Ei kundefordring er kort fortalt det kunden skylder deg. Når du har sendt ut ein faktura til kunde har du pengar til gode hos kunden. Dette beløpet kallar vi for ei kundefordring.
Kort om kundefordringar
Når ein kunde skylder deg pengar for ei vare eller ei teneste har du ei kundefordring mot denne kunden. Denne fordringa blir ståande i rekneskapen heilt til kunden betaler fakturaen og du har bokført betalinga.
Det finst fleire typar fordringar, her er nokre døme:
Kundefordringar (pengar du har tilgode frå kundar som du har fakturert).
Utlån (pengar bedrifta di har lånt ut til andre personar eller bedrifter).
For mykje innbetalt skatt eller avgift som du har rett til å få tilbakebetalt.
Forskot på lønn til tilsette.
Døme på kundefordring
Når du har sendt ein faktura på 2.000 kroner, som kunden ikkje har betalt endå, har du ei kundefordring på 2.000 kroner.
Har du sendt ein faktura på 2.000 kroner, og kunden har betalt halvparten, så har du ei kundefordring på 1.000 kroner.
Kundefordringar i rekneskapen
Ei kundefordring betyr at du har noko uteståande mot ein kunde. Vanlegvis blir fakturaen bokført automatisk på kvar enkelt kunde når du sender ein faktura i rekneskapsprogrammet, og då blir kundefordringane spesifisert i reskontroen til kunden.
Bokføring av kundefordringar
Kundefordringa er på same beløp som fakturaen du sender, og når den blir betalt forsvinn kundefordringa. Ein utgåande faktura skal bokførast mot reskontroen til kunden i debet, og mot ein salskonto i kredit. Ein kreditnota vil gå motsett veg og redusere kundefordringane.
Kundefordringar blir ført som ein eigedel i rekneskapen.
Eigedelar blir førte på debetsida i rekneskapen.
Når kunden betaler fakturaen blir beløpet ført over frå kundefordringar til bankinnskot.
Men kva er kundereskontro?
Ein reskontro viser kor mykje pengar ein kunde skylder deg, eller kor mykje pengar du skylder til ein leverandør. Kundereskontroen viser kva kundane skylder deg og leverandørreskontroen viser kva du skylder leverandørane.
I rekneskapen din har du to hovudbokkontoar for kundar og leverandørar. Desse er kalla 1500 Kundefordringar og 2400 Leverandørgjeld. Det er ikkje lov å bokføre på desse kontoane direkte, men dei viser ein totalsum for kva du skylder leverandørane dine og kva kundane dine skylder deg.
Ein kundereskontro gir deg ei detaljert oversikt over kven som skylder deg pengar, kor mykje dei skylder, og når fakturaene forfell.
Kort oppsummert: Ein kundereskontro viser kundefordringane dine.
Med inkassotenesta kan du sende inkassovarsel til kundar som ikkje har betalt.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}