Pengane ei bedrift tener på sal av varer eller tenester i løpet av ein bestemd periode, kallast for omsetnaden til bedrifta.
Kva betyr omsetnad?
Omsetnad = pengane ei bedrift tener
Omsetnad er det totale beløpet ei bedrift tener ved sal av varer eller tenester. Kort fortalt, det er inntekta frå sjølve salet. Viss ei bedrift til dømes har selt varer eller tenester for fem millionar kroner, vil omsetnaden vere fem millionar kroner. Dette er det totale beløpet før skatt og eventuelle frådrag er tatt i betraktning.
Inntekter som ikkje er direkte relaterte til bedriftsverksemda blir ikkje tald med i omsetnaden, til dømes:
inntekter forbunde med produksjon eller drift.
inntekter frå sal av større eigedelar.
tilskot frå offentlege støtteordningar.
Omsetnad på ei vare eller teneste minus kostnadene kallast profitt. Bedrifta kan velje om dei vil bruke profitten til nye investeringar eller tilskot, eller utbetale utbytte til eigarane.
Er meirverdiavgift ein del av omsetnaden?
Meirverdiavgift, forkorta mva. eller på folkemunne kalla moms, er ei offentleg avgift på varer og tenester i Norge. Avgifta skal som hovudregel krevst inn av sel på alle varer og tenester. Den blir lagd til verdien av produktet eller tenesta etter sats fastsett av styresmaktene, og blir betalt av forbrukaren til seljar. Meirverdiavgifta blir deretter innbetalt til styresmaktene av bedrifta som sel vara eller tenesta.
Meirverdiavgift blir ikkje rekna som ein del av omsetnaden til bedrifta.
Sel du til dømes ei teneste for 1.000 kroner + 250 kroner i mva., er omsetnaden din på 1.000 kroner, sjølv om du fakturerte ein sum på 1.250 kr.
Kontantsal eller kredittsal?
Når du har ein butikk eller ein nettbutikk som har kontantsal, får du vanlegvis betalt med ein gong frå kundane når du sel vara eller tenestene dine. Viss du ikkje har meirverdiavgift på vara eller tenestene dine vil omsetnaden vere omtrent det same som det du får utbetalt på bankkontoen din. Det finst rett nok ein del unntak, fordi mange kredittkortselskap og betalingsformidlarar trekker gebyr frå det du får utbetalt.
For mange bedrifter er det meir naturleg å sende faktura til kundane og få betalt seinare. Dette kallar vi kredittsal. Ved kredittsal kan du ha ei høg omsetnad for ein periode, sjølv om du ikkje kan sjå beløpa på bankkontoen. Dette er fordi kundane ikkje har betalt endå, medan omsetnaden følger datoen som står på fakturaen du sende til kundane.
På dei fleste varer og tenester er bedrifta di pliktig til å betale meirverdiavgift. Sidan dette ikkje inngår i omsetnaden vil du vanlegvis ikkje kunne samanlikne omsetnaden med beløpa som kjem inn på bankkontoen din.
Omsetnaden vs. inntekter, kva er forskjellen?
Inntekter er summen av alle pengar ei bedrift har tent i ein gitt periode, uavhengig av kvar dei kjem frå.
Omsetnad er inntekter som er knytt til salet av varer og tenester i bedrifta, og inkluderer til dømes ikkje inntekter knytt til aksjar eller verdipapir.
Enkelt forklart kan ein altså seie at omsetnaden er ein del av inntektene i eit selskap, men ikkje nødvendigvis alle inntektene.
Korleis bokføre omsetnad i rekneskapen?
Ei bedrift må i sitt rekneskap vise inntektene til bedrifta minus alle kostnader. For å få inntektene til å bli riktig må du bokføre omsetnaden i rekneskapen din. Når du gjer dette skal du følge reglane for dobbel bokføring. Her er eit enkelt bokføringsdøme på kva som skjer når du sender faktura til ein kunde:
Inntekta blir bokført til kredit på ein inntektskonto, medan det same beløpet blir bokført til debet på kunden sin reskontro for å vise at kunden skylder deg desse pengane.
Når kunden betaler, krediterer du kunden sin reskonto og debiterer bankkontoen kunden har betalt til. Dette viser at betalinga er mottatt og at kunden har gjort opp for seg. Du vil då ha balanse i rekneskapen og ha bokført alt riktig.
Omsetnaden skal alltid periodiserast korrekt, slik at omsetnaden blir framommer i riktig rekneskapsperiode. Det er verd å merke seg at rekneskapsreglar er kompliserte, så det kan vere greitt å få hjelp frå ein rekneskapsførar for å vere sikker på at du gjer alt riktig.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}