SpareBank 1 Sogn og Fjordane er opptatt av at alle skal ha like rettar. Vi ønsker å sikre at leverandørane våre har same fokus.
Krav til leverandørane våre
Krav til leverandørkjeden
SpareBank 1 Sogn og Fjordane forventar at leverandørar og samarbeidspartnarar respekterer grunnleggande krav til miljø, sosiale forhold og etisk forretningsverksemd.
For å kunne krevje dette av andre må vi også ha orden i eige hus. Som miljøfyrtårnsertifisert stiller vi strenge krav til oss sjølve.
Leverandørar og deira underleverandørar skal halde seg orientert om, og til ei kvar tid følge gjeldande krav i lov, forskrift eller andre offentlege pålegg som gjeld for leverandøren si verksemd og ansvarsområde. Leverandør er ansvarleg for å ha nødvendige konsesjonar og tillatelsar for å utøve si verksemd.
Bankens arbeid er forankra i styret og vert følgt opp av administrasjonen gjennom ulike ledd, der mellom anna innkjøpssjef og berekraftansvarleg er med i bankens vurdering av våre leverandørar og forretningsforbindelsar.
SpareBank 1 Sogn og Fjordane stiller desse krava innan klima og natur til våre leverandørar:
- Tiltak for å redusere negative effektar på helse og miljø i heile verdikjeda skal gjennomførast gjennom minimering av utslepp, fremme effektiv og berekraftig ressursbruk, inkludert energi og vatn og minimering av klimagassutslepp i produksjon og transport.
- I lokalmiljøet på produksjonsstaden skal det ikkje utnyttast ressursar på ein grådig, omsynslaus måte, med fare for at den brukast opp eller bli skada av forureining.
- Nasjonal og internasjonal miljølovgiving og- reguleringar skal overhaldast og relevante utsleppstillatelsar skal innhentast.
- Leverandørane skal ikkje nytte stoff med potensial for å gi alvorlege helseeffektar som kreft, mutasjonar og andre miljøskadelege stoff.
- Leverandørane skal i størst mogleg grad nytte produkt som kan gjenbrukas og har ei livssyklus med låg miljøpåverknad.
- Unødvendig emballasje skal avverjast.
SpareBank 1 Sogn og Fjordane stiller desse krava innan sosiale forhold til våre leverandørar, der vi har lagt vekt på ILO konvensjonen.
- Det skal ikkje førekomme noko form for tvangsarbeid, slavearbeid eller ufrivillig arbeid
- Arbeidarar skal ikkje måtte syne depositum eller identitetspapir til arbeidsgjevar, og skal fritt kunne avslutte arbeidsforholdet med rimeleg oppseiingstid.
- Arbeidarar skal utan unntak ha rett til å slutte seg til eller etablere fagforeiningar. Arbeidsgjevar skal ikkje blande seg inn i, hindre eller motarbeide fagorganisering eller kollektive forhandlingar.
- Fagforeiningsrepresentantar skal ikkje diskriminerast eller hindrast i å utføre sitt foreningsarbeid.
- Minstealder for arbeidarar skal ikkje vere mindre enn 15 år og i tråd medi) nasjonal minstealder for tilsetting, eller;ii) minstealder for obligatorisk skulegang, med høgaste alder som gjeldande.
- Dersom lokal minstealder er sett til 14 år i tråd med unntaket i ILO konvensjon 138, kan det aksepterast.
- Born under 18 år skal ikkje utføre arbeid som er til skade for helse, sikkerheit og/eller moral, inkludert nattarbeid.
- Det skal ikkje førekomme diskriminering når det gjeld tilsetting, avlønning, opplæring, forfremming, oppsigelse eller pensjonering basert på etnisk tilhøyr, kaste, religion, alder, nedsett arbeidsevne, kjønn, sivil status, seksuell legning, fagforeiningsarbeid eller politisk tilhøyr.
- Arbeidarar skal ha opplæring i helse og sikkerheit, og opplæringa skal dokumenterast.
- Arbeidarar skal ha tilgong til reine sanitærfasilitetar og reint drikkevatn.
- Løn til arbeidarar skal minst vere i tråd med nasjonale minstelønnsbestemmelsar.
- Arbeidarar skal ha minst éin fridag per 7 dagar.
- Arbeidstida skal vere i tråd med nasjonale lovar, og den skal ikkje overstige arbeidstid i samsvar med gjeldande internasjonale konvensjonar.
- Overtid skal vere avgrensa og frivilleg.
- Alle arbeidarar har krav på ei arbeidskontrakt på eit språk dei forstår.
SpareBank 1 Sogn og Fjordane stiller desse krava innan etisk forretningsverksemd til våre leverandørar:
- SpareBank 1 Sogn og Fjordane ønsker og forventar openheit frå leverandørar knytt til informasjon som omhandlar miljø, sosiale forhold og etisk forretningsverksemd.
- Leverandørar skal ta bestemt avstand frå kvitvasking og ta naudsynte førehandsreglar for å unngå at andre brukar leverandøren sine transaksjonar til å kvitvaske pengar.
- Gåver eller andre fordelar som kan oppfattast som bestikkingar skal ikkje vere tilbydd våre tilsette, og denne praksis skal heller ikkje aksepterast ovanfor eigne tilsette.
- Leverandørar skal aktivt sikre at SpareBank 1 Sogn og Fjordane ikkje blir medskuldig i korrupsjon. Leverandøren skal sikre at SpareBank 1 Sogn og Fjordane ikkje nyttar godt av utført korrupsjon bakover i verdikjeda. Leverandøren skal ikkje betale bestikkingar på vegne av SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
- Leverandørar bør ikkje ha handelspartnarar som har aktivitet i land som er pålagt handelsboikott av FN eller norske myndigheiter.
- Leverandørar skal etterleve lovar og reglar. SpareBank 1 Sogn og Fjordane sine leverandørar skal ikkje unndra skattar eller avgifter, og skal følge skattereglar og internasjonale konvensjonar i dei landa dei har verksemd.
- Leverandørar skal ikkje bryte konkurransereglar, eksempelvis knytt til ulovleg prissamarbeid og ulovleg marknadsdeling, eller andre handlingar som bryt med konkurranselovgiving.
- Vi kartlegg alle leverandørane våre. Denne kartlegginga vil lage eit grunnlag og premiss for å gjennomføre aktsemdsvurdering av våre leverandørar og forretningsforbindelsar. I kartlegginga blir det tydeleg for oss kven som skal følgast opp tettare.
- Til dei leverandørar og forretningsforbindelsar som gir høg risiko for brot på grunnleggande menneskerettar eller anstendige arbeidshøve, skal det gjennomførast aktsemdvurdering og oppfølging. For leverandørar med middels risiko skal det sendast ut spørjeskjema der banken følger opp svara.
- For leverandørar med låg risiko skal det gjerast ei fornya vurdering dersom vi vert kjent med forhold som aktualiserer ei ny vurdering, og elles minst som ledd i årleg vurdering av alle leverandørar.