Rettshjelpsforsikring for bedrifter
Rettshjelpsforsikring dekkjer kostnadar til sjølvvalt advokat dersom bedrifta blir del av ein tvist – anten de går til krav mot nokon eller mottek eit krav.
Rettshjelpsforsikring dekkjer kostnadar til sjølvvalt advokat dersom bedrifta blir del av ein tvist – anten de går til krav mot nokon eller mottek eit krav.
Juridisk bistand er inkludert i alle våre ansvarsforsikringar. Dette inneber at dersom du mottek eit erstatningskrav i ei skadesak, så vil Fremtind bistå med juridisk hjelp til avklaringar og vurdering av storleiken på kravet som er retta. Les meir om juridisk bistand.
Rettshjelpforsikring er ei eiga forsikring som kan dekkje kostnadar til ein sjølvvald ekstern advokat for bistand i ein rettsleg tvist der bedrifta er part.
Forsikringa dekker utgifter og kostnader til å avklare ein tvist, uavhengig om dette føregår i rettsapparatet eller ikkje.
Oversikta er forenkla. Sjå vilkår for detaljar.
Dekningar | ||
---|---|---|
Mekling | Dekkes av Rettshjelpsforsikring | |
Kostnader til advokat | Dekkes av Rettshjelpsforsikring | |
Utgifter til sakkyndige og vitner | Dekkes av Rettshjelpsforsikring |
For lettare å forstå korleis rettshjelpsforsikringa kan nyttast kan det vere greitt å gi nokre skadeeksempel der denne forsikringa har vore avgjerande for bedrifta.
Ei bedrift leige ut delar av lokalet sitt til ein anna firma og ønskjer å auke leiga. Leigetakar motset seg dette.
Snekkerbedrift AS tok på seg ansvaret med å bygge ny veranda for ein kunde, og etter befaring vart partane einige om ein pris på 75.000 kroner. Når oppdraget var utført oppstod det ein tvist om Snekkerbedrift AS eigentleg hadde levert som avtalt. Kunden nekta å betale meir enn 40.000 kroner, medan Snekkerbedrift AS meinte dei hadde levert som avtalt.
Harald Olsen hadde i fleire år drive med sal av bilar frå 1. etasje, i huset der han sjølv bur i 2. etasje. Huset hadde tidlegare vore ein matbutikk med leiligheit på toppen og låg i utkanten av eit byggjefelt. Harald Olsen bestemte seg for å utvide med ein utandørs sjølvbetent vaskeplass. Dette vart ein stor suksess, og frå kl. 07-21 kvar dag, var det fullt av kundar. Det oppstod ein tvist mellom Harald og naboane, som meinte dei ikkje kunne akseptere støy frå morgon til kveld, og at bilsjampo rann inn på tomta deira.
Har du allereie rettshjelpsforsikring hjå oss, må du logge inn og laste ned vilkåra som gjeld for bedrifta di.
Nedanfor kan du laste ned standardvilkåra som er utgangspunktet, om du kjøper forsikring i dag. Det er viktig å vite at du får skreddarsydd forsikringsavtalen og vilkåra etter behova til bedrifta.
Ein tvist er ei usemje eller ein konflikt mellom to eller fleire partar, som oftast er knytt til eit krav eller ein rett. Ein tvist oppstår i det eit krav blir nekta for.
Eit par eksempeler på tvistar kan vere:
Tvistar kan løysast på ulike måtar, enten gjennom dialog og forhandlingar, eller gjennom rettsapparatet.
Rettshjelpsforsikring
Har bedrifta rettshjelpsforsikring er de dekte for utgifter og kostnadar til å avklare ein tvist, uavhengig om dette føregår i rettsapparatet eller ikkje. Du får også tilsvarande rettshjelpeforsikring for privatpersonar.
Produktansvar er eit rettsleg erstatningsansvar som følgjer produktansvarslova. Produktansvaret gjeld for deg som produserer, importerer, marknadsfører, omarbeider eller set ditt namn på eit fysisk produkt. I denne rolla ber du ansvaret viss ein tryggingsmangel eller svikt ved produktet forårsakar ein skade på noko eller nokon.
Det at produktansvaret er eit rettsleg erstatningsansvar, vil også bety at det er ein økonomisk risiko for bedrifter som omfattast av ansvaret. Produktansvarsforsikringa er derfor ei veldig viktig forsikring for bedrifter som produserer og/eller sel produkt.
Kven er ansvarleg som «produsent» etter produktansvarslova?
Ein produsent er ansvarleg for eit produkt etter produktansvarslova viss dei fell inn under ein av følgjande kategoriar:
Teksten over er henta frå lovdata.no og forenkla med hjelp frå ChatGPT. For fullstendig og nøyaktig lovtekst, sjå produktansvarslova på lovdata.no.
Produktansvar er aktuelt for alle som produserer, importerer, bearbeidar eller set sitt namn på eit produkt. Her ber du ansvaret dersom ein tryggleiksbrist eller svikt ved produktet forårsakar ein skade på noko eller nokon. Det vil seie at det er ein økonomisk risiko for bedrifta, og difor ein veldig viktig forsikring for bedrifter som omfattar ansvaret.
Arbeidsgjevaransvaret er eit lovfesta ansvar som følger av skadeserstatningslova § 2-1. Arbeidsgjevar vil som følge av dette alltid, uavhengig av skuld, vere ansvarleg for tilsette sine uaktsame handlingar eller unnlatelsar. Dette betyr at viss ein tilsett som utfører arbeid, forårsakar ein skade på en tredjepart, så pliktar arbeidsgjevar å erstatte tredjeparten sitt økonomiske tap, uavhengig av om arbeidsgjevar kan klandrast for at skaden oppstod.
Arbeidsgjevaransvaret er svært praktisk for den som blir påført ein skade, fordi eit erstatningskrav kan rettast direkte mot arbeidsgjevaren.
Viss ei bedrift har ansvarsforsikring så kan forsikringa dekke bedrifta sitt arbeidsgjevaransvar. Det vil seie at dersom ein tilsett forårsakar ein skade (uaktsamt) så kan forsikringa dekke skaden.
Sjå også:
Har du kome i ein tvist?
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind.