Har du eige aksjeselskap, kjem du før eller sidan til spørsmålet: Skal du ta ut pengar som lønn eller utbytte?
Det korte svaret er at det kjem an på, men førstevalet er lønn.
Treng du pengane privat eller i selskapet?
Før du vurderer lønn eller utbyte, kan det vere lurt å sjå på planane du har for bedrifta. Skal du investere i vekst, tilsette fleire eller bygge opp ein økonomisk buffer? Då kan det vere smart å la meir av overskotet bli igjen i selskapet.
Har du derimot behov for pengar privat, må du vurdere korleis dei skal takast ut, og då er lønn og utbyte alternativa dine.
Når lønner det seg med lønn?
Lønn er førstevalet, og den naturlege betalinga for jobben du gjer. I tillegg har lønn nokre fordelar du ikkje får ved utbyte:
pensjonsopptening
sjukepengar
foreldrepengar
andre ytelsar frå folketrygden
For dei fleste gründere er det mest lønnsamt å ta ut lønn opp til 7,1 G, før skatterammene gjer det aktuelt å vurdere utbyte i tillegg til lønn.
Når kan det vere aktuelt med utbyte?
Utbytte er pengar som delast ut frå selskapets overskot til aksjonærane.
Utbytte gir ikkje opptening av pensjon eller grunnlag for sjukepengar. Skatt på utbyte som privatperson frå eige aksjeselskap er 37,84 % (2026).
Til gjengjeld kan det vere ein fleksibel måte å ta ut delar av overskotet på når selskapet går godt.
Pass deg for ei klassisk felle
Sjølv om du eig heile eller delar av bedrifta, kan du ikkje fritt overføre pengar frå bedrifta sin konto til din private konto, eller belaste firmakontoen med private utgifter.
Dersom du ønskjer å bruke overskotsmidlar privat, må uttaket skje som lønn eller utbyte. Uttak av pengar utanfor regelverket for lønn og utbyte, kan føre til betydeleg ekstra skatt for både deg og bedrifta.
Svaret avheng noko av kor mykje selskapet tener, kva du har tatt ut i lønn til no, og kva planar du har for selskapet vidare. Difor kan det vere lurt å sjå privatøkonomien og bedriftsøkonomien i samanheng før du bestemmer deg.
Våre rådgjevarar hjelp deg med å finne den løysinga som passar best for deg og di bedrift.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}