motsett fall vil driftsresultatet vise eit underskot, og bedrifta har tapt pengar på drifta i perioden.


Kva består driftsresultatet av?

Eit driftsresultat består av inntektene og kostnadene for bedrifta som er knytt til den operative drifta i ein fastsett periode.

  • Driftsinntektene vil ofte vere sal av varer og tenester, eller det bedrifta tener pengar på. 
  • Driftskostnadene kan vere lønnsutbetalingar, husleige eller råvarene/utstyret bedrifta treng for produksjon av vara eller tenestene bedrifta sel.

Andre ekstraordinære postar, som investeringar i aksjar, eller inntekt frå renter er ikkje med.


Er det forskjell på driftsresultat og årsresultat?

  • Driftsresultatet er driftsinntekter minus driftskostnader.
  • Årsresultatet er driftsresultatet, inkludert skattekostnad, renter og finanspostar.

Det er altså årsresultatet som blir vist i den offentlege rekneskapen, og er det eigarane kan nytte til utbytte, eller å reinvestere i bedrifta.


Korleis berekne driftsresultat?

For å berekne driftsresultatet må du finne total omsetnad for perioden, og trekke frå driftskostnadene.

  • Driftsresultat = Total omsetnad - totale driftskostnader

Driftsresultat kan bereknast både for kvart kalenderår, men eller for kortare periodar, som kvartalsvis eller månadleg, avhengig av behovet til bedrifta.

Driftsresultatet blir vist i resultatrekneskapen. Det er vanleg praksis for bedrifter å presentere sine kvartalsvise eller årlege årsrekneskapar, inkludert driftsresultatet, saman med andre nøkkeltal. Slik får investorar, aksjonærar og andre interessentar ei oversikt over den økonomiske situasjonen for bedrifta.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }