Den gode nyheita
Dei som bekymrar seg er ofte dei som planlegg nøye, er meir nøktern på pengebruk, og set seg litt ekstra inn i ting før dei går i gang. Alt dette er positivt for gründerlivet.
Dei som bekymrar seg er ofte dei som planlegg nøye, er meir nøktern på pengebruk, og set seg litt ekstra inn i ting før dei går i gang. Alt dette er positivt for gründerlivet.
Det å starte bedrift inneber risiko. Men det betyr ikkje at du må risikere alt du eig.
Kor stor personlig risiko du tar, avhenger blant anna av selskapsform, kor mykje pengar du satsar og kva forpliktingar du inngår.
Du treng ikkje satse huset for å satse på ein idé.
Gjer det litt tryggare ved å:
Kor mykje det kostar å starte, kjem heilt an på kva du skal gjere. Nokre bedrifter krev lokaler, utstyr eller varer før den første kunden kjem. Andre kan byrje med ganske lite.
Du treng heller ikkje starte neste månad. Kanskje planen din er å spare opp ein buffer og starte om eitt år, eller tre? Kanskje du held på jobben og prøver deg forsiktig ved sidan av først? Dei fleste kan spare til hus eller ein ferie, men det går òg an å spare seg til bedrift.
Snakk med nokon som alt driv i same bransje og spør kva dei faktisk trengte for å komme i gong. Ein rekneskapsførar eller rådgivar i banken kan òg hjelpe deg med å sjå på reknestykket før du bestemmer deg.
Kort oppsummert:
Har du ikkje fast inntekt i tillegg til det du får frå oppstartsbedrifta? Då bør du på førehand spare nok til å dekke eiga lønn i minimum 6 månader.
Å starte noko eige krev som regel både tid og innsats. Særleg i starten kan det vere periodar der du jobbar meir enn du er vant til. Men du treng ikkje gjere alt aleine.
Tenk tidleg på kven du treng på laget ditt. Kanskje partner, familie og venner stiller opp med ekstra barnepass, dugnadstimar eller berre litt sparring om drifta.
Kanskje treng du ein forretningspartner eller rådgivar som er god på det du sjølv ikkje kan – eller rett og slett nokon å dele ansvar og beslutningar med.
Ein god rekneskapsførar kan hjelpe deg med å rigge bedrifta smart frå starten, slik at økonomi, system og rutinar flyter utan å ete opp unødvendig mykje av arbeidsdagen.
Målet er ikkje å gjere absolutt alt sjølv. Det er å bruke mest mogleg av tida og kreftene dine på det du er god på og det som skaper verdi for bedrifta.
Kort oppsummert:
Det er ikkje garantert at du lykkast. Og om det går skeis har du lært mykje som kan hjelpe deg i neste forsøk.
Du lærer om kundane dine, økonomi og sal – men også om deg sjølv, kva du er god på og kva du ville gjort annleis neste gong. Den kunnskapen forsvinn ikkje sjølv om den første planen gjer det.
Så tenk byggeklossar. Du treng ikkje bygge heile huset med ein gong. Start med ein solid grunnmur, og legg stein på stein etter kvart som du ser kva som fungerer.
Det fine er at du ikkje treng å vite kor stort dette skal bli allereie no. Du kan bygge, lære og ta den neste beslutninga når du veit litt meir.
Kort oppsummert:
Det å skulle bli leiar er eit stort steg. Men du treng ikkje vere ein ferdig utlært leiar den dagen du startar bedrifta. Du kan vokse inn i rolla, akkurat som du vokser inn i resten av det å drive for deg sjølv.
Viss verksemda veks og du får tilsette, trenger du heller ikkje plutseleg kunne alt om arbeidsavtalar, sjukefråvær og alle reglane som følger med arbeidsgivaransvaret. Og du trenger heller ikkje tilsette ein eigen HR-ressurs heilt til å byrje med.
Det finst HR-tenester du kan kjøpe når du treng dei – enten det er hjelp med ein konkret situasjon eller støtte over tid. Då kan du få nokon å støtte deg på i arbeidsgivarrollen, utan at du må ha all kompetansen i eige hus.
Ein del av det å vere ein god leiar er trass alt ikkje å kunne alt sjølv. Det er å vite kva du er god på, kva du treng å lære – og når det er lurt å hente inn nokon som kan meir enn deg.
kort oppsummert:
Du treng heldigvis ikkje kunne rekneskap, skatt, kontraktar, betalingsløysingar, logistikk, transport og berekraft. Noko kan gode system ta seg av. Og mykje kan du få hjelp til av mennesker som jobbar med dette kvar dag.
Vi kan hjelpe deg med det aller meste rundt det å starte og drive bedrift – frå økonomi og rekneskap til juss, HR, berekraft, skatt og andre praktiske spørsmål som dukkar opp undervegs. Og der du treng system, har vi løysingar som kan gjere alt frå fakturering og betaling, lønn, logistikk og varelager og alt anna til den daglege drifta enklare.
Det betyr ikkje at du skal overlate heile drifta til andre. Men du skal heller ikkje bruke kveldane på å bli ekspert på ting som andre allereie kan betre.
Etter kvart kjem du også til å kunne mykje meir sjølv. Tallene byrjar å gi meinig. Og det som verke komplisert før du har startet, blir etter kvart berre ein del av det å drifte.
Kort oppsummert:
Tryggleik er ikkje å la vere. Tryggleik er å vite kva du gjer. Fire grep som gjer oppstarten forutsigbar:
Du treng ikkje ha alt på plass før du begynner. Det viktigaste er å ta eitt steg om gongen, og skape oversikt undervegs.
Finn ut om ENK eller AS er rett for deg
Få fleire tips og råd til den første tida
Sjekk korleis du kan finansiere oppstarten.