Miljøforsikring
Miljøforsikring dekkjer det miljøansvaret bedrifta kan få etter naturmangfaldlova.
Miljøforsikring dekkjer det miljøansvaret bedrifta kan få etter naturmangfaldlova.
Miljøansvar dekker det ansvaret bedrifta har etter naturmangfaldlova, for å rydde opp etter forureining og gjenopprette det økologiske mangfaldet, på eigen og andre si grunn.
Oversikta er forenkla. Sjå vilkår for detaljar.
| Dekningar | ||
|---|---|---|
| Miljøansvar | Dekkes av Miljøansvar | |
| Juridisk bistand | Dekkes av Miljøansvar | |
Miljøansvar
Miljøansvar handlar om å ta ansvar for miljøet, ved å begrense endringar av økosystem, reduksjon av naturressursane og biologisk mangfald. Ved uhell og uvér kan bedrifta få eit miljøansvar i form av krav om opprydning og gjenoppretting, etter naturmangfoldlova.
Miljøskade og forureining
Miljøskade i denne samanhengen er menneskeleg påverknad på naturmiljøet, gjennom forureining. Forureining er her definert som tilførsle av fast stoff, væske eller gass til luft, vatn eller i grunnen som elles kan vere til skade eller ulempe for miljøet.
Ein lastebil køyrer av vegen og det lek store mengder diesel og olje ut i ei elv. Ulykka skader det biologiske mangfaldet i elva. Dette ansvaret er dekka av miljøforsikringa.
Erstatningsansvar som krevst etter naturmangfoldlova blir ikkje dekka gjennom vanlege ansvarsforsikringar. Bedriftsansvarsforsikringa dekkjer kun skade på andre sine gjenstandar eller personar grunna plutseleg og uforutsett forureining. Bedriftsansvarsforsikringane dekkjer ikkje skadar på eigne ting eller eigen eigedom. Miljøansvarsforsikringane derimot dekkjer også skadar på eigen grunn.
Naturmangfaldlova er ei lov som har som mål å beskytte og bevare natur, landskap og biologisk mangfald i Norge for komande generasjonar. Lova regulerer også korleis naturmangfaldet skal forvaltast og korleis det skal nyttast.
I henhald til denne lova kan ei verksemd bli halde ansvarleg for miljøskadar, anten den kan klandrast eller ikke. Bedrifta kan dessutan bli ansvarleg viss den ikkje i tilstrekkeleg grad har prøvd å unngå ein skade. Ved ein skade kan bedrifta bli pålagd å betale for opprydding, i tillegg til kostnadane med å tilbakeføre naturen slik den var før skaden.
Har du allereie miljøforsikring hjå oss, må du logge inn og laste ned vilkåra som gjeld for bedrifta di.
Nedanfor kan du laste ned standardvilkåra som er utgangspunktet, om du kjøper forsikring i dag. Det er viktig å vite at du får skreddarsydd forsikringsavtalen og vilkåra etter behova til bedrifta.
Produktansvar er eit rettsleg erstatningsansvar som følgjer produktansvarslova. Produktansvaret gjeld for deg som produserer, importerer, marknadsfører, omarbeider eller set ditt namn på eit fysisk produkt. I denne rolla ber du ansvaret viss ein tryggingsmangel eller svikt ved produktet forårsakar ein skade på noko eller nokon.
Det at produktansvaret er eit rettsleg erstatningsansvar, vil også bety at det er ein økonomisk risiko for bedrifter som omfattast av ansvaret. Produktansvarsforsikringa er derfor ei veldig viktig forsikring for bedrifter som produserer og/eller sel produkt.
Kven er ansvarleg som «produsent» etter produktansvarslova?
Ein produsent er ansvarleg for eit produkt etter produktansvarslova viss dei fell inn under ein av følgjande kategoriar:
Teksten over er henta frå lovdata.no og forenkla med hjelp frå ChatGPT. For fullstendig og nøyaktig lovtekst, sjå produktansvarslova på lovdata.no.
I ei kantine på eit hotell blei det servert lunsj til ei gruppe handverkarar som var der på seminar. Kantina hadde laga omelett med grasløk, og det viste seg at grasløken inneheldt salmonella.
Fleire av handverkarane blei sjuke og kunne ikkje jobbe i ein lengre periode. Handverkarane tilhøyrde eit firma som tapte mykje pengar då dei ikkje hadde tilsette til å gjennomføre arbeidet som planlagt. Produktansvarsforsikringa til hotellet dekte det økonomiske tapet til handverkarbedrifta.
Arbeidsgjevaransvaret er eit lovfesta ansvar som følger av skadeserstatningslova § 2-1. Arbeidsgjevar vil som følge av dette alltid, uavhengig av skuld, vere ansvarleg for tilsette sine uaktsame handlingar eller unnlatelsar. Dette betyr at viss ein tilsett som utfører arbeid, forårsakar ein skade på en tredjepart, så pliktar arbeidsgjevar å erstatte tredjeparten sitt økonomiske tap, uavhengig av om arbeidsgjevar kan klandrast for at skaden oppstod.
Arbeidsgjevaransvaret er svært praktisk for den som blir påført ein skade, fordi eit erstatningskrav kan rettast direkte mot arbeidsgjevaren.
Viss ei bedrift har ansvarsforsikring så kan forsikringa dekke bedrifta sitt arbeidsgjevaransvar. Det vil seie at dersom ein tilsett forårsakar ein skade (uaktsamt) så kan forsikringa dekke skaden.
Sjå også:
Ein tvist er ei usemje eller ein konflikt mellom to eller fleire partar, som oftast er knytt til eit krav eller ein rett. Ein tvist oppstår i det eit krav blir nekta for.
Eit par eksempeler på tvistar kan vere:
Tvistar kan løysast på ulike måtar, enten gjennom dialog og forhandlingar, eller gjennom rettsapparatet.
Rettshjelpsforsikring
Har bedrifta rettshjelpsforsikring er de dekte for utgifter og kostnadar til å avklare ein tvist, uavhengig om dette føregår i rettsapparatet eller ikkje. Du får også tilsvarande rettshjelpeforsikring for privatpersonar.
Har du hatt uhell eller skade?
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt, Fremtind.