Kva er ein open post?

Omgrepet open post refererer til transaksjonar som ikkje er avslutta eller avrekna i rekneskapen. Typiske døme er viss kunden din ikkje har betalt fakturaen du har sendt, eller at du sjølv ikkje har betalt ein faktura du har fått. 

Illustrasjon av mann som forklarer open post til kvinne føre ei tavle

Oversikt over opne postar

Alle opne postar finn du i det som kallast ein reskontro. Dette er ein underkonto til dei andre rekneskapskontoane dine. Det er lovpålagt å ha ein reskontro for alle kundane og leverandørane dine når du fakturerar.

Når du går inn i oversikta over opne postar i rekneskapen, ser du saldoen på alle reskontroane dine. Dersom denne ikkje er null, har du ein open post i rekneskapen. Ved å bruke reskontrooversikta får du ei god oversikt over kva som er fakturert og betalt, og kven du har noko uoppgjort med. 

Med ein gong ein faktura blir registrert som betalt, blir denne posten lukka, og handelen blir registrert som oppgjort i rekneskapen din.


Andre døme på opne postar

Opne postar er ikkje berre ubetalte fakturaer. Det kan òg vere ein transaksjon som ikkje er knytt mot ein annan i til dømes bankavstemminga eller på ein hovudbokkonto. Viss du til dømes på bankavstemminga har 100 kroner på kontoutskrifta som ikkje er bokført i rekneskapen, har du ein open post på bank. I motsett fall ville du hatt ein open post i rekneskapen.

Eit anna døme er når du periodiserar ein faktura, så fordeler du den over fleire rekneskapsperiodar. Du gjer då ein debetføring mot ein periodiseringskonto i balansen på heile fakturasummen. Kvar månad som fakturaen gjeld for kostnadsfører du i debet på ein resultatkonto med den same periodiseringskontoen i kredit. På slutten av kvar periode tar du ein avstemming der du kryssar den opphavlege debetføringa (heile fakturasummen) mot kreditføringa (kostnadsføringa). Inntil periodiseringa er ferdig vil det då stå ein open post på den aktuelle periodiseringskontoen. Dette er ikkje feil, men vil vere ein open post som må dokumenterast.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }