Desse kandidatane fekk flest stemmer ved innskytarvalet og er valde for fire år (2026-2030):
For valdistrikt 2: Region Sunnfjord:
Medlem Dagrunn Kyrkjebø, Førde
Medlem Jan Henrik Nygård, Florø
1. Varamedlem Sigrid Anette Førde, Naustdal
2. Varamedlem Anne Karin Steen, Førde
For valdistrikt 3: Region Sogn med Bergen:
Medlem Kristin Myren, Bjordal
Takk til dei som stilte som kandidatar og alle som har stemt! Les meir om Generalforsamlinga og vedtektene til banken her.
Kvifor bør du stille som kandidat til Generalforsamlinga?
I Generalforsamlinga har du ein reel moglegheit til å påverke korleis SpareBank 1 Sogn og Fjordane skal utvikle seg. Å vere kandidat til Generalforsamlinga er ein sjeldan moglegheit til å kombinere samfunnsengasjement, personleg utvikling og demokratisk påverking. Her er nokre av grunnane til at det er verdifullt å vere medlem i Generalforsamlinga:
- Du er med å påverke korleis overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane blir brukt.
- Du er med å sikre at banken fungerer som ei drivkraft for næringsliv og utvikling i regionen.
- Du har demokratisk innflytelse og stemmer over strategiske val, vedtekter og styresamansetjing.
- Du representerer banken sine kundar og kan løfte perspektiv som ikkje blir løfta elles.
- Du får innsikt i styring av ei større verksemd og kan få profesjonell og personleg erfaring.
- Du får eit nettverk i regionen og møter andre frå næringsliv, offentleg sektor og frivillige organisasjonar.
Kven kan foreslå kandidatar?
Innskytarar med stemmerett kan foreslå kandidatar.
Når du melder inn kandidat må du ha med følgande informasjon om kandidaten:
- Namn
- Fødselsdato
- Yrke
- Fullstendig adresse
Kven kan veljast til generalforsamlinga?
Innskytarar i sparebanken med bustadadresse i eitt av dei tre valdistrikta og som har og i dei siste seks månadene har hatt eit innskot i banken på minst kr 2 500,- kan veljast som medlem eller varamedlem til generalforsamlinga. Representantar for juridiske personar må ha bustadadresse i eitt av dei tre valdistrikta.
Kven har stemmerett?
Dei innskytarane som har og i dei siste seks månadene har hatt eit innskot i sparebanken på minst kr 2 500,-, har stemmerett når det skal veljast medlemer til generalforsamlinga i sparebanken mellom innskytarane. Kvart kundeforhold gir ei stemme når ikkje anna følgjer av lova eller vedtektene. Den som vil nytte ein juridisk person sin stemmerett, må legge fram fullmakt frå innskytaren ved eit av banken sine kontor. Berre myndige personar kan stemme ved valet. Innskytarane kan stemme på kandidatar frå alle dei tre valdistrikta, likevel avgrensa til det samla tal medlemer og varamedlemer som til ei kvar tid er på val.