Meld skade, tap eller sjukdom
Du kan trygt melde skade, sjølv om du er usikker på om det er dekka. Fortel kva som har skjedd og følg rettleiinga, så hjelper forsikringsselskapet vårt Fremtind deg vidare.
Du kan trygt melde skade, sjølv om du er usikker på om det er dekka. Fortel kva som har skjedd og følg rettleiinga, så hjelper forsikringsselskapet vårt Fremtind deg vidare.
Bedrift- eller landbruk? Sjå skade, tap eller sjukdom for bedrifter
Meld skade, sak eller hending
Fortel kva som har skjedd
Sjå status og kontakt saksbehandler
Du treng ikkje vere sikker på at skaden er dekka før du melder den inn. Forsikringsselskapet vårt Fremtind vurderer saka og gir deg rettleiing undervegs.
Det er heilt greit å melde ein skade sjølv om det seinare viser seg at den ikkje er dekka. Får du avslag på saka vil du òg få ei grunngjeving for avslaget. Er du usamd i den grunngjevinga kan du sende oss ei klage.
Les meir om kva som er dekt i dekningsoversikta under den forsikringa du vurderer å bruke. Du kan også søke etter hendingar eller dekningar på nettsidene.
Treng du hjelp kan du sjå fremtind.no for chat og e-post eller ringe Fremtind på 915 02300.
Du vil bli bedt om informasjon og dokumentasjon undervegs i saka, avhengig av kva som har skjedd.
Døme på dokumentasjon du kan bli spurt om:
Om eigenandelen er høgare enn det kostar å erstatte skaden, vil ikkje skaden bli dekt.
Eigenandelen vel du som hovudregel når du kjøper forsikringa. Du kan logge inn til mine forsikringar å sjå kva eigenandel du har.
Dersom det er ein liten skade kan det òg vere greitt å tenke på:
Sjølv om du melder skade til oss vil du framleis kunne velje om du vil bruke forsikringa eller fikse skaden sjølv.
Gjeld det ein liten skade på bil? Har du bilforsikringa hos oss får du rabatt hos MPS Bilskade.
Det er som hovudregel den som eig eller har kjøpt forsikringa som kan melde saka.
Som hovudregel er fristen for å melde skaden eitt år, men for nokre dekningar kan fristen vere kortare eller lengre. Logg inn og sjå forsikringsavtalen din og vilkår viss du er usikker.
Forsikringsselskapenes sentrale skaderegister (FOSS) er eit felles register for skadar som blir meldt på skadeforsikringar. Registeret blir drive av Finans Norge med løyve frå Datatilsynet. Når du melder ein skade til forsikringsselskapet ditt, blir den registrert i Forsikringsselskapenes sentrale skaderegister. Alle forsikringsselskap som er medlem av Finans Norge får tilgang til skadehistorikken.
Viss du får avslag eller lågare oppgjer enn du meiner er rett, kan du klage til forsikringsselskapet. Då vil ein annan skadebehandlar sjå på saka di. Du vil få ei forklaring på kvifor forsikringsoppgjeret er som det er.
Viss du framleis er uenig, kan du klage vidare til finansklagenemda. Då vil eit bransjebasert klageorgan sjå på saka di, og gjennom utenrettsleg tvisteløysing bidra til at den som har rett, får rett.
Når du loggar inn til «mine skadesaker», kan du blant anna sjå status, sjå kvitteringar på meldte saker, laste opp vedlegg eller skrive til skadebehandler.
Vi blir ofte kontakta av folk som er usikre på om forsikringane dekker skaden dei har hatt. Mange ventar med å melde frå, fordi dei ønsker meir informasjon først – eller er redde for å gjere noko feil.
Du treng ikkje å ha svaret på om du er dekka eller ikkje før du melder skade. Meld skaden til Fremtind og gi informasjon om kva som har skjedd, så ser dei nærare på saka og gir deg rettleiing undervegs. Det er heilt greit å melde ein skade sjølv om det seinare viser seg at den ikkje er dekka.
Viss du likevel ønsker å lese deg opp på kva forsikringane dekker, så har vi samla enkle forklaringar på nettsidene våre. Søk gjerne etter det som har skjedd, så kanskje finn du svaret allereie her.
Skademeldingsskjemaet for bil/motorvogn kan du få tak i hos dei fleste bilforhandlarar og bensinstasjonar. Du kan også laste det ned eller bestille eit av oss – så sender vi det til deg med posten.