Ansvarsforsikring på bil (også kjent som trafikkforsikring) er ein type forsikring som er pålagt alle registrerte bilar.
Ansvarsforsikring bil | Trafikkforsikring
Bedrifts-/produktansvar? Sjå ansvarsforsikring bedrift
Kva er ansvarsforsikring?
Ansvarsforsikring (også kalla trafikkforsikring) er lovpålagt å ha når du eig eit køretøy som blir brukt på vegen. Den dekker skadar påført andre personar, deira eigedelar og eigedom. Lova om ansvarsforsikring omfattar bilansvarslova.
Det som er viktig å hugse på med ansvarsforsikring, er at viss du er skuld i ein kollisjon eller utforkøyring dekker ikkje forsikringa skadar på eigen bil.
Som ein tommelfingerregel bør du berre droppe kasko viss du har råd til å reparere eller kjøpe ein tilsvarande bil, viss noko skulle skje.
Bedrift? Sjå bilforsikring bedrift
Kva dekker ansvarsforsikringa?
- Førar- og passasjerulukke
- Andre køyretøy
- Bygningar
- Andre sine eigedelar
- Rettshjelp
Ønsker du fleire dekningar kan du oppgradere til delkasko, kasko eller toppkasko.
Lovar og reglar
Bilansvarslova
Bilansvarslova er «lov om ansvar for skade gitt av motorvogn» og omtalar tre sentrale reglar.
- Det objektive bilansvaret (motorvogna har eit ubetinga erstatningsansvar uavhengig av om nokon har vist skuld)
- Forsikringsplikta (alle motorvogner pliktar å ha ansvarsforsikring som dekker erstatningsansvaret)
- Erstatning og straff (skadelidande kan krevje erstatning direkte frå forsikringsselskapet som har forsikra motorvogna)
Viss eg ikkje har ansvarsforsikring
Om du har eit registrert køyretøy må du minimum ha ansvarsforsikring for å unngå dagsgebyr frå Trafikkforsikringsforeininga. I tillegg blir du personleg erstatningsansvarleg viss du påfører skade på personar, eigedelar og eigedom.
Har du avskilta køyretøyet og meldt ifrå om dette til Statens vegvesen, er du ikkje pliktig til å ha ansvarsforsikring.
I ulykker med uforsikra køyretøy får ofra erstatning frå Trafikkforsikringsforeininga. Trafikkforsikringsforeininga vil deretter krevje erstatning frå føraren av køyretøyet som var ansvarleg for ulykka.
Billån med pant i bilen
Viss du har eit billån med pant i bilen får du ikkje kjøpe rein ansvarsforsikring. Då må du minimum ha kaskoforsikring. Dette er fordi panten er sikkerheita långjevaren har i bilen. Skulle du til dømes få ein totalskade på ein rein ansvarsforsikra bil, ville ikkje lenger långjevaren ha sikkerheit for lånet i bilen.
Om du berre ønsker rein ansvarsforsikring på ein bil med lån, må det vere eit kaskofritt billån.
Ansvarsforsikring
Ønsker du å sjekke pris på ansvarsforsikring treng vi eit par opplysningar om deg og bilen.
Vilkår og produktinformasjon
Fullstendige vilkår
Har du forsikring hos oss frå før, må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg.
Her kan du laste ned vilkåra som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.
Tilleggsdekningar
Kva lurer andre på?
Trafikkforsikringsavgift er det som tidlegare var årsavgift på køyretøy. Myndigheitene har bestemt at alle registrerte køyretøy med lovpålagt ansvarsforsikring må betale denne avgifta. Det er forsikringsselskapa som krev inn den nye avgifta, for staten.
På fakturaen er trafikforsikringsavgifta spesifisert for kvart køyretøy og beløpet blir delt opp i same tal betalingsterminar som forsikringsavtalen.
Mi bilforsikring finn du ved å logge inn til mine forsikringar (mi side). Her kan du mellom anna:
- Sjå detaljar, vilkår og forsikringspapir
- Endre betalingsfrekvens (månadleg, kvartalsvis, halvår eller årleg)
- Melde skade, hending eller uhell
- Endre kilometerstand og køyrelengde
- Sjå pris, eigenandel, tilleggsforsikringar o.l.
- Bestille grønt kort for utanlandskøyring + mykje meir
Hovudforfall er den datoen forsikringsavtalane dine blir fornya, og er éin gong i året. Når du kjøper ei forsikring så er dette i hovudsak ein årsavtale. Det betyr ikkje nødvendigvis at du er bunden til avtalen i eit år. Du kan seie opp ei løpande forsikring viss behovet forandrar seg eller viss du flyttar forsikringa til eit anna selskap. Forsikringsavtalen blir fornya automatisk når det har gått eit år, på hovudforfallsdatoen.
Dei fleste forsikringar har ulik risiko avhengig av årstida og sesong, medan prisen du betalar for løpande forsikringsavtalar som regel er den same kvar månad. For nokre forsikringar så svingar denne risikoen så mykje at vi har ein såkalla sesongvariert pris.
Du kan finne datoen for hovudforfallet for forsikringane dine i forsikringsavtalane, under forsikringsperiode. Forsikringsavtalane finn du ved å logge inn til mine forsikringar, i mobilbanken eller nettbanken. Som regel har alle dei individuelle skadeforsikringane dine same hovudforfallsdato.
Ved hovudforfall kan forsikringsselskapet endre prisar og vilkår, men må informere om endringane i fornyingsdokumenta. Selskapet kan ikkje endre prisar og vilkår på løpande avtalar med unntak av om risikoen endrar seg. Døme der risikoen endrar seg er viss du endrar køyrelengda i bilforsikringa, eller du byrjar å leige ut huset du har forsikra.
Eit anna eksempel er viss eigenandelen ved veghjelp går opp frå 750 kr til 1000 kr etter at du har inngått avtale om bilforsikring. Då vil du framleis ha 750 kr i eigenandel (ved veghjelp) fram til neste hovudforfall.
Sjå også
Korleis endrar eg forfallsdato?
Kva er ein kollektiv forsikring?
Kva er forsikringspremie?
Kva er regress?
Kven er forsikringstakar?
Forsikringspremie er det same som forsikringspris. Altså prisen du betalar for ei forsikring.
Forsikringspremie (årspremie, premieauke osv.) kjem frå det latinske ordet praemium, som betyr belønning/pris/gevinst. Det er eit gamaldags uttrykk og skapar ofte forvirring då det ikkje har noko med dagens ord "premie" å gjere. Forsikring er vanskeleg nok for mange utan at vi treng å gjere det meir komplisert. Vi har difor valt å ta det vekk frå nettsidene våre og heller bruke orda "pris" eller "kostnad".
Ønsker du å sjekke prisen før du kjøper kan du bruke forsikringskalkulatoren vår.
Forsikringsbevis og forsikringspolise er det same. Det som tidlegare vart kalla forsikringspolise blir vanlegvis no kalla forsikringsbevis. Forsikringsbeviset er eit dokument som inneheld informasjon om forsikringa di. Forsikringsbeviset ligg i forsikringsavtalen din og informasjonen beskriv blant anna:
- Kva forsikringa dekker
- Forsikringssum
- Kven/kva som er forsikra
- Kven som eig forsikringa
- Forsikringsnummer/polisenummer
- Kven som er begunstiga
Forsikringsbevis i utlandet
- Forsikringsbevis på bilkøyring i utlandet kallast grønt kort. Les meir om grønt kort
- Reiseforsikringsbevis kallast ofte reisekort. Les meir om reiseforsikringsbevis
Kor finn eg forsikringsbeviset mitt?
Forsikringsbeviset ditt finn du i avtaledokument under aktuell forsikring, ved å logge inn i mine forsikringar eller mobil-/nettbanken.