Slik behandlar
SpareBank 1 Forsikring personopplysningar
Vi tar personvernet ditt på alvor og arbeider for at personopplysningane dine skal vere trygge hos oss. Her kan du lese om korleis vi behandlar personopplysningar, kva rettar du har og korleis du kan bruke dei.
Personvernerklæringa er oppdatert 14.09.2026.
Dette finn du på sida
Du kan gå rett til det avsnittet som er mest interessant for deg.
Denne personvernerklæringa gjeld for deg som er kunde, vurderer å bli kunde eller bruker SpareBank 1 sine tenester og nettsider.
SpareBank 1 Forsikring har ansvaret for dei personopplysningane vi brukar i samband med våre pensjons- og forsikringsprodukt. Det vil seie at vi er behandlingsansvarleg og bestemmer kvifor og korleis vi brukar opplysningane.
Her kan du lese om kva rettar du har når vi behandlar personopplysningar om deg.
Du har rett til innsyn i kva personopplysningar vi har om deg, og til å få ein kopi av desse opplysningane. I tillegg har du rett til informasjon om korleis vi behandlar opplysningane dine, som du får i denne personvernerklæringa.
Opplysningar om produkt og avtalar du har hos oss, kontaktinformasjon og transaksjonshistorikk finn du i kundeportalen Min pensjon. Viss du ikkje finn informasjonen du leiter etter, kan du sende oss ein førespurnad om innsyn. Vi kan be deg presisere kva opplysningar eller behandlingsaktivitetar du ønsker innsyn i. Viss du ikkje kan logge deg inn i Min pensjon, eller på annan måte ikkje kan lese elektroniske dokument, kan vi sende deg informasjonen i posten.
I visse tilfelle er det nødvendig å gjere unntak frå retten til innsyn. Det kan vere tilfelle der vi har lovpålagt taushetsplikt eller må halde informasjonen hemmelig av omsyn til førebygging, etterforsking, avsløring og rettsleg forfølgjing av straffbare handlingar. Det same gjeld viss opplysningane berre finst i interne dokument og der unntak frå innsynsretten er nødvendig for å sikre ei forsvarleg saksbehandling.
Viss du er tilsett, tidlegare tilsett eller har søkt på ein stilling i SpareBank 1 Forsikring og ønskjer å bestille opplysningar knytt til dette, kan du ta kontakt med HR-avdelinga. Det same gjeld om du på ein annan måte har vore engasjert av SpareBank 1 Forsikring for å utføre arbeid.
Det er viktig at opplysningane vi har om deg er riktige. Vi kontrollerer difor opplysningane opp mot Folkeregisteret og andre kjelder. Viss du meiner at opplysningane vi har om deg er uriktige eller ufullstendige, har du rett til å be om at opplysningane rettast eller oppdaterast.
Vi lagrar personopplysningane dine så lenge det er nødvendig for dei formåla dei blei samla inn og behandla for og i henhald til oppbevaringstid i lover og forskrifter. Etter det blir dei sletta eller anonymisert. Vi har rutinar for å sikre at opplysningane vert sletta når vi ikkje lenger har grunnlag for å oppbevare dei.
Du har rett til å be om at personopplysningane dine vert sletta hvis
du trekker tilbake samtykket til behandlinga og det ikkje er nokon annan berettiga grunn til behandlinga
du fremmar innvending mot behandlinga og det ikkje er nokon berettiga grunn til å halde fram behandlinga
du rettar innvending mot behandling for direkte marknadsføring
behandlinga er ulovleg
I nokre tilfelle må vi halde på opplysningar om deg både medan du er kunde hos oss og ei stund etter at avtalen med oss er avslutta. Dette kan vere fordi vi har ei plikt etter lov til å lagre dei, eller fordi vi må ivareta våre berettigede interessar (sjå «Lovleg grunnlag for å bruke personopplysningar»). I praksis betyr dette at du ikkje alltid kan kreve at vi slettar opplysningane dine.
Du kan kreve at vi avgrensar behandlinga av personopplysningane dine i bestemte situasjonar, for eksempel viss
du meiner at personopplysningane ikkje er riktige eller at behandlinga er ulovleg
vi ønskjer å slette, men du treng opplysningane på grunn av eit rettskrav
du har fremma ei innvending mot behandlinga, og den er basert på ei interesseavveging
Vi vil framleis ha dei aktuelle opplysningane lagra, men stoppe midlertidig all annan behandling av personopplysningane. Vi kan byrje å behandle personopplysningane dine igjen dersom det er aktuelt på grunn av eit rettskrav eller for å verne ein annan persons rettighet.
For vilkår og meir informasjon om avgrensing av personopplysningar kan du sende e-post til personvernombudet: personvern.forsikring@sparebank1.no
Du har rett til å få ein kopi av personopplysningar som du sjølv har gitt oss i eit maskinlesbart format. I motsetning til retten til innsyn gjeld denne retten kun personopplysningar som du sjølv har gjeve oss, og som blir behandla basert på samtykke eller avtale.
Du har rett til å krevje at vi ikkje lenger behandlar opplysningar om deg dersom behandlinga er basert på berettigede interessar, med mindre det finst grunnar som veger tyngre enn dine interesser. Ønskjer du å protestere, kan du sende e-post til personvernombudet: personvern.forsikring@sparebank1.no
Du kan også kreve at vi sluttar å bruke personopplysningane dine til marknadsføring retta direkte mot deg, inkludert profilerings knytt til eit slikt føremål. Viss du ønskjer å reservere deg mot direkte marknadsføring, kan du kontakte oss på: pensjon@sparebank1.no
E-post blir rekna som ein usikra kanal, og vi anbefalar difor at du ikkje sender oss konfidensiell informasjon på e-post. Du får svar frå oss så raskt som mogleg og seinast innan 30 dagar. Viss vi ser at saksbehandlingstida blir lenger enn 30 dagar, gir vi deg beskjed om det.
Viss du har gitt oss samtykke til å bruke opplysningar om deg, kan du når som helst endre det i kundeportalen Min pensjon.
Personopplysningane vi samlar inn
Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som blir knytt direkte eller indirekte til deg som person. Kva personopplysningar vi behandlar, avheng av kva pensjons- og forsikringsprodukt du har kjøpt eller er omfatta av.
Identifikasjon og personlege opplysningar som namn, fødselsnummer, D-nummer (mellombels identifikasjonsnummer), statsborgarskap og kopi av legitimasjon.
Kontaktopplysningar som telefonnummer, e-postadresse og adresse.
Finansiell informasjon som kunde- og produktavtalar, opplysningar knytt til arbeidsforhold (lønn og stillingsprosent, arbeidsstad), transaksjonsdata, investeringsval i samband med pensjonssparing, kontonummer, forsikringshistorikk.
Lovpålagte opplysningar som skattemessig heimstad, utanlandsk skatteregistreringsnummer, opplysningar i samband med finansiell rådgjeving, opplysningar i samband med arbeid mot kvitvasking og rapportering til offentlege styresmakter.
Helseopplysningar («særlige kategoriar av personopplysningar») som opplysningar frå legejournal om noverande og tidlegare fysiske og psykiske helse, skadar, funksjonsnedsetjingar og opplysningar som kan synleggjere nedsett arbeidsevne. Helseopplysningar kan vere nødvendige å innhente når forsikringsavtalar inngåast eller i samband med krav om forsikringsutbetaling. Å behandle helseopplysningar kan også vere nødvendig i utvikling av produktprisar og i analyser som er knytt til solvens- og soliditetskrav.
Opplysningar om fagforeiningsmedlemskap behandlast i samband med pensjonsforsikringsprodukt gjennom fordelsprogrammet LOfavør.
Lydopptak av samtalar.
Andre typar personopplysningar som sivilstatus, kjønn og yrke.
Webadferd som samlast inn på våre nettsider og i kundeportalar.
Frå deg
Dei personopplysningane vi registrerer om deg, hentast ofte direkte frå deg når du kjøper pensjonsforsikring eller andre forsikringsprodukt, krev forsikringsutbetaling eller nyttar andre tenester hos oss.
Frå tredjepartar
Når du kjøper, endrar eller fornyar forsikringar, kan vi òg innhente informasjon frå andre (tredjepartar). Det same gjeld når vi behandlar forsikringskrav, overheld lovkrav og kvalitetssikrar opplysningar. Dette er nødvendig for å kunne tilby deg tenestene våre og overhalde dei lovkrava vi er pålagde.
Tredjepartar kan vere kjelder som er offentleg tilgjengelege, og register eller kjelder frå private verksemder, for eksempel
register som førast av offentlege myndigheiter (for eksempel Folkeregisteret)
firmaregistre
skattemyndigheitene, Brønnøysundregistrene og politiet, og i tillegg sanksjonslister frå internasjonale organisasjonar som EU og FN og nasjonale organisasjonar som Office of Foreign Assets Control (OFAC) – desse kjeldene brukar vi for å gjennomføre kundekontroll etter kvitvaskings- og finansavtaleregelverket
registre som leverer informasjon om blant anna reelle rettighetshavarar og politisk eksponerte personar (ved nye kundeforhold er vi lovpålagde å innhente opplysningar om verksemda sine nøkkelpersonar og reelle rettighetshavarar, og hentar informasjonen frå Brønnøysundregistrene og komersielle informasjonstjenester)
Nav, blant anna ved forsikringsoppgjer
arbeidsgivar som har tenestepensjon i SpareBank 1 Forsikring AS
Skatteetaten, for eksempel opplysningar om inntekten din dersom arbeidsgivar har tenestepensjon i SpareBank 1 Forsikring
Norsk Pensjon som leverer pensjonsopplysningar til oss gjennom ein eigen avtale mellom Norsk Pensjon og SpareBank 1 Forsikring AS
helseinstitusjonar og helsepersonell
andre forsikringsselskap
Pensjonskontoregisteret AS
ROFF: Register over forsikringssøkarar og forsikra
selskapene i SpareBank 1-alliansen
Frå informasjonskapslar (cookies)
Vi samlar inn informasjon, som trafikkdata, stedsdata og andre kommunikasjonsdata, når du bruker våre nettsider, plattformer og digitale apper.
Lovleg grunnlag for å bruke personopplysningar
Vi må ha ein lovleg grunn til å bruke dine personopplysningar, og grunnlanda nedanfor er mest relevante.
Når vi behandlar personopplysningar i samband med dine private forsikringar og pensjonsrettar, gjer vi det for å følgje deg opp som kunde, gi råd, fakturere og levere forsikrings- og rådgivningstenester i tråd med avtaler du har med oss.
Vi behandlar personopplysningar for å oppfylle pliktene vi har etter lovar, forskrifter og styresmaktsvedtak.
Behandlinga vi gjer som er basert på rettslige forpliktingar, handlar mellom anna om
å førebygge og avdekkje straffbare handlingar, som kvitvasking av pengar og finansiering av terrorisme
å oppbevare opplysningar etter rekneskapslovgiving
å rapportere til skattemyndigheiter, politimyndigheiter og tilsynsmyndigheiter
å oppfylle plikter knytt til teneste- og produktlovgiving – vi kan for eksempel ha plikt til å halde oversikt over tilsette som er omfatta av ein pensjonsavtale, registrere bevis på opptent pensjonskapital og hente inn og behandle helseopplysningar om deg frå ein tredjepart for å sikre rettane dine
å sikre at personopplysningane dine er beskytta, blant anna gjennom tilgangsstyring, logging, kryptering og brannmurar
sanksjonsovervaking
statistikk, analyse og risikoklassifisering
Vi kan bruke personopplysningar når vi har ein nødvendig og lovleg interesse (berettigad interesse) som vegar tyngre enn omsynet til ditt personvern.
Behandlinga vi gjer som er basert på berettigad interesse, handlar blant anna om
marknadsførings-, produkt- og kundeanalyser som gjer det mogleg å forbetre løysingane våre og tilby best mogleg tilbod, produkt og tenester til kundane våre
kundeadministrasjon og å kunne gi tilbod, etablere og fakturere tenestepensjonsavtaler når du ikkje er ein part i avtalen
kundeservice – å kunne hjelpe deg på telefon og chat
kontroll, rapportering og analyse som gjer det mogleg for oss å utvikle verksemda og systema våre, og i tillegg sikre god styring av vår verksemd
å førebygge, avdekkje, oppklare og handtere straffbare handlingar og bedrageri mot selskapet. Hensikta er å forhindre tap og auka premie.
sikringstiltak som kameraovervaking og adgangskontroll for å sikre at dine personopplysningar, selskapets verdiar og tilsette er beskytta mot tap, øydelegging eller uautorisert tilgang
I nokre tilfelle ber vi om samtykke til å behandle personopplysningar. Når vi gjer det, får du også vite kva vi skal bruke personopplysningane dine til.
Du kan når som helst trekke tilbake samtykket du har gitt. Du har oversikt over samtykka du har gitt under Pensjonsprofil i Min pensjon. Her kan du også endre samtykka dine.
Viss du ber om tilbod på eller krev utbetaling frå eit pensjons- og forsikringsprodukt, kan det vere aktuelt å behandle helseopplysningar om deg.
Enkelte pensjons- og forsikringsprodukt er tilgjengelege etter avtale med fagforeiningar. I desse tilfella behandlar vi opplysningar om fagforeiningsmedlemskap.
Personopplysningsregelverket stiller strenge krav til behandling av særskilde kategoriar av personopplysningar, som opplysningar om helse og medlemskap i fagforeiningar. Vår behandling av slike opplysningar er basert på ditt samtykke eller at det er nøydd for å oppfylle rettskrav.
Dette bruker vi personopplysningar til
Vi bruker personopplysningar mellom anna i kundeadministrasjon og for å oppfylle forpliktingane vi har overfor deg. Vi bruker dei også for å gje deg informasjon, tilbod og oppfylle dei rettslege forpliktingane våre.
Vi bruker personopplysningar for å tilby produkt og tenester, og for å oppfylle dei forpliktingane vi har for pensjons- og forsikringsavtalar (kunde- og avtaleadministrasjon).
Når vi vurderer å inngå avtalar, og når avtalen er etablert, registrerer vi opplysningar om deg og andre personar som har tilknyting til avtalehaldet, som for eksempel begunstiga, forsikra og medlemmar i ein tenestepensjonsavtale.
Andre forsikringsleverandørar av same type avtale kan overta ei forsikring frå oss, for eksempel viss arbeidsgjevar din flyttar tenestepensjonsavtalen frå SpareBank 1 Forsikring til ein annan pensjonsforetak. I slike tilfelle vil vi dele og handsame dei personopplysningane som er nødvendige for å flytte avtalen. SpareBank 1 Forsikring følger standarden til finansnæringa for overføring av opplysningar ved slik flytting.
Behandlingsgrunnlag: avtale, rettslig forplikting, berettiga interesse, det er nødvendig for å fastsette, gjere gjeldande eller forsvare rettskrav.
Når du ber om utbetaling, må vi behandle personopplysningar som opplysningar om skatt og pensjonsopptening frå arbeidsgjevar frå deg.
Vi har også behov for å behandle finansielle opplysningar som kontonummer for utbetaling til korrekt mottakar. I tillegg er vi ansvarleg for å innhente opplysningar for å avklare kven som er korrekt mottakar.
Ber du om utbetaling i samband med uførheit, må vi også behandle helseopplysningar for å vurdere saka og føre korrekt utbetaling.
Behandlingsgrunnlag: samtykke, avtale, det er nødvendig for å fastsette, gjere gjeldande eller forsvare rettskrav.
Du kan ringe, bruke chat eller sende oss e-post med spørsmål om våre produkt og tenester. For å svare på henvendingar bruker vi opplysningar om deg, blant anna kontaktinformasjon, opplysningar om avtalar dine eller andre finansielle opplysningar.
Behandlingsgrunnlag: berettiga interesse.
Du kan sende oss ein klage hvis du er uenig i ein avgjerd vi har tatt. Vi vil då behandle personopplysningar om deg for å kunne behandle klagen.
Det er nødvendig for oss å oppbevare opplysningar om deg så lenge det er mogleg å fremme krav, klage eller ein rettslig tvist.
Behandlingsgrunnlag: det er nødvendig for å fastsette, gjere gjeldande eller forsvare rettskrav.
Vi behandlar personopplysningar når det er nødvendig for å oppfylle krav frå myndigheitene og følgje lover, blant anna dei som gjeld forsikringsforetak og forsikringsprodukt. Dette gjeld blant anna i tiltak mot kvitvasking av pengar, når vi rapporterer til skattemyndigheitene, eller når vi må sjekke adressa di opp mot Folkeregisteret.
Behandlingsgrunnlag: rettsleg forplikting.
Vi bruker personopplysningar for å førebyggje, undersøke og rapportere økonomisk kriminalitet, herunder bedrageri, svindel, kvitvasking og terrorfinansiering. Dette arbeidet bidrar til å beskytte kundane våre, selskapet og samfunnet mot økonomisk kriminalitet. Når du blir kunde hos oss, må vi kontrollere identiteten din og stille spørsmål om føremålet med kundeforholdet. Vi gjer også løpande vurderingar av risiko knytt til kundeforholdet ditt.
I slike tilfelle kan vi innhente informasjon og dele opplysningar med andre bankar og finansinstitusjonar, politiet og andre offentlege styresmakter.
Vi er pålagde å rapportere mistenkjelege opplysningar og transaksjonar til Økokrim. Ifølge personopplysningslova og kvitvaskingslova har du ikkje innsynsrett i enkelte opplysningar vi har registrert så lenge ei etterforsking går føre seg.
Vi bruker personopplysningar til å gjennomføre analysar og utarbeide statistikk for blant anna å vurdere forsikringsrisiko, kapitalforhold og lønnsamheit og å sette korrekte prisar.
I kjøpsløysingane våre er vi pålagde å kartlegge mellom anna økonomiske forhold og berekraftspreferansar for å kunne anbefale sparebeløp eller investeringsprofilar. I denne kartlegginga må vi behandle personopplysningar.
Behandlingsgrunnlag: rettslig forplikting.
Vi bruker opplysningar om mellom anna lønn, ansiennitet, næring og geografi for å analysere risiko og berekne riktige prisar på forsikringsdekningane. Opplysningane inngår i statistiske modellar som hjelper oss å vurdere risikoen i ulike kundegrupper og sikre ei mest mogleg korrekt og rettferdig pris.
Behandlingsgrunnlag: rettslig forplikting.
Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre og vidareutvikle systema våre, tenester og produkt. For å ivareta tryggleiken og sørgje for at systema fungerer som dei skal, brukar vi data. Hovudregelen er at vi brukar maskerte, pseudonymiserte eller anonymiserte data, noko som gjer det vanskeleg å identifisere enkeltpersonar. Nokre gonger er vi avhengige av å bruke reelle kundedata for å sikre funksjonalitet og tryggleik. All testing og utvikling skjer i eit strengt tilgangsstyrt område.
Behandlingsgrunnlag: berettiga interesse.
Vi jobbar kontinuerleg med å verne personopplysningane dine. Vi har ulike organisatoriske, tekniske og fysiske tiltak, som mellom anna styringssystem og rutinar, tilgangsstyring, logging, kryptering, brannmurar, sikkerheitskopiering og andre tekniske tiltak som ivaretar din tryggleik og tryggleiken hjå oss. I nokre tilfelle kan desse tiltaka innebere at vi behandlar personopplysningar. Dei fleste sikkerheitstiltaka sørgjer for at personopplysningane dine er trygge. Å verne både personopplysningane dine og IKT-systema våre mot dataangrep, utilsikta handlingar og andre uønskte hendingar er òg eit kontinuerleg arbeid.
Vi bruker kameraovervaking mellom anna i garasjar og utanfor bygningane våre for å førebygge uønskte hendingar og sikre dokumentasjon ved alvorlege hendingar. Opptaka blir lagra i inntil sju dagar før dei blir sletta automatisk. Dersom politiet etterforskar ein hending, kan vi utlevere opptak i tråd med gjeldande regelverk.
Behandlingsgrunnlag: berettiga interesse.
Eit viktig sikringstiltak er å identifisere deg som kunde og sikre ei bekrefting av kven du er (autentisering). Vi bruker BankID for å vere sikre på kven som logger seg på. Avtalevilkår for BankID (pdf) og BankID sin personvernerklæring skildrar korleis vi behandlar personopplysningar gjennom BankID.
Vi brukar personopplysningar for å kontrollere og sikre at vi er organisert og driv virksomheita på ein forsvarleg måte. Kontrollane skjer løpande, til dømes gjennom stikkprøvekontroller, temakontroller og revisjonar, og utførast av både våre eigne tilsette, innleigde revisorar og myndigheitene.
Personopplysningane dine kan inngå i kontrollgrunnlag, til dømes når vi sjekkar kvaliteten på opplysningar vi hentar inn i samband med antihvitvaskingsarbeid eller kvaliteten på saksbehandling av erstatningssaker.
Behandlingsgrunnlag: rettslig forplikting.
Utlevering av personopplysningar
Vi har tausheitsplikt om dine kundeopplysningar. Av og til deler vi opplysningar om deg med andre som har rett til å bruke dei. Det er til dømes offentlege myndigheiter, leverandørar av pensjon og forsikring eller selskap i SpareBank 1-alliansen. Vi sørger uansett alltid for at tausheitsplikta er ivaretatt.
Bankane og dei andre SpareBank 1-selskapa har tausheitsplikt om kundeopplysningar. Tausheitsplikten gjeld òg mellom dei ulike SpareBank 1-selskapa. Likevel kan vi i SpareBank 1 dele grunnleggjande opplysningar med kvarandre. Grunnleggjande opplysningar er kontaktinformasjon og fødselsdato, kva SpareBank 1-selskap du er kunde i og kva tenester og produkt du har avtale om.
Viss du vil ha meir relevante råd og tilbod, kan du samtykke til at vi kan dele fleire opplysningar om deg. Samtykkene finn du i Min pensjon og mobil- og nettbanken.
Bankane i Sparebank 1-alliansen er registrerte forsikringsagentføretak som formidlar pensjons- og forsikringsavtalar for oss. Vi deler relevante opplysningar med den SpareBank 1-banken som gir deg rådgiving om pensjon og forsikring.
Dersom du bruker Norsk Pensjon for å få oversikt over pensjonsavtalane dine, vil dine opplysningar framkomme der.
Når vi administrerer ein tenestepensjonsavtale som du er med i via arbeidsgjevaren din, overfører vi oppdaterte opplysningar om tenestepensjonen din til arbeidsgjevaren.
Flyttar ei avtale som du er registrert i frå oss til eit anna forsikringsselskap, overfører vi avtalen sine opplysningar til dette selskapet.
For at du, som har pensjonskapitalbevis, skal kunne flytte kapitalbeviset, deler vi opplysningar med Pensjonskontoregisteret. Det same gjeld dersom du velger å flytte eiga pensjonskonto.
Forsikringsselskapa som er tilknytt Finans Noreg, og som sel livsforsikring eller andre personforsikringar som krev ein helsevurdering, har eit felles Register over forsikringsøkarar og forsikra.
Hvis du sender ein klage til Finansklagenemda, deler vi informasjon med dei slik at dei kan behandle klagen.
Vi er i mange tilfelle pålagde etter lova å dele personopplysningar med offentlege myndigheiter. Viss du for eksempel ber om utbetaling av alderspensjon, må vi dele opplysningar med skattemyndigheitene for å kunne utføre utbetalinga.
I andre tilfelle kan vi dele personopplysningar med Nav, domstolane, politiet, tilsynsmyndigheiter, Økokrim og offentlege nemnder når dette følgjer av lovbundne opplysningsplikt eller opplysningsrett.
Norge har inngått avtalar med fleire land om gjensidig skatterapportering for å kjempe mot skatteunndragingar og internasjonal skattekriminalitet. Avtalane omtala ofte som CRS (Common Reporting Standard) og FATCA (Foreign Account Tax Compliance Act). I henhald til desse avtalane er norske finansinstitusjonar forplikta til å identifisere og rapportere personar, selskap og andre einingar som er busett eller heimehøyrande i utlandet til norske skattemyndigheiter. Du finn meir informasjon om CRS og FATCA hos Skatteetaten.
Vi brukar leverandørar til å levere tenester til deg. Disse leverandørane er databehandlarar og behandlar personopplysningar om deg.
Vi inngår databehandlaravtalar med alle leverandørar som behandlar personopplysningar på våre vegne. Avtalen regulerer korleis databehandlaren kan bruke personopplysningar dei får tilgang til. Vi brukar kun databehandlarar som garanterer at dei følgjer personopplysningsregelverket.
SpareBank 1 Forsikring ønskjer fyrst og fremst å bruke databehandlarar som held til i EU/EØS. Viss vi bruker leverandørar utanfor EU/EØS-området, vil vi forsikre oss om at følgjande vilkår er oppfylte for å sikre at personvernet og rettane til våre kundar er godt ivaretatt:
Det finst eit godkjent grunnlag for å overføre personopplysningar til eit tredjeland, for eksempel bruk av standardkontraktar (EUs standardføresegner) som er godkjent av EU-kommisjonen, eller at EU-kommisjonen har vedteke at landet har tilstrekkeleg beskyttelse av personvernet.
Det er vurdert at beskyttelsesnivået for å behandle personopplysningane i eit tredjeland tilsvarer beskyttelsesnivået i EU/EØS, som følgje av tekniske og organisatoriske tiltak.
Kor lenge tar vi vare på personopplysningane dine?
Vi lagrar personopplysningane dine så lenge det er nødvendig for dei forma dei blei samla inn for. Det finst også lover og forskrifter som krev at vi lagrar dei lenger.
Som hovudregel beheld vi personopplysningane dine så lenge det er nødvendig for å oppfylle ein avtale du har inngått med oss, eller i samsvar med krav til oppbevaringstid i lovar og forskrifter. Etter det blir dei sletta eller anonymisert.
I dei tilfella eit samtykke frå deg er den einaste grunnen til at vi oppbevarar personopplysningar om deg, sletter vi opplysningane så raskt som mogleg viss du trekkjer samtykket ditt tilbake.
Hvis du har fått eit tilbod som du ikkje har akseptert, oppbevarast opplysningane i seks månader.
Når du har vore i kontakt med oss på chat, lagrast dialogen i tre månader.
Dokumentasjon som er innhenta og utarbeida for å førebygge og avdekkje kvitvasking og terrorfinansiering oppbevarast i ti år etter gjennomført transaksjon eller avslutta kundeforhold.
Opplysningar vi er pålagde å oppbevare i henhald til bokføringslova og bokføringsforskrifta, oppbevarast i opptil ti år.
Oppbevaring med bakgrunn i opplysningar gitt i samband med pensjons- og forsikringsavtalen du er registrert i, er inntil 20 år etter at avtalen er avslutta.
Oppbevaring av opplysningar for å etterleve kvitvaskingslovgivinga er fem år.
Opplysningar for å berekne regulatoriske krav knytte til solvens- og soliditetskrav er inntil 50 år.
Backup av loggar oppbevarast så lenge det er hensiktsmessig for den enkelte tenesta.
Personopplysningar som er maskert eller pseudonymisert og som vert nytta til utvikling og testing, blir sletta månadleg.
Slik bruker vi informasjonskapslar (cookies) og analyseverktøy
Det er viktig for oss at du føler deg trygg når du besøker nettsida vår, samtidig som vi kan yte vårt beste for å gi deg det du treng.
Informasjonskapslar er små biter data som nettlesaren eller appen lagrar på datamaskina eller mobiltelefonen din. Ei informasjonskapsel høyrer til eit bestemt nettstad og kan difor ikkje lesast av andre nettstader.
Brukar du nettstadene våre utan å identifisere deg, gjeld cookiesamtykket kun den eininga du brukar, til dømes mobil eller pc. Logger du inn i pensjonsportalen vår, kan du velje å la svaret frå eininga også gjelde deg som kunde.
Tekniske informasjonskapslar
For at nettstadene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Desse kan difor ikkje slås av.
Funksjonelle informasjonskapslar For at du skal sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettstadane våre, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar. De lagrar opplysningar om korleis du bruker nettstadene og kva innstillingar du har valt.
Informasjonskapslar som lagrar statistikk
For at nettstadane skal bli betre og enklare, bruker vi informasjonskapslar som lagrar statistikk og analyser. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettstadane blir brukte, noko som gjer at vi kan forbetre oss.
Informasjonskapslar for tilpassa marknadsføring
For at du skal få innhald som er tilpassa deg, bruker vi informasjonskapslar som samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom samarbeidspartnarane våre. Dette gjer vi for eksempel på nettsidene våre.
I tillegg til informasjonskapslar bruker vi pikslar og script frå tredjepartar. Dette er kodesnutter som let oss analysere bruken din på tvers av sosiale medium og kanalane våre, og vi bruker dette til å gi deg meir relevant marknadsføring.
Spørsmål og klagar
Hvis du meiner vi bryter personvernreglane eller er misfornøgd med korleis vi behandlar ein henvending, oppfordrar vi deg til å ta kontakt med oss. Då kan vi gi svar og avklare eventuelle misforståingar.
Kontaktinformasjon:
Hvis du lurer på noko om denne personvernerklæringa eller SpareBank 1 Forsikrings behandling av personopplysningar, kan du sende e-post til personvernombudet på personvern.forsikring@sparebank1.no
Med jamne mellomrom oppdaterer vi personvernerklæringa for å gje deg rett informasjon om korleis vi behandlar personopplysningane dine.
Endring
Dato
Oppdatert med språklige presiseringar.
September 2026
Forbetra informasjon om bruk av personopplysningar i kundeservice.
Januar 2026
Forenkla og forbetra skildring av enkelte føremål og navigasjon i tekst.
Juni 2025
Ordlydsjusteringar, endring i oppsett av informasjon og tilføyd
einkelte bruksområde for personopplysningar i tråd med forretningsutviklinga.
September 2019:
Nødvendige justeringar og endringar i tråd med utvikling av tenestene våre og produkt og nettsider
Mars 2023
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}