Det er viktig at du er fornøgd med å vere kunde hos oss. Derfor set vi pris på at du seier ifrå viss noko ikkje fungerer som det skal.
Kundeklager
Slik går du fram for å klage:
Er det noko du ikkje er fornøgd med, kan du ringe oss. Då prøvar vi å ordne opp i det med ein gong.
Gjeld det banktenester? Ta kontakt med rådgjevaren din i banken, eller den lokale banksjefen din. Finn kontor og rådgjevar.
Gjeld det forsikringsoppgjer? Ring Fremtind på 915 02300, på kvardagar mellom 08-16.
Gjeld det pensjon? Ring oss på 21 02 50 50, på kvardagar mellom 08-16.
Er du ikkje fornøgd etter å ha snakka med oss, kan du henvende deg til vår klageservice.
Gjeld klaga banktenester?
Gjeld klaga forsikringsoppgjer hos Fremtind?
Les meir om klagehandsaming hos Fremtind.
Gjeld klaga pensjonstenester?
Les meir om klagehandsaming i SpareBank 1 Forsikring.
Om du opplever at klaga ikkje løysast av SpareBank 1 Sogn og Fjordane, kan du kontakte Finansklagenemnda.
Finansklagenemda er det uavhengige klageorganet i bransjen som behandlar tvistar mellom mellom anna bankar, forsikringsselskap og kundane deira.
Finansklagenemda
Postboks 53, Skøyen
0212 Oslo
Tlf: 23 13 19 60
Les meir på Finansklagenemda sine nettsider
Klager du på vegner av ei bedrift?
Finansklagenemda kan berre behandle klager som gjeld oppgjer frå næringsforsikringar. Gjeld klaga banktenester eller pensjon, er det normalt domstolane som må vurdere saka vidare.
Les meir hos Norges Domstolar
Klage på andre tenester
-
Er du ikkje fornøgd med EiendomsMegler 1 sine tenester? Les kva du må gjere.
Kontaktinfo til Reklamasjonsnemnda for Eiendomsmeglingstjenester
tlf 22 12 90 90 (12:30 - 15:00)
Parkveien 55
0256 OsloE-post: post@eiendomsmeglingsnemnda.no
-
Ønsker du å sende ei klage til SpareBank 1 Forvaltning? Les korleis du går fram her.
Kontaktinfo til Finansklagenemda
Dersom du opplever at klaga ikkje kan løysast av SpareBank 1 Forvaltning kan du kontakte Finansklagenemda.
Tlf: 23 13 19 60
Askekroken 11
0277 Oslo