Slik kjem du i gang med berekraftsarbeidet
Finn ut kva grep du kan ta for å lukkast med berekraftsarbeidet i di bedrift.
Finn ut kva grep du kan ta for å lukkast med berekraftsarbeidet i di bedrift.
Når du har ein grei forståing om kva omgrepet «berekraft» inneber og kva dette betyr for di bedrift, er det på tide å kome i gang med den kjekke delen!
Sett av tid og jobb deg gjennom stega nedanfor.
Dette arbeidet kan du anten setje i gang med åleine, eller du kan ta med deg nokre gode kollegaer allereie frå starten av. Det viktigaste er at du sørger for å setje av rikeleg med tid til å verkeleg fokusere på det de skal gjere, og å gjere jobben så skikkeleg som mogleg.
Når du er klar til å setje i gang, jobb deg gjennom stega, så kan vi love deg at du ender opp med eit godt grunnlag for berekraftsarbeidet i bedrifta.
Lykke til!
Først og fremst, finn ut kva lovkrav og forventningar bedrifta må forhalde seg til, og kva bedrifta bør forhalde seg til.
Det kan vere greit å allereie frå starten av danne seg eit bilete over kva bedrifta faktisk er nøyd til å rapportere på og forhalde seg til.
Kva forventast og kva krav stiller styresmakter, kundar og partnerar? Dette kan vere ulikt for kvar bedrift, men er viktig å få kartlagt så tidleg som mogleg i prosessen.
Ein god stad å starte er å setje deg inn i CSRD og kva dette betyr for di bedrift.
Teikn opp bedrifta:
Utforsk og teikn opp bedrifta sine omgjevnader:
Involver interessentar:
Andre ting:
Denne prosessen er kjernen i berekraftsarbeidet. Dette er ei øving du bør gjenta med jamne mellomrom, og hugs at det er ok å justere og legge til nye ting etter kvart som du lærer meir.
Finn ut kor du trur de har mest positiv og negativ påverknad:
Denne prosessen, kalla enkel vesentlegheitsanalyse, er nøkkelen til berekraftsarbeidet og bør gjentakast regelmessig.
Få også konkrete data på eiga påverknad, for eksempel gjennom CO2-utslepp tilknytta eiga verksemd. Utan å ha tal på eige klimaarbeid, er det vanskeleg å kunne dokumentere forandring. Her kan eit klimareknskap vere eit godt verktøy.
Du kan også gjere ein dobbel vesentlegheitsanalyse:
Du må då ikkje berre sjå på korleis di verksemd påverkar omgivnadene, men også motsett veg, dvs. kartlegge korleis verksemda blir påverka av sine omgjevnader. Det er her mykje av risikoen for verksemdene ligg. Kva skjer til dømes når fisken forsvinn, havet stig, uvêret aukar, eller naturmangfaldet endrar seg? Kva konsekvensar (både moglegheiter og risikoar) inneber dette for verksemda?
Prioriter påverknaden:
Ta for deg kvar påverknad frå førre punkt, så spør du deg sjølv tre spørsmål:
Etter denne øvinga har du ei prioritering mellom temaene du sannsynlegvis har størst positiv og negativ påverknad på. Då er den enkle oppskrifta:
Eit god råd i denne prosessen er å ikkje gape over for mykje.
Når du har funne dei viktigaste temaene for di bedrift (og din bransje) er det lurt å lage nokre retningslinjer (Code of Conduct).
Dersom bransjen du er i har stor risiko for sosial dumping, lag retningslinjer for kva du meiner om det og korleis du skal unngå det. Det same innan miljø, klima eller økonomisk kriminalitet. Kva er lovene på området? Kva er dei internasjonale konvensjonane?
Er verksemda di rapporteringspliktig i samsvar med CSRD, eller du veit at bedrifta snart vil bli det bør du også setje deg inn i kva krav som gjeld for policyar og styringsdokument.
Lag gode retningslinjer som er lette å forstå:
Lag ein handlingsplan:
Ingen kan gjere alt, alle kan gjere noko.
Kanskje kjem de fram til at sertifiseringar kan vere løysinga? Dette kan du lese meir om under "Nyttige verktøy" lengre nede på sida.
Forankre:
Det er dei som eig ansvaret som må eige måla. Som regel er det her skoen trykker når ein skal implementere berekraft i ein bedrift.
Det blir stadig viktigare å jobbe systematisk, dokumentere og kommunisere korleis ein jobbar med berekraft. Berekraftsrapporteringa hjelper deg å setje mål, prioritere og kommunisere opent og ærleg om eigne prestasjonar.
Det finst både lovpålagde og frivillige standardar og rammeverk for rapporteringa. Regelverket er framleis under utarbeiding i både Europa og Norge rundt kva krav som blir stilt og kven som blir påverka. Det vil vere smart av bedrifta å følge litt ekstra godt med på kva krav som treff dei, direkte eller indirekte.
Det finst utallige verktøy som kan vere nyttige i berekraftsarbeidet for di bedrift. Her har vi samla dei viktigaste.
Du bør kjenne til FNs rettleiande prinsipp om næringsliv og menneskerettar, eller UNGP (UN Guidelines for Business and Human Rights).
Prinsippa fortel deg heilt konkret korleis du som bedrift skal forhalde deg til menneskerettane som næringslivsaktør.
Det er også laga ein norsk handlingsplan, og der er bedriftene sitt ansvar omtalt over 10 lettleste sider. Dei bør lesast av alle.
OECDs retningslinjer for fleirnasjonale selskap er eit internasjonalt anerkjent rammeverk som fremjar ansvarleg næringsliv. Desse retningslinjene oppfordrar bedrifter til å respektere menneskerettar, arbeidarrrettar og miljø, og motarbeide korrupsjon.
OECD samarbeider med sivilsamfunn, fagforeiningar, styresmakter og næringsliv for å utarbeide informasjonsmateriell og rettleiarar tilpassa forskjellege bransjar. Norges kontaktpunkt har forenkla og omsett fleire av desse rettleiarane, inkludert ein guide for aktsemdvurderingar, som er enkel å følge gjennom seks trinn. Norske styresmakter forventar at alle bedrifter kjenner til og følger desse retningslinjene.
OECD har òg utvikla Ansvarlegheitskompasset, som er eit verktøy bedrifta kan bruke for å få eit oversiktsbilde over i kor stor grad retningslinjene blir følgde.
Dersom du tenker at bedrifta du jobbar i vil ha nytte av å melde seg inn i eit nettverk eller ein organisasjon på berekraftsfeltet, bør du vurdere FNs Global Compact. Dette er verda sitt største initiativ for eit berekraftig og ansvarleg næringsliv.
Som norsk bedrift melder du deg inn i det norske nettverket. Der kjem du i kontakt med andre bedrifter som jobbar med berekraft, du får tilgang til seminar og ulike grupper som initiativ som kan vere aktuelle.
Global Compact har òg ei rekke ulike verktøy og hjelpemiddel du kan bruke, som du finn ope tilgjengeleg på heimesida.
Skift er eit næringslivsdrevet klimainitiativ i Norge for bedrifter med ambisiøse berekraftsmål.
Det finst i hovudsak to typar sertifiseringar: sertifisering av drifta dykkar, og sertifiseringar av produkta dykkar. Det finst sertifiseringar innan alle delar av berekraftsbegrepet. Så dersom de for eksempel har stor miljø- og klimapåverknad frå drifta dykkar, så er miljøsertifisering av drifta eit veldig viktig verkemiddel for å redusere den påverknaden.
For ein oversikt over dei mest brukte sertifiseringane i Norge, sjå Forbrukarrådet si merkeoversikt.
Det manglar ikkje på rammeverk og forkortingar ein bør kjenne til når ein skal arbeide med berekraft. Her er dei viktigaste.
Og lurer du på kva alle forkortingane eigentleg står for?
FNs berekraftsmål
Du må kjenne til FNs berekraftsmål, som ofte blir forkorta SDG på grunn av den engelske nemninga «Sustainable Development Goals».
Parisavtalen og andre viktige miljøavtalar
Det er viktig å kjenne til det globale miljø- og klimaarbeidet. Om den første miljøkonferansen i 1972. Brundtland-kommisjonen frå 1987, og Rio-konferansen frå 1992. Det er fint å ha høyrt om Konvensjonen om biologisk mangfald, Klimakonvensjonen og kva COP er. Og til sist: COP 21 i Paris i 2015, der Parisavtalen ble vedteken.
Det er også fint å vite at Norge har ei Klimalov, vedteken i 2017 og at det er forskjell på kvote- og ikkje-kvotepliktig sektor. For Norge sin del kan det vere fint å også kjenne til "Klimakur 2030", der offentlege aktørar har utgreia ulike tiltak og verkemiddel som kan gi minst 50 prosent reduksjon i ikkje-kvotepliktige utslepp i 2030. Og til sist regjeringa si Klimaplan 2021-2030.
Corporate Sustainability Reporting Directive (CSRD) er EUs nye regelverk for berekraftrapportering, og dekker både miljø, sosiale forhold og verksemdsstyring.
Målet med CSRD er å gjere berekraftsinformasjon frå bedrifter meir open, samanliknbar og påliteleg. Ein ønsker å forhindre grønvasking og gjere berekraft til ein integrert del av bedrifta sin strategi og styring.
Per juli 2025 er regelverket framleis under utforming, og for dei fleste norske bedrifter vil det berre vere snakk om frivillig rapportering.
Menneskerettar
Menneskerettane er ein viktig del av arbeidet med sosial berekraft. Arbeidstakarrettane er ein sentral del av menneskerettigheitsregelverket, og er òg globale. Av desse bør du i det minste kjenne til ILOs kjernekonvensjonar. ILO står for International Labour Organisation.
FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar;
Eit rammeverk vedteke av FN i 2011 som beskriv korleis bedrifter skal forhalde seg til og respektere menneskerettane. Rammeverket omhandlar blant anna korleis bedrifter skal gjøre aktsemdvurderingar, både i eiga drift og elles i verdikjeden.
Openheitslova
Det blir eit aukeande tal lover og reglar på berekraftsfeltet, mellom anna Openheitslova, vedtatt i 2021, som set krav til bedrifters openheit om arbeid med menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.
OECDs retningslinjer
OECD utvikla prinsipp for ansvarleg næringsliv i 1976. Dette er forventningar om at selskap – uavhengig av størrelsar, kven som eig dei eller bransje – bidrar til berekraftig utvikling, og samtidig bidrar til å handtere og unngå negativ effekt som er forårsaka av eiga verksemd, leverandørkjeda eller forretningsforbindelsar.
Dette skal ein gjere gjennom å utføre aktsemdvurderingar for ansvarleg næringsliv, både i eiga drift og verdikjede. OECD har også ulike rettleiarar for ulike bransjar.
Klimarisiko er den fysiske risikoen som kjem av eit endra klima, og risikoen som overgangen til eit lågutsleppsamfunn skapar, i form av endra etterspørsel, teknologisk utvikling og regulatoriske krav.
TCFD er forkorting for Task Force on Climate-related Financial Disclosures, eit rammeverk som hjelper bedrifter å rekne ut og rapportere om hvilke risiko klimaendringane representar for bedrifta.
EU la i 2019 fram The European Green Deal, som på norsk kallast EUs grønne giv. Målet er å gjere Europa til den første klimanøytrale regionen i verda innan 2050 og er òg eit viktig verkemiddel for å oppnå FNs Berekraftsmål.
Ein viktig del av Green Deal er handlingsplanen for berekraftig finans. Formålet er å bruke «alle verktøy i verktøykassa» for å flytte pengar frå ikkje-berekraftige aktivitetar, til berekraftige aktivitetar. For å bestemme kva som er ei berekraftig aktivitet har EU laga eit klassifiseringssystem, på engelsk kalla «taxonomy», og derfor ofte på norsk kalla «taksonomien».
Berekraftsarbeid er ikkje veldedighet
Det handlar ikkje om å gi pengar til ein barneheim eller støtte ein innsamlingskampanje. Sjølvsagt er det viktig at bedrifter bruker av overskotet sitt til å støtte gode føremål. Men det er ikkje berekraftsarbeid. Grunnen til det er fordi det ikkje handlar om bedrifta si verksemd. Det handlar ikkje om å forsterke den positive påverknaden eller redusere den negative.
Berekraftsarbeid kan ha heilt feil fokus
Medieinteresse rundt eit tema eller interesseorganisasjonars merksemd og fokus på eit spesielt område, kan få bedrifter til å jobbe med heilt andre berekraftstema enn dei burde. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko. Fokuser på dei områda som blir identifiserte i analysen dykkkar, og jobb godt med desse.
Lureri og grønvasking
Det er heldigvis eit fåtal bedrifter som beviss lurer kundar, men skjønnmaling og uvitenheit er meir vanleg. Mange har nok litt feil fokus i berekraftsarbeidet, og det er ikkje uvanleg at bedrifter tenker meir på kortsiktig inntening enn kva tiltak som gir den beste berekraftige påverknaden.
Det blir stilt stadig fleire krav til at bedrifter skal dokumentere sitt berekraftsarbeid. Sjå kva dette betyr for bedrifta