Kva er meirverdiavgift?
Meirverdiavgift, mva., omsetnadsavgift, moms – kjært barn har mange namn. Men kva er eigentleg meirverdiavgift?
Meirverdiavgift, mva., omsetnadsavgift, moms – kjært barn har mange namn. Men kva er eigentleg meirverdiavgift?
Meirverdiavgift er ei offentleg avgift bedrifta di krev inn på vegne av staten. Denne avgifta skal leggast til på alle varer og tenester du sel, med enkelte unntak.
Meirverdiavgift på varer du sel kallast for utgåande mva. og skal betalast inn til Skatteetaten på faste datoar gjennom året. Når du sel avgiftspliktige varer og tenester kan du samtidig krevje frådrag for varer eller tenester du har kjøpt inn til bedrifta. Avgift du krev frådrag for kallast for inngåande mva.
I Norge har vi tre standardsatsar for mva.:
Altså: viss bedrifta di sel ei avgiftspliktig vare for 1.000 kroner må du legge på 250 kroner i mva. viss vara er avgiftsbelagt med høg sats. Då betaler kunden 1.250 kroner for vara, men du tener framleis berre 1.000 kroner fordi du er pliktig å betale dei 250 kronene til staten.
Det same gjeld varer og tenester du kjøper på vegne av bedrifta di. Viss du betalte 1.250 i den tenkte situasjonen ovanfor kan du trekke frå desse 250 kronene i mva-meldinga di. Som du skjønnar er det eigentleg berre privatpersonar, ikkje bedrifter, som får ein ekstra kostnad på grunn av avgifta.
Du har likevel ikkje lov til å krevje inn eller krevje frådrag for meirverdiavgift på fakturaane dine før du er registrert i Meirverdiavgiftregisteret.
I utgangspunktet er alle varer og tenester som blir selde i Norge avgiftspliktige. Men det finst enkelte unntaksreglar:
Unntatt frå avgiftsplikt betyr at det er definert i meirverdiavgiftlova at hovudregelen ikkje gjeld for vara eller tenesta. Helsetenester, undervisning og kultur er døme på tenester som er unntatt avgiftsplikt.
Er du usikker på om bedrifta di er unntatt eller ikkje kan du spørje Skatteetaten om ei vurdering.
Viss bedrifta di berre sel varer eller tenester som er unntatt avgiftsplikt skal du ikkje registrere deg i Meirverdiavgiftsregisteret, og du skal då ikkje levere mva-melding. Det betyr òg at du ikkje får frådrag for mva. på kostnadene bedrifta di har.
Fritatt frå avgiftsplikt betyr at det du sel eigentleg skal seljast med mva., men at mva-satsen er sett til 0 prosent. Bøker er til dømes stort sett fritatt frå meirverdiavgift.
Viss du berre sel varer eller tenester som er fritatt avgiftsplikt må du framleis registrere deg i Meirverdiavgiftsregisteret. Du skal også levere mva-melding, og du får mva-frådrag for kostnadene dine.
Meirverdiavgiftregisteret, eller mva-registeret, gir styresmaktene ei oversikt over alle mva-pliktige bedrifter.
Du registrerer deg i meirverdiavgiftregisteret når du har selt varer og/eller tenester for over 50.000 kroner det siste året. Merk at fakturaen som gjer at du overstig grensa på 50.000 skal fakturerast med mva.