Slik tar vi vare på pensjonen din

Vi sørger for at pensjonspengene dine jobbar for deg, slik at dei kan vekse over tid og gi deg ein trygg pensjon. 

Ein person som står på ei fjelltop og tenker på framtid og pensjon

Oversiktleg
Full oversikt i Min pensjon.

Langsiktig
Investert for vekst over tid.

Ansvarleg
Tydelege krav til investeringane.

Kva er kapitalforvaltning?

Når du sparer til pensjon, tar vi vare på pengane dine ved å investere dei og følge dei opp over tid. Dette blir kalla kapitalforvaltning.

Vår jobb er å sørge for at pensjonspengane dine jobbar best mogleg for deg – år etter år, heilt fram til du skal bruke dei.
Vi gjer dette ved å

  • investere langsiktig
  • fordele pengane på mange investeringar
  • tilpasse sparinga til din situasjon
  • stille krav til ansvarlege investeringar


Du slepp å følge med sjølv – vi tar jobben.

Det viktigaste valet for pensjonen din

Pensjonssparinga di blir investert i aksjar og rente. Det er éin ting som betyr meir enn noko anna: kor stor andel som blir plassert i aksjar.

  • Aksjar gir høgare forventa avkastning over tid, men svingar meir.
  • Renter gir meir stabilitet, men lågare forventa avkastning.

Over tid er det fordelinga mellom aksjar og renter som har størst betydning for kva du får i pensjon. Når det er mange år att før du skal gå av med pensjon, toler sparinga betre dei svingingane som følger med aksjemarknaden.

Kva er ein spareprofil?

Ein spareprofil bestemmer fordeling mellom aksjar og rente. Det gjer det enklare å velje rett risiko for deg.

Du kan velje mellom spareprofilar med

  • ulik risiko
  • sparing tilpassa kor lenge du skal spare
  • automatisk nedtrapping mot pensjon

Du kan òg få hjelp av vår digitale rådgjevar til å finne ei løysing som passar dine behov. 

Nedenfor ser du kva spareprofilar du kan velje mellom.

Kva spareprofil passar for deg?

Her ser du dei ulike spareprofilane du kan velje mellom. Deretter vel du korleis pengane skal forvaltast.

Korleis blir pengane forvalta? 

Når du har valt spareprofil, vel du korleis investeringane skal forvaltast. Du kan velje mellom tre forvaltningsformer: aktiv, indeks eller svanemerka forvaltning. Felles for alle tre er at dei bygger på dei same prinsippa for langsiktighet, risikospreiing og ansvarlege investeringar.

  

Investerer i eigedom og fornybar energi

For å gi deg ein best mogleg pensjon investerer vi òg i eigedom og utvalde prosjekt innan norsk, fornybar energi.

Desse investeringane

  • kan gi jamn og god avkastning over tid
  • bidrar til betre spreiing av risiko
  • gir tilgang til investeringar du normalt ikkje får som privatperson

Eigedom: Rundt fem prosent av sparinga blir investert i næringseigedom. Eigedom har historisk gitt stabil avkastning og bidrar til å gjere pensjonssparinga meir robust. SpareBank 1 Forsikring har lang erfaring med eigedom og eig bygg sentralt plassert i Oslo. Les meir om våre næringseigedomar.

Eigedom inngår i aktiv og indeksforvaltning, men ikkje i svanemerka forvaltning.

Fornybar energi: I aktiv forvaltning blir det også investert ein mindre andel i unoterte selskap innan fornybar energi. Dette gir fleire moglegheiter for avkastning og investeringar i løysingar for framtida.

Avkastningsrapportane

Tidlegare avkastning er ingen garanti for framtidig avkastning, men rapportane kan gi eit bilde av korleis spareprofilane og forvaltningsformene har utvikla seg over tid.

Når marknadene svingar

Når du sparer til pensjon, er det viktig å tenke langsiktig. Marknadene vil alltid gå opp og ned undervegs, men for pensjonssparing er det som regel viktigare å halde kursen enn å gjere endringar når marknaden svingar.

Få oversyn over pensjonen din

I kundeportalen Min pensjon kan du sjå korleis pengane dine er investert, velje spareprofil og følge avkastning over tid.

Kontakt oss i SpareBank 1 Forsikring

Telefon

21 02 50 50

Linkedin

Følg oss

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }