Kva er likviditet?
Likviditet beskriv evna bedrifta har til å betale for seg. Det handlar om kor mykje pengar og verdiar bedrifta har lett tilgjengeleg for å dekke utgifter.
Likviditet beskriv evna bedrifta har til å betale for seg. Det handlar om kor mykje pengar og verdiar bedrifta har lett tilgjengeleg for å dekke utgifter.
Å ha god likviditet kan vere ein indikasjon på den økonomiske tilstanden til bedrifta. God likviditet gjer at bedrifta har kjøpekraft og enkelt kan betale rekningane sine.
Likvide middel er kontantbehaldninga, bankinnskot og eigedelar som raskt og enkelt kan gjerast om til kontantar. Dette kan inkludere ting som aksjar, verdipapir, obligasjonar, varelager, eller pengar bedrifta har til gode frå kundar.
Likvide middel kallast òg for omløpsmiddel.
For å få eit nyansert bilete av den økonomiske situasjonen for bedrifta brukast det ofte tre ulike likviditetsgrader. Dette hjelper bedrifta, kreditorar og investorar med å forstå evna bedrifta har til å betale rekningar og møte økonomiske forpliktingar.
Dette er den mest brukte likviditetsgrada. Når det blir berre referert til likviditetsgrad, blir det vist til likviditetsgrad 1. Lividitetsgrad 1 viser kor godt ei bedrift kan betale kortsiktig gjeld. Du reknar dette ut ved å dele summen av dine likvide middel på kortsiktig gjeld:
Omløpsmiddel / kortsiktig gjeld = likviditetsgrad 1
Talet du får skal helst vere høgare enn 2. Det vil seie at for å ha god likviditet bør du helst ha dobbelt så mykje i likvide middel som du har i kortsiktig gjeld.
Likviditetsgrad 2 tar ikkje omsyn til varelageret ditt. Det er fordi varelageret er den mest usikre verdien sidan det ikkje er sikkert at du får selt alle varene til den prisen som er brukt til utrekning i rekneskapen.
For å rekne ut likviditetsgrad 2 trekk du frå verdien av varelageret frå dine likvide middel før du delar det på kortsiktig gjeld:
(Omløpsmiddel - varelager) / kortsiktig gjeld = likviditetsgrad 2
Talet du får bør vere høgare enn 1.
Likviditetsgrad 3 viser forholdet mellom kontantar og bankinnskot samla, og den kortsiktige gjelda til bedrifta. Dette måler kor mykje pengar føretaket har i dag for å betale rekningane etter kvart som dei forfell.
Likviditetsgrad 3 reknar du ut ved å dele summen av kontantar og bankinnskot med kortsiktig gjeld.
(Kontantbehaldning + bankinnskot) / kortsiktig gjeld = likviditetsgrad 3
Talet du får bør vere høgare enn 0,33.