I tillegg til den lovpålagde ansvarsforsikringa kan du velje mellom ulike kaskodekningar. Du kan tilpasse forsikringa viss du fraktar varer for andre, har verktøy i bilen eller vil få eit driftstap ved skade på bilen.
Ved sal av bilen vil bilforsikringa bli avslutta automatisk frå den same dagen Statens vegvesen registrerer salsmeldinga. Dette gjeld også viss bilen blir registrert som vraka eller meldt stolen.
Avregistrering av bilen
Dekkes av Toppkasko
Dekkes av Kasko
Dekkes av Delkasko
Dekkes ikke av Ansvar
Dersom du avregistrer bilen din, vil forsikringa automatisk gå over til ein lagringsforsikring, der du slepp å betale trafikkforsikringsavgift og for ansvarsdekninga. Prisen vil også bli lågare.
Kva dekker forsikringa?
Ansvar
Dekkes av Toppkasko
Dekkes av Kasko
Dekkes av Delkasko
Dekkes av Ansvar
Ansvarsforsikring er lovpålagt å ha når du eig ein bil som blir brukt på vegen. Den dekker skade på personar, og skader du påfører andre personar sine køyretøy, eigedom og eigedelar.
Du får veghjelp ved små og store problem, anten du er på vegen eller heime i oppkøyrselen. Bilbergaren vil forsøke å fikse problemet på staden. Viss det ikkje går, vil bilen bli frakta til nærmaste verkstad.
Vi har avtale med SOS veghjelp, som er Nordens største på veghjelpstenester.
Maskinskade er tilfeldig og plutseleg mekanisk skade på motor, girkasse, drivverk, høgvoltsbatteri og ladeenhet. Maskinskade gjeld fram til bilen blir 10 år (maks 250.000 km).
Nokre mindre skader kan det lønne seg å betale sjølv, viss eigenandelen og bonustapet blir dyrare enn reparasjonen. Som kunde hos oss får du 15 % rabatt hos MPS Bilskade.
Har du bilforsikring bedrift hjå oss frå før, må du logge inn og laste ned vilkåra som gjeld for di bedrift/landbruk.
Nedanfor kan du laste ned standardvilkåra som er utgangspunktet, dersom du kjøper forsikring i dag. Det er viktig å vite at du får skreddarsydd forsikringsavtalen og vilkåra etter behova til bedrifta.
Vi tilbyr forsikring for årsprøvekjennemerke til forhandlarar som driv med demonstrasjonskøyring og treng prøveskilt for uregistrerte køyretøy som må ha ansvarsforsikring etter lova. Du kan velje mellom ansvar og kasko.
Bruke firmabil privat
Har den tilsette firmabil som er eigd eller leasast av bedrifta, og som hen kan disponere på privaten? Då er dette ein fordel som normalt reknast som lønnsinntekt, og då må hen betale skatt av fordelen.
Enkelt forklart ligg forskjellen mellom godsansvarsforsikring og transportforsikring i kven som fraktar varene som skal forsikrast. Altså om du transporterer eigne varer eller fraktar varer for kundane dine.
Godsansvarsforsikringa dekker det rettslege ansvaret du som sjåfør eller eigar av kjøretøyet har etter vegfraktlova, for skade på varer du transporterar for andre – med eige køyretøy.
Transportforsikring dekker skade på eigne varer, uavhengig av kven som transporterar dei.
Altso passar godsansvarsforsikring for deg som frakter varer for kundane dine, mens transportforsikring passar deg som transporterar eigne varer.
Kontakt oss så hjelper vi deg med rådgjeving rundt bedriftsforsikringane dine.
Det er lovpålagt for arbeidsgivarar å ha yrkesskadeforsikring for alle sine tilsette. Yrkesskadeforsikringa gjeld for alle - både heiltids- og deltidsansatte. Forsikringa dekker det økonomiske tapet dersom ein ansatt får ein yrkesskade. Erstatningssummane er basert på folketrygda sitt grunnbeløp (G) og kjem i tillegg til det folketrygda utbetalar.
Yrkesskadeforsikringa kan også utvidast med annan sjukdom og fritidsulykke, men desse er ikkje lovpålagt.
Vi tilbyr også frivillige forsikringar til dei ansatte som er med på å gjere arbeidsplassen meir attraktiv:
Helseforsikring (behandlingsforsikring) Hjelpe den ansatte raskare tilbake i jobb ved sjukdom og skade.
Reiseforsikring Gjelde jobbreise, men kan utvidast til fritidsreise med familiedekking.
Gruppelivsforsikring Utbetale ein eingangssum til den ansatte sin familie ved dødsfall.
Jobbar du som handverkar bør du forsikre deg sjølv, dine tilsette, bedrifta sine største eigedelar og sjølve jobben de gjer. Enten du driv som tømrar/snekkar (i eit tømrarfirma), rørleggar, elektrikar eller entreprenør/byggmeister, er det nokre forsikringar du må ha, nokre du bør ha og nokre du kan ha.
Typisk for ein del handverksbedrifter er at dei har tilsette med eigne bilar (med mykje dyrt verktøy) som utfører oppdrag innan sine fagfelt. Brukar vi dette som utgangspunkt er dette forsikringane vi tilrår bedrifta og dei tilsette:
Helse/behandling
- Kan hjelpe dei tilsette raskare tilbake i jobb
✔
Cyber
- Teknisk IT-hjelp ved datainnbrot
✔
Gruppeliv
- Gir familien økonomisk hjelp viss den tilsette dør
✔
Reise
- Kan dekke dei tilsette både på jobb- og fritidsreiser
✔
Utvida yrkesskade
Fritidsulykke
Annan sjukdom
✔
✔
Sjølvstendig næringsdrivande
Viss du er sjølvstendig næringsdrivande eller freelancer er du ikkje pålagd å kjøpe yrkesskadeforsikring. Sjølv om det ikkje er pålagd å kjøpe yrkesskadeforsikring kan du framleis bli utsett for yrkesskader, som kan få store konsekvensar både personleg og for bedrifta di.
Når du velger månadleg betaling bereknast dei sju første månadlege terminbeløpa til 30 dagar. Dei resterande fem månadlege terminbeløpa bereknast til 31 dagar, og vil difor vere noko høgare. Til saman utgjer dette eit forsikringsår på 365 dagar.
Første faktura etter inngått avtale inneheld ofte ein lengre periode enn ordinær månadleg termin, sjå «Frå- og til dato» oppgitt i fakturaspesifikasjonen.
Første faktura etter overgang til lagringsforsikring kan "henge etter". Tilgodebeløpet blir korrigert på fakturaen etter, eller tilbakebetalt.
Kontakt oss dersom du har spørsmål, så skal vi hjelpe deg.
Incoterms står for International Commercial Terms.
Incoterms er ei samling leveringsbetingelsar som kort og enkelt fortel kven som skal ta kostnadane, ansvaret og risikoen for varetransporten, og når ansvaret går over frå seljar til kjøpar. Desse standardiserte reglane blir brukte i nasjonale og internasjonale handelstransaksjonar for å klargjere forpliktingane mellom seljar og kjøpar når det gjeld forsendelse av varer.
ICC (International Chamber of Commerce) publiserte dei fyrste Incoterms-reglane i 1936, og den nyaste versjonen, Incoterms 2020, vart teke i bruk frå 1. januar 2020. Valet av Incoterms kode skal vere oppført i handelsfakturaen.
Incoterms 2020 Incoterms 2020 består av 11 forskjellige koder som gir ei oversikt over dei forskjellige stadiane i transaksjonen. Dei 4 kodane (FAS, FOB, CFR og CIF) gjeld kun ved sjøfrakt. La oss sjå på kvar kode og kva dei betyr for deg:
EXW (Ex Works) Risikoen går over til kjøparen når seljaren stiller vara til disposisjon på avtalt stad der seljaren har fabrikken eller lageret sitt (det betyr ikkje lasta opp på transportmiddel ved henting).
Kjøparens ansvar:
Lasting
Transport
lossing
tollklarering (både eksport og import)
forsikring*
FCA (Free Carrier) Risikoen går over til kjøparen når seljaren har levert vara til fraktføraren utpeika av kjøparen på bestemmelsesstaden.
Seljarens ansvar:
levere vara til fraktførar utpeika av kjøpar
klarere for eksport
Kjøparens ansvar:
oppnevn ein fraktførar
inngå ein fraktavtale
betale for frakt til destinasjon
CPT (Carriage Paid To) Risikoen går over til kjøparen når seljar har levert vara til første fraktførar.
Seljars ansvar:
inngå ein fraktavtale
betale for frakta til bestemmelsesstaden
klarere for eksport
betale laste- og lossekostnader (viss desse er inkludert i frakta)
Kjøpar skal motta vara på avtalt bestemmelsesstad og betale lossekostnader (viss desse ikkje er betalt av seljar).
CIP (Carriage and Insurance Paid To) Risikoen går over til kjøparen når seljar har levert vara til første fraktførar.
betale kostnadar for lossinga frå transportmiddelet
betale kostnadar for importklarering og eventuell vidaretransport
DPU (Delivered at Place Unloaded) Risikoen går over til kjøparen når vara er levert i ei hamn, flyplass, jernbanestasjon, fabrikk, terminal eller liknande. Tidlegare kalla DAT.
Seljars ansvar:
inngå fraktavtale
betale frakta (liner terms)
betale for eksport- og transittklarering
levere vara ferdig lossa på avtalt bestemmelsesstad
Transportforsikring
Kjøpars ansvar:
motta vara på bestemmelsesstad
klarere for import
DDP (Delivered Duty Paid) Risikoen går over til kjøparen når vara er stilt til disposisjon på avtalt stad i importlandet.
Seljars ansvar:
levere vara på avtalt bestemmelsesstad
bære all risiko og kostnadar forbunde med forsendinga dit
klargjere for eksport og import
Kjøpar skal motta vara på avtalt bestemmelsesstad.
FAS (Free Alongside Ship) Risikoen for vara går over til kjøparen når den er levert ved sida av skipet.
Seljaren skal levere vara til avtalt hamn og klarere den for eksport.
FOB (Free On Board) Risikoen for vara går over til kjøparen når vara er om bord i skipet. Ved containerfrakt og Roll-on/Roll-off blir det tilrådd å bruke FCA.
Seljaren sitt ansvar:
levere vara om bord
betale for lasting og alle kostnadar i lastehamna
klarere for eksport
Kjøpar sitt ansvar:
oppnemne fraktførar
inngå fraktavtale
betale frakta inkludert lossekostnadar
CFR (Cost and Freight) Risikoen for vara går over til kjøparen når vara er om bord i skipet. Ved containerfrakt og Roll-on/Roll-off, blir CPT anbefalt.
Seljar sitt ansvar:
levere varene om bord
inngå fraktavtale
betale frakta fram til bestemmelseshamn
betale lossekostnadar viss desse er inkludert i frakta
klarare for eksport
Kjøpar skal motta vara i avtalt bestemmelseshamn betale for lossing (viss desse ikkje er betalt av seljar).
CIF (Cost, Insurance and Freight) Risikoen for vara går over til kjøparen når vara er om bord i skipet. Ved containerfrakt og Roll-on/Roll-off, tilrår å bruke CIP.
Yrkesskade er fysiske og psykiske skadar og sjukdomar som fører til medisinsk invaliditet, arbeidsuførheit eller død. Ein yrkesskade oppstår som følgje av arbeidssituasjonen. Yrkesskade er personskade, yrkessjukdom eller dødsfall som er forårsaka av arbeidsulykke, arbeidsprosessar og påverknad frå skadelege stoff.
Ein yrkesskade må ha skjedd i arbeidstida og medan den tilsette gjorde oppgåver for arbeidsgjevaren, både på eller utanfor fast arbeidsstad. Belastningsskader eller psykiske lidingar som har utvikla seg over tid er ikkje ansett som yrkesskader.
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt, Fremtind.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}