Avvikling av bedrifta
Det kan vere mange grunnar til å legge ned bedrifta. Men også mykje å tenke på når avviklinga blir eit faktum.
Det kan vere mange grunnar til å legge ned bedrifta. Men også mykje å tenke på når avviklinga blir eit faktum.
Om du ikkje lenger er innstilt på å drive bedrifta, og vil eller får til å selje, vil det vere rett å avvikle.
Viss bedrifta ikkje drivast vidare, og du heller ikkje melder oppbud vil du framleis måtte levere lovpålagde oppgåver og skjema. Det lønner seg altså ikkje å berre legge drifta på is.
Å legge ned bedrifta må gjerast i to trinn.
1. Generalforsamlinga må vedta at bedrifta blir oppløyst. Dette protokollførast og sendast til Foretaksregisteret i ei Samordna registermelding, minimum 6 veker før bedrifta formelt kan avviklast.
Desse 6 vekene (eller meir) kallast avviklingsperioden. No kan du førebu avviklinga.
2. Endeleg sletting av bedrifta skjer ved at generalforsamlinga besluttar sletting av bedrifta, godkjenner sluttrekneskapet og sender inn protokoll i ei ny Samordna registermelding.
Å avvikle ei bedrift krev ein del papirarbeid. Her er det du må hugse å gjere før bedrifta kan bli endeleg sletta.
Om du ikkje hadde det frå før, må du no få full oversikt over bedrifta sin økonomiske situasjon.
Du må setje opp balanse og gi beskjed til kreditorar at bedrifta blir avvikla. Deretter er det på tide å gjere opp for seg. Om nødvendig ved å selje unna eigedelar først.
Har bedrifta tilsette? Dersom det framleis er registrerte tilsette i avviklingsperioden, må dei få ein registrert sluttdato gjennom a-meldinga.
Bedrifta må levere ei siste mva-melding (dersom det er mva-pliktig).
Etter at du har meldt frå om avviklinga, vil du få brev frå Skatteetaten om kva termin som blir den siste du skal levere.
Bedrifta må også levere ei skattemelding så snart overskotet eller underskotet for avslutningsåret er klart, slik at eventuell skatt kan betalast før selskapet blir sletta. I dette tilfellet skal du sjå vekk frå den ordinære fristen i mai.
Er bedrifta eit AS, må ei siste aksjonærregisteroppgåve leverast samtidig med skattemeldinga.
Eit siste avviklingsrekneskap må utførast og godkjennast av revisor om bedrifta er pliktig til det.
Sit du igjen med eit overskot? Då kan dette delast ut til aksjonærane, men tidlegast seks veker etter kunngjeringa av avviklinga.
For å kunne avvikle ei bedrift må du ha nok eigedeler til å dekke forpliktingane.
Har du ikkje nok til å kunne gjennomføre avvikling må du melde oppbud, som er det same som å slå bedrifta konkurs.
Er du i tvil om kva som blir kravd i din situasjon bør du søke økonomisk eller juridisk bistand.
Du kan avslutte kundeforholdet ved å klikke på knappen nedanfor. Fyll ut skjemaet og huk av for at du skal avslutte heile kundeforholdet. Den som har signaturrett får tilsendt dokument for avslutning av kundeforhold som må signerast elektronisk.
Hugs å hente ut bilag, som kontoutskrifter eller inn- og utbetalingar før du avsluttar ein konto. Desse har du ikkje tilgang til sjølv, etter at kundeforholdet er avslutta.
Viss det er ein skattetrekkskonto med pengar på konto, må du først kontakte Skatteetaten for å få frigitt pengane, før du kan avslutte kontoen, og kundeforholdet.
Har du ein depositumkonto som også skal avsluttast gjeld eigne reglar.
Du kan avslutte kontoar i nettbanken (ikkje depositumskonto). Slik gjer du det: I kontooversikta, klikk på kontoen det gjeld og finn Avslutt konto nede til høgre.
Er du ikkje administrator kan avslutte konto ved å fylle ut skjemaet nedanfor. Den som har signaturrett får tilsendt dokument som må signerast før kontoen avsluttast.
Sjå eigne reglar for å avslutte depositumskonto.