Maskinskadeforsikring

For bilar under 10 år kan du kjøpe maskinskadeforsikring. Då er du blant anna dekka ved skade på motor, gir og batteripakke.

Bedrift? Sjå eigne vilkår for lastebil og traktor/arbeidsmaskin.

ein frustrert mann ser ned i motorrommet på bilen som kvar det ryk

Kva er maskinskadeforsikring?

Maskinskade er tilfeldig og plutseleg mekanisk skade på motor, girkasse og drivverk.

For bilforsikring privat
Maskinskade er ein valfri tilleggsdekning til kasko og toppkasko, og gjeld til køyretøyet har blitt 10 år utan å ha køyrt lengre enn 200.000 km. Ved første fornying etter at køyretøyet har blitt 10 år avsluttast dekninga automatisk.

For bilforsikring bedrift
Maskinskade er inkludert i toppkasko og gjeld til køyretøyet har blitt 10 år utan å ha køyrt lengre enn 250.000 km.

Ved maskinskade trekkast ein eigenandel basert på bilen sin kilometerstand, sjå eigenandelstabell i vilkåra. Den lågaste eigenandelen er 10.000 kroner.

Kan òg kjøpast i bubilforsikring og elbilforsikring.


Kva dekker maskinskadeforsikring?

Maskinskadeforsikringa dekker skader som oppstår «plutseleg og uforutsett». Skader som skuldast gradvis slitasje eller manglande vedlikehald er ikkje dekka. Oversikta er forenkla, sjå vilkår for detaljar.

For bensin- og dieselbilar dekker maskinskadeforsikringa:

  • Motorblokk og dens innvendige delar
  • Topplokk, ventilar og kamaksel
  • Turbo og wastegate ventil/ladeluftkompressor
  • Coil
  • Innsug og eksosmanifold
  • Elektronisk styreenhet til framdriftsmotor og girkasse
  • Innsprøytingssystem, pumper, dyser og sensorer
  • EGR-ventil og EGR-kjølar
  • Vasspumpe
  • Startmotor
  • Dynamo
  • Lambdasonde
  • NOX-sensor
  • AdBlue-dyse, styreenhet med tank

For hybrid- og elbilar dekker maskinskadeforsikringa:

  • Høgvoltsbatteri
  • Spenningsomformer (DC/DC)
  • Strømvekslar
  • Fabrikkmontert batterilader
  • El-motor og dens girkasse
  • Styring for el-motor, høgvoltsbatteri og girkasse
  • Ladekontakten og dens stillmotor
  • PTC-varmar og AC/klimakompressor der den har kjøle-/varmefunksjon mot høgvoltsbatteri

 

For gir, styring og kraftoverføring dekker maskinskadeforsikringa:

  • Innvendige bevegelege delar i girkassa
  • Dobbeltmasse svinghjul
  • Hovudsylinder og slavesylinder
  • Fordelingsgirkasse/vinkeldrev
  • Differensial, mellomaksel og drivaksel utan mansjetter
  • Innvendig elektronisk girveljar
  • Servopumpe

Vilkår maskinskadeforsikring

Fullstendige vilkår

Har du forsikring hos oss frå før, må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg. 
Her kan du laste ned vilkåra som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.


Når bør eg velje maskinskadeforsikring?

Er bilen din eldre enn 5 år, har garantien som regel gått ut. Då anbefaler vi tilleggsdekning for maskinskade. Er bilen din under 5 år, er du ofte dekka av garantien, men maskinskadeforsikring kan likevel vere aktuelt viss du ønsker ekstra tryggleik.

Får eg leigebil ved maskinskade?

Fram til vi veit om forsikringa dekker skaden, får du inntil 5 dagar med leigebil, så lenge du har tilleggsdekning for leigebil. Viss forsikringa dekker skaden, får du leigebil så lenge bilen vert reparert på verkstaden, inntil 45 dagar.


Batteriforsikring for elbil og hybrid

Maskinskadeforsikringa dekker elbilen og hybridbilen sitt batteri (høgvoltsbatteri). Er batteriet i bilen eldre enn 5 år, trekkast det ein prosentdel av erstatningsbeløpet (aldersfrådrag), med mindre det kan nyttast tilsvarande brukte delar til batteriet.

Bilens alder Aldersfrådrag
0 - 5 år 0 %
6 år 10 %
7 år 20 %
8 år 30 %
9 år 40 %
10 år 50 %

Har du hatt maskinskade?


Blant Norges beste på skadeoppgjer

*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Forsikringsselskapet vårt, Fremtind, kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeteneste og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, mellom 22 andre forsikringsselskap.

Les om våre best i test-utmerkingar

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }