Starte aksjeselskap
Å starte eit aksjeselskap har aldri vore enklare! Vi passar på at alle papir blir rette, så du kan tenke på andre ting.
Å starte eit aksjeselskap har aldri vore enklare! Vi passar på at alle papir blir rette, så du kan tenke på andre ting.
Å starte eit aksjeselskap treng ikkje å vere så veldig komplisert. Her får du ei enkel oversikt over prosessen.
Når du skal opprette eit aksjeselskap, må selskapet først stiftast. Når stiftingsdokument og vedtekter er signerte, blir selskapet rekna som stifta.
Stiftingsdokumentet inneheld informasjon som føretaksnamn, verksemd, eigarar, styremedlemmer og kor mykje aksjekapital du startar med (minimum 30.000 kroner).
Stiftelsesokumentet og vedtektene du får hos oss er standardiserte dokument, og kan ikkje tilpassast.
Selskapet er stifta når alle som har aksjar i selskapet har signert stiftingsdokumentet.
Når selskapet er stifta, blir det oppretta ein bedriftskonto hos oss. Her set du inn aksjekapitalen på minimum 30.000 kroner.
Aksjekapitalen er summen av det eigarane investerer i bedrifta, med eit minimum på 30.000 kroner. Denne er bunde og kan ikkje takast ut som utbytte, men kan brukast til å betale utgifter fram til bedrifta har inntekter.
Innbetaling av aksjekapital skal gjerast av kvar enkelt aksjeeigar (viss det er fleire eigarar), slik det står i stiftingsdokumentet.
Bedriftskontoen er sperra fram til selskapet er registrert i Brønnøysundregistera, og du har fått organisasjonsnummer.
Greitt å vite
Når aksjekapitalen er stadfesta hos oss, registrerer vi selskapet i Brønnøysundregistera for deg, og du får eit organisasjonsnummer.
Frå og med 1. januar 2024 garanterer Brønnøysundregistera ei behandlingstid på inntil 5 virkedagar på registrering av selskap som kjem frå løysinga vår.
Du får beskjed frå oss så snart organisasjonsnummeret ditt er klart.
Ut over dette kan du sjå behandlingstid på brreg.no på vanlege registreringar.
Når organisasjonsnummeret er klart, er du i gang. Du kan no begynne å ta betalt for varene og tenestene til bedrifta, og ordne alt det du treng av bank-, forsikrings- og rekneskapstenester hos oss.
Når du opprettar eit AS gjennom oss, kan du velje dei produkta og tenestene som passar for bedrifta di undervegs i løysinga.
Desse blir oppretta automatisk:
Desse kan du enkelt velje som tillegg:
Alle produkt og tenester utover dette finn du på linken nedanfor.
Eit aksjeselskap (AS) er ei selskapsform der bedrifta er ei eiga juridisk eining. Det betyr at det er bedrifta, ikkje du personleg, som er ansvarleg for gjeld og andre forpliktingar. Som eigar riskerer du normalt ikkje å tape meir enn pengane du har investert i selskapet.
For mange gir dette ein ekstra tryggleik, fordi privatøkonomien din vert halden adskilt frå selskapet.
Eit aksjeselskap kan vere både enkelt og fleksibelt å drive, enten du startar åleine eller saman med andre. Du kan faktisk fylle fleire roller sjølv – som eigar, styremedlem, dagleg leiar og ansatt – noko som gjer det enklare å kome i gang.
Sidan eigarskapet er delt opp i aksjar kan du òg hente inn investorar eller selje deg ut.
Samtidig er det nokre krav du må oppfylle:
Å starte eit aksjeselskap kan vere aktuelt viss du vil bygge noko over tid og samtidig redusere personleg risiko. Mange vel å starte AS fordi det gir
Kva organisasjonsform som passar for akkurat di bedrift avhenger av mange faktorar. Les meir om forskjellane og finn ut kva som lønner seg for deg.
Å starte eit aksjeselskap (AS) i 2026 kostar 6825 kroner i gebyr til Brønnøysundregistrene og at du har ein aksjekapital på minst 30.000 kroner.
Aksjekapitalen er pengar du set inn i bedrifta, som du kan bruke til å betale stiftelsessgebyret, kjøpe nødvendig utstyr, betale lønn til deg sjølv eller anna du treng for å komme i gang. Det eine du ikkje kan gjere er å ta ut pengane som utbytte.
Når du tilset, får du fleire juridiske og administrative plikter.
Du må
Mange små og mellomstore bedrifter brukar digitale verktøy for å halde oversikt over pliktene.
Få oversikt over dei viktigaste forskjellene mellom aksjeselskap og enkeltpersonføretak – slik at du finn ut kva som passar best for deg.
I samarbeid med Brønnøysundregistera har vi no gjort det mykje smidigare å starte eit AS. Du ordnar alt du treng i ei og same løysing, og tida med fleire ulike skjema på forskjellige plassar er forbi. Dette betyr mykje tid spart, og ein superenkel reise for deg som skal starte di eiga bedrift.
Med nettbank bedrift får du god oversikt over økonomien. Du kan betale rekningar, flytte pengar og bruke verktøya våre for å planlegge.
Rekneskapsprogram som passar godt for dei fleste bedrifter. Vi har integrasjon mot dei aller fleste.
Bedrifter med tilsette er lovpålagt å ha yrkesskadeforsikring, men det er òg lurt med andre forsikringar som trygger framtida til bedrifta.
Bedrifter med tilsette er lovpålagt å spare til pensjon. Ei god pensjonsordning er viktig når du skal tilsetje nye folk, men også for å behalde dei som jobbar for deg.
Gratulerer med eiga bedrift! Å vere sin eigen sjef gir deg stor fridom, men også risiko, rapporteringsplikter og fristar å hugse på. Feir oppstarten i dag! I morgon hjelper vi deg på vegen vidare.
Få tips og råd, inspirasjon, metodar og oppskrifter når du skal starte bedrift. Kva du må tenke på, og kva du må gjere for å komme i gang. Tipsa er samla i ein pdf.