Det skjer mykje rundt om i Sogn og Fjordane. Her får du ein oversikt på arrangement som vi er med og støttar, og på fleire av desse kan du møte oss og kanskje maskotane våre, Elin Ekorn og Kåre Bjørn.
Arrangement med banken
Florø fest med Tobias Steen
Fredag 18. september inviterer Florø Live og United Stage til éin-dagsfestival på Evja, der det riggast til fest på den store P-plassen ved XL-Bygg. Der vil du kunne sjå artistar som Tobias Sten, Ingrid Vårvik & Olivia Husabø.
Kongleriket miniputt-turnering 20.09.26
Under finn du oversikta over kor arrangementa held stad 20.09
Sogn 1, Jotun
Sogn 2, Sogndal
Sunnfjord 1, Gaular
Sunnfjord 2, Jølster
Nordfjord 1, Hornindal
Nordfjord 2, Flatraket
Girls just want to have fond
29.september inviterer vi til gratis investeringskveld med fagleg påfyll, tapas og konkurransar.
Som deltakar er du automatisk med i trekninga av fleire flotte premiar. Trekinga er eksklusiv for dei som er til stades på arrangementet.
Gatelangs-turnee med Petter Nyquist
Petter Nyquist reiser rundt på Gatelangs-turne for å setje søkjelys på kor viktig det er å sjå og møte kvarandre med respekt og forståing. Gjennom sterke historier og personlege møte har han bidrege til å skape større medvit, openheit og verdigheit for menneske i krevjande livssituasjonar.
Han skal besøke Florø, Eikefjord, Stryn, Sandane og Førde på turneen, og du kan no kjøpe billettar. Hold av datoane: 28.september - 01. oktober
Tidlegare arrangement
Østerbøløpet
Lørdag 12. september kan du vere med på å springe 5 km løype, og for dei aller minste - barneløp med fortløpande premiering.
Stafett for livet
Vi ser fram til ein ny stafett for livet 5.-6 semptember
Kreftforeningens Stafett for livet er en hyllest til alle som er ramma av kreft. Familie, venner, skular, foreiningar, arbeidsplassar og andre dannar lag for ein person dei vil støtte eller minnast. Saman skal ein gå eller springe i eit heilt døgn for vise at det alltid bør vere nokon på bana for den som er sjuk.
Kongleriket miniputt-turnering 30.08.26
Under finn du oversikta over kor arrangementa held stad 30.08.
Sogn 1, Hafslo
Sogn 2, Vik
Sunnfjord 1, Hyllestad
Sunnfjord 2, Florø
Nordfjord 1, Sandane
Nordfjord 2, Eid
Heilekonferansen
Heilekonferansen samlar folka, viljen og krafta i næringslivet i Sogn og Fjordane til foredrag og paneldebattar med lokale, regionale og nasjonale aktørar, over to dagar, frå lunsj til lunsj.
Konferansen har vore fullsett sidan oppstarten i 2021. Velkommen 27. - 28. august 2026 | Sunnfjordsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
Førde rundt
Laurdag 15. august blir det arrangert Førde rundt, midt i Førde sentrum! Innsats, samhald og glede stod verkeleg i sentrum denne dagen. Legg alt i dag inn løpet i kalendaren!
Eikefjorddagane
14-15. august er det tid for Eikefjorddagane. Startskotet går med den offisielle og etterlengta opninga av gang- og sykkelvegen, med påfølgande barne- og familieløp, og avsluttast med laurdagsdans.
Eva Weel Skram til Svanøy Kulturlåve
Stiftelsen Svanøy Hus har gleden av å invitere til unike sommerkonsertar med Eva Weel Skram 18. juli frå klokka 20:00. Rammene for konsertene er den fantastiske Låven ved Svanøy Hovedgård - arena for kunst og kultur. Sett av heile denne helga allereie no.
Malakoff 2026
17.–18. juli går Malakoff av stabelen på Nordfjordeid — ein av Vestlandet sine mest populære festivalar, kjent for sterke artistnamn, høg stemning og eit festivalområde som kokar av liv.
Vi som hovudsponsor delar ut rabatterte billettar til våre kundar mellom 18-26 år. Du får 300 kroner i rabatt på festivalpass til Malakoff 2026.
Rockne Bowl 2026
Kvart år fyller over 1000 tilskodarar hallen for å oppleve actionfylt amerikansk fotball, rivalisering og ei heilt unik stemning.
Rockne Bowl samlar igjen publikum Laurdag 18. april til den store årskampen mellom Bears og Eagles i Førdehuset. Arrangementet er også kjent for sitt spektakulære halftime-show, og i år kjem ein av Noregs mest kjende rap-artistar til Førde – men kven det er, held dei hemmeleg heilt fram til kampdagen.
Inspirasjonsturnè
I april legg skodespelar og føredragshaldar Aksel Hennie turen til Sogn og Fjordane. Som ein del av ein inspirasjonsturné i regi av SpareBank 1 Sogn og Fjordane, kjem Hennie til Sogndal 14. april, Stryn 15. april og Florø 16. april.
I tillegg til Hennie står banken sin forbrukarøkonom, Torbjørn Olset på scena. Her blir det fokus på sparing, økonomiske val og vegen mot eigen bustad - tema som er relevante for både unge og vaksne i ulike livsfasar.