Kva er forskjellen på fritak og unntak frå meirverdiavgift?
Enkelte varer og tenester du sel skal det ikkje bereknast og betalast meirverdiavgift av. Dei er enten fritatt eller unntatt avgiftsplikt i meirverdiavgiftlova. Her finn du forskjellen på fritak og unntak frå avgiftsplikt.
Kjapp oversikt
Ved unntak skal du:
ikkje registrere bedrifta i Meirverdiavgiftregisteret
ikkje berekne meirverdiavgift på varer og tenester
ikkje levere mva-melding
ikkje få frådrag for mva på det du kjøper til bedrifta
berekne mva for varer og tenester som ikkje er unntatt meirverdiavgift
Ved fritak skal du:
registrere bedrifta i Meirverdiavgiftregisteret
berekne meirverdiavgift på varer og tenester
levere mva-melding
få frådrag for mva på det du kjøper til bedrifta
føre fritatte varer og tenester i ein annan post i mva-meldinga, enn dei som ikkje er fritatt
Unntak frå meirverdiavgift
Nokon varer og tenester er unntatt avgiftsplikt. Det vil sei at reglane i meirverdiavgiftlova ikkje gjeld for omsetnad av varene eller tenestene. Det kan til dømes vere helsetenester, undervisningstenester eller kulturelle tenester. Sjå alle unntak i meirverdiavgiftlova kap. 3.
Viss alle varene og tenestene du sel er unntatt avgiftsplikt:
Du skal berekne og betale meirverdiavgift for den delen av drifta som ikkje er unntatt avgiftsplikt.
Du skal rapportere all omsetnad i mva-meldinga, også den delen av drifta som er unntatt.
Du får fullt frådrag for mva. på varer og tenester du kjøper inn til den avgiftspliktige delen av drifta.
Du får forholdsmessig frådrag for mva. på varer og tenester du kjøper inn som ikkje kan knytast direkte til verken den avgiftspliktige eller avgiftsunntatte delen av drifta.
Døme på omsetnad som er unntatt avgiftsplikt:
Undervisning er som hovudregel unntatt frå avgiftsplikt. Derfor treng du ikkje å berekne mva. på fakturaen når du sel undervisningstenester.
Fritak for meirverdiavgift
Nokon varer og tenester er fritatt for meirverdiavgift. Meirverdiavgiftlova gjeld for omsetnad av varene eller tenestene, men mva-satsen er 0 %. Det kan til dømes vere eksport, sal av bøkar, aviser eller brukte bilar. Sjå alle fritak i meirverdiavgiftlova kap. 6.
Viss varene og tenestene du sel er fritatt for mva:
Du skal registrere deg i Meirverdiavgiftregisteret når omsetnadsgrensa på kr 50 000,- i løpet av 12 månader er nådd.
Du skal føre omsetnad av fritatte varer og tenester i mva-meldinga, med mva-sats 0 %.
Du får frådrag for mva. på varer og tenester du kjøper til bedrifta, så lenge du er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret.
Varer og tenester som er fritatt avgiftsplikt, skal førast i ein annan post i mva-meldinga, enn dei som ikkje er fritatt.
Døme på omsetnad som er fritatt for avgiftsplikt:
Å selje bøker er som oftast fritatt for meirverdiavgift. Du skal likevel føre omsetnaden i mva-meldinga, med mva-sats 0 %.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}