Hamnar du i ein tvist eller uenigheit, kan du ha krav på å få dekka utgifter til juridisk bistand. Her forklarer vi kva rettshjelp og rettshjelpsforsikring er, og kvifor det kan løne seg å bruke våre samarbeidspartnarar.
Rettshjelpsforsikring er ein refusjonsordning som blant anna dekker kostnader til mekling, advokat og rettsgebyr når du er part i ein tvist, om det som er forsikra. Rettshjelpsforsikring er inkludert i mange av skadeforsikringane våre.
Mekling – utan eigenandel
Mekling er hjelp frå ein nøytral tredjepart, og målet er å kome fram til ei løysing i ein tvist/uenigheit utan å gå til retten. Vi samarbeider med Mekle.no, som tilbyr profesjonell mekling digitalt. Ordninga er frivillig, og du kan avslutte når du vil. Vel du mekling gjennom Mekle.no, betaler du ingen eigenandel.
Fører ikkje meklinga fram, og du treng advokat, betalar du ein fast eigenandel og 20 prosent av advokatutgiftene. Vel du eit av advokatfirma som vi har avtale med, blir eigenandelen halvert.
Har eg rettshjelpsforsikring?
Du har rettshjelpsforsikring inkludert mellom anna i følgande forsikringar:
Rettshjelpsforsikring er også inkludert i fleire forsikringar. Det vil stå i forsikringsbeviset og vilkåret for den aktuelle forsikringa.
Kva slags tvistar er dekt?
Rettshjelpsforsikringa erstattar inntil 100.000 kroner per tvist. Dette gjeld også om det er fleire partar på same side i saka. Rettshjelpsforsikring kan dekke tvistar og ueinigheit innanfor ei rekke område som mellom anna:
Kjøp og sal (eigarskifte) av bil, campingvogn og båt
Kjøp og sal (eigarskifte) av hus, leilegheit og hytte
Eg er usikker på om eg er dekt? Når du kontaktar Mekle eller eit advokatfirma pliktar advokaten/meklaren å opplyse deg om moglegheitene dine for å få dekt advokatutgiftene av offentleg rettshjelp eller rettshjelpsforsikringa før de startar på saka. Advokaten vil også hjelpe til med opplysningar om timespris og din eigenandel.
Kva er ein tvist? Ein tvist er i dette tilfellet ei usemje mellom to eller fleire partar. Ein tvist er eit krav som er heilt eller delvis avvist. Til dømes: Du sender ein e-post til naboen med krav om at verandaen deira må fjernast, då den er oppført for nært tomtegrensa di. Frå det tidspunktet du får avslag på dette kravet, og at dette er dokumentert har det ifølge forsikringsvilkåra oppstått ein tvist.
Korleis går eg fram?
Du vel sjølv kva advokat du vil nytte. Vi har avtale med nokre advokatar, som sikrar deg god kvalitet til gunstig pris. Hugs å oppgi at du er kunde hos oss. Vi veit først om dine utgifter til advokat vert erstatta når vi har motteke ein søknad frå deg eller advokaten du brukar.
Eg har juridiske spørsmål Verken vi i banken eller forsikringsselskapet vårt Fremtind tilbyr juridisk bistand eller svar på juridiske spørsmål. Har du juridiske spørsmål kan du kontakte Mekle på telefon 940 02 060 eller post@mekle.no for gratis rettleiing med ein av juristane deira.
Dette tilbodet er tilgjengeleg og gratis uavhengig av om mekling er aktuelt i di sak, og du treng heller ikkje ha meldt inn sak eller fått innvilga dekning hos Fremtind før du tar kontakt.
Fremtind Forsikring har avtalar med fleire advokatfirma for å sikre deg god kvalitet til lågare timepris og eigenandel. Dette er kun eit tilbod, du vel sjølv advokat i saka.
Ein tvist er ei usemje eller ein konflikt mellom to eller fleire partar, som oftast er knytt til eit krav eller ein rett. Ein tvist oppstår i det eit krav blir nekta for.
Eit par eksempeler på tvistar kan vere:
Du leiger ut deler av lokalet ditt til eit anna firma. Etter ein periode ønsker du å auke leiga. Leigetakar motset seg dette.
Du tar oppdraget om å bygge ein veranda for ein kunde, og de blir samde om ein pris på 75.000 kroner. Etter oppdraget er utført nektar kunden å betala meir enn 40.000 kroner.
Tvistar kan løysast på ulike måtar, enten gjennom dialog og forhandlingar, eller gjennom rettsapparatet.
Vi tilbyr to forskjellege husforsikringar; standard og topp. Begge desse inkluderer ei ansvarsforsikring som dekker ditt rettslege erstatningsansvar (kalla huseigaransvaret) ved skade på andre personar eller ting på eigedommen din. Huseigaransvaret inneber at du som huseigar kan bli ansvarleg ved for eksempel at:
Snø og is rasar ned frå taket ditt og treff ein person som blir skada.
Trefelling i hagen din fører til skade på naboen sin båt.
Har det skjedd ein skade?
Ansvarsforsikringa dekker mykje, men den dekker ikkje alt. Det betyr blant anna at viss du ikkje er juridisk erstatningsansvarleg etter ein skade, så dekker heller ikkje forsikringa kravet frå den andre parten.
I alle innbuforsikringane våre er det inkludert ein privat ansvarsforsikring (kalla privatansvar). Denne dekninga kan gjelde viss du eller andre i husstanden får eit rettsleg erstatningsansvar for skade (innanfor Norden). Ansvarsforsikring kan for eksempel dekke ansvarsskade viss:
Barnet ditt skader naboen sin bil*.
Du syklar* til jobb, og bulkar borti ein bil.
Det er vind, og trampolina di bles inn i naboen sitt hus.
Hunden din angrip ein annan hund i parken.
Du lastar inn i bilen frå ei handlevogn, men slepp den og den triller inn i ein annan bil.
Du køyrer inn i eit butikkvindauge med ein elektriske rullestol.
Du køyrer ein liten båt* og skrapar opp ein annan båt.
Har det skjedd ein ansvarsskade? Ansvarsforsikringa dekker mykje, men den dekker ikkje alt. Det betyr blant anna at viss du ikkje er juridisk erstatningsansvarleg etter ein skade, så dekkar heller ikkje forsikringa kravet frå den andre parten.
Det er òg nokre andre unntak i ansvarsdekninga. Blant anna er du ikkje dekka for ansvar for skader:
på ting du har leigd eller lånt. Viss du for eksempel skader hytta familien har leigd for ferien.
ovanfor eigen familien eller noko som høyrer til ein i nær familie. For eksempel om barnet ditt syklar og skader svigermor sin bil.
ved bruk av motorkjøretøy (men unntak av nokre mindre kjøretøy).
på noko eller nokon utanfor Norden, men då gjeld ansvarsforsikringa i reiseforsikringa.
*Det skal veldig mykje til før barn under 12 år blir erstatningsansvarlege. Sykkel inkluderer både el-sykkel og vanleg sykkel. Båtar inntil 14 fot og 10 hk.
Både i heilårs reiseforsikringa og i reiseforsikringa i kredittkortet inngår det ein ansvarsforsikring (privatansvar). Denne dekninga kan gjelde om du eller andre i reisefølget ditt får rettsleg erstatningsansvar etter ei skade. Er du ute på reise inneber det at du for eksempel kan bli ansvarleg når:
Du leiger ein sykkel og skrapar opp ein bil når du skal sykle forbi.
Du surfar med surfebrett på ein person som blir skada.
Du får eit erstatningskrav etter ei skiulykke i alpane.
Du får eit krav frå hotellet etter at du velta og øydela ein statue i lobbyen.
Har det skjedd ei skade?
Ansvarsforsikringa dekker mykje, men den dekker ikkje alt. Det betyr mellom anna at om du ikkje er juridisk erstatningsansvarleg etter ein skade, så dekker heller ikkje forsikringa kravet frå den andre parten.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}