Søk om draktsett til miniputtane

Treng fotballaget ditt nye drakter til 2025-sesongen? No er tida inne for å søke om drakter til miniputtane i Sogn og Fjordane! Søknadsfrist er 1. mars. 

Stolt sponsor for NFF Sogn og Fjordane

Som hovudsponsor til NFF Sogn og Fjordane er vi stolte over å få dele ut draktsett til miniputtane (6-9 år) i heile Sogn og Fjordane. Til saman deler vi ut drakter til ein verdi av 125 000 kroner. 

 

Praktisk info

Laget må ha løyve frå klubbleiar til å søke. Dette på grunn av lokale sponsoravtalar og bransjeekslusivitet. Fyll ut skjemaet nede på sida for å søke. 

Draktene er av merket Nike eller Umbro, og vil ha SpareBank 1 Sogn og Fjordane sin logo på brystet. Eitt draktsett vil bestå av totalt ti spelarsett med langerma trøye, shorts og strømpe, og av desse er det to keeperdrakter. For dei yngste (6-7 år) vil eitt sett berre bestå av spelartrøyer då dei ikkje bruker keeper på turneringane. 

Søknadsfrist er 1. mars. Når fristen er ute vil dei heldige vinnarane bli trekt ut. Vi ønskjer at alle skal få draktene til Kongleriket Miniputt Runde 1, søndag 11. mai. 

Ved spørsmål, kontakt Hildegunn Hove i NFF Sogn og Fjordane: hildegunn.hove@fotball.no 

to gutar spelar fotball

Søk om draktsett

Vel draktmerke
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }