Plassering i fond for bedrifter
Med fond får bedrifta di betre avkasting på overskotet enn det du får på vanleg konto.
Kom i gang med fondssparing for bedrifter
Du kan kjøpe, selje og administrere fond direkte i nettbank eller mobilbank bedrift. Få tilgang til over 250 utvalde fond.
Slik kjem du i gang:
- Logg inn i nettbank eller mobilbank
- Aktiver fondshandel
- Kjøp, sel og byt fond
Prisar for fondssparing
Vi ønsker at bedrifta skal få mest ut av investeringane, derfor tar vi berre betalt for å forvalte pengane til bedrifta på best mogleg måte.
| Bindingstid | ingen |
| Minsteinnskot | frå 100 kr |
| Fondsoversikt | Gå til fondsoversikta |
| Pris til banken | 0,20 % - 0,60 % |
Kva type fond bør bedrifta di velje?
Vi anbefaler bedrifter å velje enten rentefond eller aksjefond.
Rentefond
- Obligasjonar, sertifikat og bankinnskot
- Lågare risiko og lågare forventa avkasting
- Unngå store kurssvingingar
Aksjefond
- Eigarandelar i børsnoterte selskap
- Høgare risiko og høgare forventa avkasting
- Større kurssvingingar over tid
Vel fond sjølv
Det finst ulike typar fond innanfor ulike bransjar og geografi. Fond kan også spesialisere seg på ulike typar bedrifter. Få oversikt over alle fonda vi tilbyr og prisar.
Rapporteringsportal
SpareBank 1 Forvaltning tilbyr rapporteringsportal for storkundar. Dette gir deg ei betre kundeoppleving og god oversikt.
Du kan følge utviklinga på investeringane dine ved å logge inn på rapporteringsportalen Investrack.
Ofte stilte spørsmål om fond
Du kan velje mellom aksjefond, indeksfond, rentefond eller kombinasjonsfond.
Aksjefond: Eit aksjefond består av eigardelar i fleire børsnoterte selskap. Ved å investere i et aksjefond eig bedrifta indirekte aksjar i dei ulike selskapa som fondet har investert i. Bedrifta tener pengar viss den samla verdien av selskapa i fondet stig. Aksjefond passar for bedrifter som skal investere i 10 år eller meir, ønsker høg avkastning og toler at investeringane svingar i verdi.
Aksjefond kan vere indeksfond eller aktivt forvalta fond. Her kan du lese meir om forskjellen på aktivt forvalta fond og fond som følgjer ein indeks.
Rentefond: Ved å spare i rentefond låner bedrifta i praksis bort pengar til fleire selskap. Bedrifta di tener pengar på renta som selskapa betalar på lånet. I eit rentefond tener ein ikkje like mykje som i eit aksjefond, men det er ei meir forutsigbar investeringsform fordi risikioen er låg.
Kombinasjonsfond: Eit kombinasjonsfond består av både aksjefond og rentefond, og det er forholdet mellom desse som avgjer kurssvingingar og forventa avkasting. Vi anbefaler ikkje kombinasjonsfond til bedrifter, sidan det kan medføre høgare skatt.
Sjå også:
Plassering i fond for bedrifter
Oversikt over alle fond vi tilbyr
Ein skil mellom aktiv og passiv fondsforvalting, også kalla aktivt forvalta fond og indeksfond.
Indeksfond er passivt forvalta aksjefond, der fondet har som mål å følgje utviklinga til ein referanseindeks, for eksempel Oslo Børs. Det er ingen forvaltarar som aktivt tar stilling til kva aksjar eller verdipapir som skal kjøpast og seljast. Denne typen forvaltning krev lite oppfølging, noko som gir lågare kostnadar.
Risikoen i fondet følger den generelle risikoen i referansemarknaden over tid.
Til samanlikning har aktivt forvalta fond ein forvaltar, eller eit team av forvaltarar, som bestemmer kva aksjar eller verdipapir som skal kjøpast og seljast. Målet er å ta smarte val som gir betre avkastning enn den indeksen fondet samanliknast med.
Sjå også:
Plassering i fond for bedrifter
Oversikt over alle fond vi tilbyr
Sjå også
Her finn du alt du treng for å komme i gang med aksjehandel.
Sett til side pengar bedrifta har til overs, men som du vil ha lett tilgjengeleg.
Plasseringskonto Pluss gir gode rentevilkår på større beløp.
Spar i fond med berekraftige investeringar.
Kort om avkasting
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnader ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.