Kva er ein faktura?

Ein faktura er eit dokument som blir laga for å krevje betaling for varer eller tenester som er leverte til ein kunde. Fakturaen blir som oftast sendt etter at vara eller tenestene er leverte.

rekkehus

Kva må stå på ein faktura?

Ein faktura fungerer som eit betalingskrav frå seljaren til kjøparen, og kan òg brukast som dokumentasjon på kjøpet i rekneskapen. Derfor er det ein del formelle krav til kva fakturaane du sender må innehalde:

  • Unikt fakturanummer generert automatisk av eit rekneskapsprogram, eller alternativt påført maskinelt på forhåndstrykte blankettar
  • Namnet på bedrifta di
  • Organisasjonsnummeret til bedrifta di (med "MVA" bakom viss bedrifta di er registrert i Meirverdiavgiftregisteret)
  • Namnet og adressa til kjøpar, organisasjonsnummeret til eventuelt kjøpar
  • Datoen salet fann stad
  • Tydeleg skildring av det kunden skal betale for, altså kva varer eller tenester det er snakk om, kor mange av kvar, og kva prisen er i norske kroner per stykk inkludert moms
  • Totalsummen, altså fakturabeløpet
  • Når og kvar varet eller tenesta blei levert
  • Betalingsfrist

For kjøp og sal mellom større bedrifter er det heller ikkje uvanleg å føre opp referansar, altså ein enkeltperson hos både kjøpar og seljar. Då blir det til dømes enklare for økonomiavdelinga å vite kven som skal attestere fakturaen. Dette er likevel ikkje eit lovkrav.


Korleis sender eg ein faktura?

Ein faktura kan sendast i posten, som e-post, som ein EHF-faktura eller ein eFaktura.

Viss du skal fakturere ei offentleg verksemd for over 100.000 kroner ekskl.mva, vil dei krevje at du sender ein elektronisk faktura (EHF-faktura). Dette er ikkje eit PDF-dokument, men ein eigen standard (EHF betyr elektronisk handelsformat) der datafila blir laga og sendt av rekneskapsprogrammet til seljaren og blir importert direkte i rekneskapsprogrammet til kunden. 


Feil på fakturaen?

Fakturerte du feil varer til feil pris? Gløymde du å påføre ein viktig referanse? Fortvil ikkje, det ordnar seg. Du må berre sende ein kreditnota.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }