Kva er soliditet?

Soliditet er eit tal som viser kor stor del av eigedelane til bedrifta som er finansierte med eigenkapital. Det seier noko om kor robust bedrifta er.

rekkehus

Korleis blir soliditet brukt?

Soliditeten blir brukt som eit mål på kor robust bedrifta er – kor solid og stabil økonomien i bedrifta er på lang sikt. 

Høg soliditet viser at bedrifta er godt rusta for framtida. Det gir også betre vilkår når du skal søke om lån og finansiering. 

Potensielle investorar, kreditorar og samarbeidspartnarar ser på soliditeten som eit viktig tal når dei skal bedømme risikoen ved å inngå avtaler med bedrifta.


Kva er forskjellen mellom soliditet og likviditet?

Soliditet handlar om langvarig økonomisk stabilitet og evna til å tole framtidige utfordringar, medan likviditet er evna bedrifta har til å møte kortsiktige økonomiske forpliktingar.

Begge omgrepa er viktige for å forstå den økonomiske situasjonen for bedrifta, men dei representerer ulike aspekt - langsiktig stabilitet versus kortsiktig betalingsevne.


Slik reknar du ut soliditeten

For å rekne ut soliditeten til bedrifta di, treng du tala for "sum eigenkapital" og "sum eigenkapital + gjeld". Desse tala finn du i balanserekneskapen din. 

Soliditet = (sum eigenkapital / sum eigenkapital + gjeld) x 100

Soliditet på:

  • 40 prosent = særs god
  • 20 prosent = god
  • 10 prosent = tilfredsstillande

Korleis få betre soliditet? 

Du kan forbetre soliditeten i bedrifta ved å auke eigenkapitalen. Til dømes:

  • tilføre meir kapital frå eigarane
  • hente inn nye investorar
  • behalde overskot i bedrifta i staden for å ta det ut som utbytte
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }