Kva er periodisering?

Periodisering vil seie å fordele inntekter og kostnader som bedrifta har hatt til riktig periode, slik at det gir eit mest mogleg riktig bilete av rekneskapen.

Illustrasjon av mann som forklarer periodisering på ei tavle

Kva kan periodiserast?

Alle bevegelsar i økonomien i bedrifta kan i utgangspunktet periodiserast. Dette kan vere inntekter, kostnader, eller lønn til dei tilsette. Poenget er at dei blir knytte til den tidsperioden som er mest naturleg, slik at rekneskapen til bedrifta blir så korrekt som mogleg.


Periodisering av inntekter

Dersom du har rekneskapsført ei inntekt på feil månad, i staden for der den eigentleg høyrer heime, kan du periodisere denne inntekta slik at rekneskapen blir riktig.

Eit døme på dette kan vere at bedrifta har fakturert for ein jobb heilt i starten av januar, som eigentleg tilhøyrer månaden før. Då kan denne periodiserast tilbake til desember slik at den hamnar på riktig rekneskapsår.

Hugs at det likevel ofte kan vere ei betre løysing å heller sende ein kreditnota, slik at mottakaren slepp å periodisere kostnaden i tillegg.


Periodisering av kostnader

Du skal alltid så langt det lèt seg gjere knytte kostnadene i rekneskapen til den tidsperioden dei faktisk gjeld. Då kan du periodisere desse for å gi eit riktig bilete av kvar kostnaden eigentleg høyrer heime i rekneskapen.

Eit døme på dette kan vere at bedrifta har ei stor utgift i januar som ikkje blir rekneskapsført før i februar, då vil det sjå ut som at januar har vore ein betre månad enn det i verkelegheita har vore. Du kan då velje å periodisere denne til januar for å få det meir korrekt.

Eit anna døme er at du betaler for leige av kontor for eit halvt år fram i tid, då ønsker du gjerne å periodisere denne med likt beløp kvar månad som leiga gjeld for, slik at dei månadlege kostnadene fordeler seg riktig i rekneskapen.


Periodisering av lønn

Lønn skal alltid følge kontantprinsippet, som betyr at det skal innrapporterast i a-meldinga og bokførast den månaden den faktisk blir utbetalt.

Bedrifta har likevel moglegheit til å periodisere lønnsutbetalingane tilbake til den månaden der lønna blei opptent, og ikkje utbetalt, viss dette er ønskeleg.

Korleis blir ein periodisering gjort? 

Det er vanlegast å periodisere kostnader, fordi alle bedrifter stort sett får ein faktura som gjeld for ein lengre periode enn den månaden fakturaen er datert. Eit grunnleggande rekneskapsprinsipp er at alle fakturaer skal bokførast på fakturadato, altså den datoen som står på fakturaen.

Når du periodiserar ein faktura legg du heile fakturaen i rekneskapen sin balanse som ei forskotsbetaling. Du bokfører det totale fakturabeløpet mot ein balansekonto for forskotsbetalte kostnader, og fordeler fakturabeløpet på dei periodane fakturaen gjeld for ved å auke kostnaden og redusere beløpet i balansen tilsvarande. Viss du har gjort det riktig vil beløpet gå i null ved slutten av perioden fakturaen gjeld for.

Viss du bruker eit rekneskapsprogram er det ofte ein automatisk funksjon for å periodisere, men det kan vere greitt å vite kva programmet gjer, slik at du får ei betre forståing for rekneskapen din. 

Døme 1:  

Du får ein faktura for pensjonsforsikring (OTP) som har fakturadato 01.06. og betalingsfrist 15.07. På fakturaen står det: Pensjonsforsikring 01.07.-31.07. I dette tilfellet vil det riktige rekneskapsmessig vere å periodisere fakturaen slik at den blir bokført i juli månad i staden for i juni. 
 

Dato Debet Kredit Skildring
01.06. 1742 Forskotsbetalt forsikring Leverandørreskontro Pensjonsforsikring for juli
01.07. 5945 Pensjonsforsikring 1742 Forskotsbetalt forsikring Periodisering av pensjonsforsikring
15.07. Leverandørreskontro 1920 Bankinnskot Betaling av pensjonsforsikring

Døme 2:

Du får ein husleigefaktura som er datert 01.01. med betalingsfrist 15.02. I skildringa til fakturaen står det Husleige 1. kvartal.

Dato Debet Kredit Skildring

01.01.

1700 Forskotsbetalt leigekostnad

Leverandørreskontro

Husleige 1. kvartal

01.01.

6300 Leige lokale

1700 Forskotsbetalt leigekostnad

Husleige januar (1/3 av kostnaden)

01.02.

6300 Leige lokale

1700 Forskotsbetalt leigekostnad

Husleige februar (1/3) av kostnaden)

01.03.

6300 Leige lokale

1700 Forskotsbetalt leigekostnad

Husleige mars (1/3) av kostnaden)

15.02.

Leverandørreskontro

1920 Bankinnskot

Betaling av husleige 1. kvartal

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }