Vi trengar dine personopplysningar for å kunne opprette og vedlikehalde ditt kundeforhold, slik at du kan bruke våre bank- og finansieringstenester. Vi behandlar òg personopplysningar for å kunne gi deg informasjon, tilbod og oppfylle våre forpliktingar.
Når du blir kunde hos oss, må vi registrere relevante opplysningar om deg. Nokre opplysningar treng vi frå alle kundar, medan andre opplysningar avheng av kva produkt og tenester du skal ha eller nytte.
For å etablere eit kundeforhold må vi stadfeste identiteten din. Dette er eit viktig sikkerheitstiltak som gjer at vi kan vere sikre på kven vi har eit kundeforhold med og kven som brukar våre tenester. Vi bruker BankID til sikker innlogging og signering av avtaler, men det er også mogleg å bruke enkelte tenester utan BankID.
Vi brukar dine personopplysningar hovudsakleg fordi det er nødvendig for å gjennomføre ei avtale med deg. I tillegg er vi pålagde å behandle personopplysningar for å oppfylle rettslege forpliktingar etter finanslovgjevinga og anna relevant regelverk for oss.
Identifikasjons- og kontaktopplysningar.
I samband med etablering av kundeforhold, er vi også lovpålagde å behandle opplysningar for å førebygge og avdekke økonomisk kriminalitet, sjå informasjon under «Førebygge og avdekke økonomisk kriminalitet».
Vi innhentar desse personopplysningane direkte frå deg og Folkeregisteret.
Vi lagrar desse opplysningane i inntil 13 år etter avslutta kundeforhold.
Konto og betaling
Når du er kunde hjå oss, bruker vi personopplysningane dine til å tilby deg konto- og betalingstenester. Du kan få oversikt over kundeforholdet ditt og gjennomføre ulike banktenester i nett- og mobilbanken. Der kan du blant anna inngå nye bankavtalar og administrere konto, kort, betalingar, lån, spareprodukt, samtykkjer, samt kommunisere digitalt med banken. Dersom du oppgjer at du er LO-medlem, bruker vi denne opplysninga for å sikre at du får dei fordelane du har krav på.
Vi behandlar også opplysningar om kva betalings tenester du har aktivert knytt til dine kort og kva betalingsteneste du har brukt til å gjennomføre eit kjøp, for eksempel Vipps og Apple Pay.
Vi bruker dine personopplysningar hovudsakleg fordi det er nødvendig for å gjennomføre ein avtale med deg. I tillegg er vi pålagde å behandle personopplysningar for å oppfylle rettslege forpliktingar etter finanslovgjevinga og anna relevant regelverk for oss. For nokre av våre tenester og føremål bruker vi også personopplysningar basert på ditt samtykke.
Identifikasjons- og kontaktopplysningar, kort- og kontoinformasjon, transaksjonsopplysningar og fagforeiningsmedlemskap.
Vi innhentar desse personopplysningane direkte frå deg. Avhengigig av kva teneste du ønsker å nytte, hentar vi også opplysningar frå Lånekassen, Gjeldsregisteret, ditt LO-forbund (bekrefting av fagforeiningsmedlemskap) eller andre bankar. Sistnemnde er relevant dersom du ønsker å sjå kontoar frå desse bankane i din oversikt hos oss.
Vi lagrar desse opplysningane i inntil 13 år etter avslutta kundeforhold.
Lån og andre kredittar
Vi bruker dine personopplysningar når du søker om lån hos oss. Vi må òg gjennomføre ei kredittvurdering av deg for å kunne avgjere om vi kan innvilge lånet. Det gjeld for eksempel viss du har søkt om lån med pant i fast eigedom, herunder hytte-, bustad- eller rammelån, kredittkort og forbrukslån.
Våre kredittprosessar er heilt eller delvis automatiserte. Det betyr at beslutninga om lånet kan innvilgast i utgangspunktet kan skje utan at eit menneske er involvert. Dersom ei avgjersle utelukkande er basert på automatisk behandling og har rettslege eller tilsvarande vesentlege konsekvensar for deg, har du rett til å be om at avgjerda blir vurdert manuelt, til å gi uttrykk for ditt synspunkt og til å bestride avgjerda. Du kan kontakte oss for å utøve desse rettane.
Når låneavtalen er inngått, bruker vi personopplysningar for å følge opp kundeforholdet og registrere løpande nedbetaling av lånet ditt. Ved manglande betaling kan vi dele nødvendige personopplysningar med eit inkassoforetak slik at dei kan hjelpe oss med å følgje opp betalingen. Vi kan òg selje lånet eller kreditten til eit inkassoforetak dersom vi ikkje oppnår å få betalt. I slike tilfelle vil inkassoforetaket overta retten til å inndrive kravet og ha behandlingsansvar for opplysningar som vi har delt med dei til dette føremålet.
Vi bruker dine personopplysningar hovudsakleg fordi det er nødvendig for å gjennomføre ei avtale med deg. I tillegg er vi pålagde å behandle personopplysningar for å oppfylle rettslege forpliktingar som følger av finanslovgjevinga og anna relevant regelverk for oss.
Kva for personopplysningar vi behandlar, avhenger av kva lån du har søkt om. For eksempel samlar vi inn ulike opplysningar ved søknad om bustadlån og billån.
Generelt kan vi behandlinge identifikasjons- og kontaktopplysningar, opplysningar om økonomi og betjeningsevne (som inntekt, eigendelar, formue og eigenkapital), gjelds- og kredittopplysningar, transaksjonsopplysningar og betalingshistorikk, inkludert betalingsanmerkningar (interne og eksterne). Vi behandlar òg opplysningar om arbeidsforhold, utdanning og fagforeiningsmedlemskap, samt familieforhold som sivilstatus og forsørgaransvar. I tillegg kan vi behandle opplysningar om medlåntakarar og kausjonistar.
Vi innhentar desse personopplysningane direkte frå deg. Avhengig av kva lån du har søkt om, henter vi òg opplysningar frå Altinn, Gjeldsregisteret, Eiendomsregisteret, Kjøretøyregisteret, Løsøreregisteret, kredittopplysningsføretak og ditt LO-forbund (bekrefting av fagforeiningsmedlemskap).
Vi behandlar desse opplysningane i inntil 13 år etter avslutta kundeforhold.
For nokre opplysningar gjeld lengre lagringstid. Dette er opplysningar vi er rettsleg forplikta til å behandle for å kunne vurdere kredittrisiko og oppfylle krav til mellom anna kapitalkrav. Slike opplysningar kan lagrast i opptil 50 år etter avslutta kundeforhold. Tilgangen til desse opplysningane er strengt avgrensa. Du finn meir informasjon under «Vurdering av kredittrisiko».
Dersom det ikkje blir oppretta låneavtale, slettar vi opplysningane dine 6 månader etter at du mottok tilbodet.
Vurdering av kredittrisiko
Vi brukar personopplysningar for å vurdere kredittrisiko og risiko knytt til kapitalkrav når vi tilbyr lån og andre kredittar. Det inneber at vi brukar dine personopplysningar i analyser og modellar slik at vi kan berekne sannsynligheita for at eit lån ikkje blir betalt som avtalt. Slike berekningar er nødvendige for at banken skal kunne sikre ansvarleg utlån og ta godt vare på deg og bankens verdiar. Behandlinga skjer både når du søker om lån, og seinare i kundeforholdet, for å følge opp risiko over tid.
Vi brukar dine personopplysningar for å oppfylle våre rettslege forpliktingar etter finanslovgjevinga. I nokre tilfelle er behandlinga basert på berettiga interesse, der vi har vurdert at vår interesse i å sikre forsvarleg risikostyring, veg opp mot personvernulempene for deg.
Identifikasjons- og kontaktopplysningar, opplysningar om økonomi og betjeningsevne (som inntekt, eigedomar, formue og eigenkapital), gjelds- og kredittopplysningar, transaksjonsopplysningar og betalingshistorikk, inkludert betalingsmerknader (interne og eksterne), arbeidsforhold og inntektskjelder, utdanning, sivilstatus og forsørgaransvar, samt næringsinteresser og roller i føretak, samt din bruk av bankens produkt og tenester.
Vi innhentar personopplysningar direkte frå deg, Gjeldsregisteret og kredittopplysningsføretak.
Vi lagrar desse opplysningane i inntil 50 år etter avslutta kundeforhold.
Sparing og investering
Vi bruker personopplysningar for å kunne opprette og vedlikehalde dine sparekontoar, og yte investeringstenester til deg.
For å kunne yte investeringstenester innhentar vi opplysningar som gjer oss i stand til å vurdere om produktet er eigna og passar behova dine med omsyn til den påtenkte investeringstenesta eller det påtenkte investeringsproduktet. Dette kan for eksempel gjelde porteføljeforvaltning og handel i aksjar, rente, valuta, obligasjonar og verdipapirfond.
Vi er pålagde å dokumentere alle samtalar som omhandlar eller leder til yting av investeringstenester per telefon eller annan elektronisk kommunikasjon. Dette dokumenterer vi gjennom opptak av telefonsamtalar og videomøte, samt lagring av annan elektronisk kommunikasjon.
Enkelt av spare- og investeringsproduktene vi tilbyr vert levert av samarbeidspartnarane våre. For slike produkt må du også inngå eiga avtale med relevant samarbeidspartnar.
Vi bruker dine personopplysningar hovudsakleg fordi det er nødvendig for å gjennomføre ei avtale med deg. I tillegg er vi pålagde å behandle personopplysningar for å oppfylle rettslege forpliktingar som følger av finanslovgjevinga og anna relevant regelverk for oss.
Identifikasjonsopplysningar, kontaktopplysningar, di risikoprofil (f.eks. utdanning, erfaring, bærekraftspreferansar), produkt, beholdning, andre finansielle opplysningar og øvrige opplysningar som kjem fram i kommunikasjonen med deg.
Vi innhentar personopplysningar frå deg, samt frå offentlege register som Folkeregisteret og Gjeldsregisteret.
Vi lagrar desse opplysningane i inntil 13 år etter avslutta kundeforhold.
Lovpålagd lydopptak slettast etter 5 år.
Kundeservice og rådgiving
Vi ønsker å vere tilgjengeleg for våre kundar både digitalt og fysisk, for å kunne yte best mogleg kundeservice og rådgjeving. Nett- og mobilbanken er vår føretrekne kanal for å kommunisere med deg på ein trygg og sikker måte. I tillegg er vi tilgjengelege på e-post, chat, brev, telefon, i møter og andre kanalar, som for eksempel sosiale medium.
Vi lagrar all skriftleg dialog og ei oppsummering av munnleg dialog med deg for å kunne følgje opp og dokumentere di henvending. Oppsummeringa kan skje med støtte frå kunstig intelligens, herunder ved transkribering av samtalen.
Vi gjennomfører opptak av samtalar til opplærings- og kvalitetsføremål. Du får moglegheita til å reservere deg mot slike opptak.
Vi bruker dine personopplysningar hovudsakleg fordi det er nødvendig for å gjennomføre ei avtale med deg. Vi bruker òg personopplysningar basert på berettiga interesse, der vi har vurdert at vår interesse i å sikre god kundeservice, kvalitet i rådginga og effektiv handtering av kundehenvendelsar, veg opp mot personvernulempene for deg.
Identifikasjonsopplysningar, kontaktopplysningar og andre opplysningar som kjem fram i dialogen med deg.
Vi lagrar desse opplysningane i inntil 13 år etter avslutta kundeforhold.
Chat
Vår chatbot skal effektivisere vår kundeservice og kunne svare på enklare henvendingar frå deg. I nokre tilfelle brukar vi kunstig intelligens for at chatboten skal kunne forstå spørsmål og gi deg treffande svar. Vi tek forbehold om at desse svara kan innehalde feil. Dersom du undervegs ønskjer å snakke med ein rådgivar, vil chatsamtalen bli tilgjengeleg for rådgivaren, slik at vi kan hjelpe deg raskare.
Startar du ein chat utan å vere innlogga på våre nettsider, behandlar vi kun din IP-adresse. Chatsamtalen kan brukast til statistikk og analyse for å forbedre kundeservicen vår. Det er først når du loggar inn i nett- eller mobilbanken at samtalen blir knytt til deg som kunde.
Vi brukar dine personopplysningar hovudsakleg fordi det er nødvendig for å gjennomføre ein avtale med deg. Vi brukar også personopplysningar basert på berettiga interesse, der vi har vurdert at vår interesse i å sikre god kundeservice, kvalitet i rådgivninga og effektiv handsaming av kundehenvendingar, veg opp mot personvernulempene for deg.
Dersom du er innlogga, behandlar vi identifikasjonsopplysningar, kontaktopplysningar og andre opplysningar som kjem fram i dialogen med deg. Viss du ikkje er innlogga, behandlar vi berre din IP-adresse.
Viss du er innlogga, lagrar vi chatsamtalen i inntil 13 år etter avslutta kundeforhold. Hvis du ikkje er innlogga, lagrar vi chatsamtalen i eitt år.
Telefon og talebot
I nokre tilfelle kan du komme i kontakt med vår talebot for å få ein meir effektiv kundeservice på telefon. Vi bruker kunstig intelligens for at taleboten skal forstå spørsmåla og gi deg treffande svar. Vi tek forbehold om at desse svara kan innehalde feil. Vår talebot vil ellers, basert på kva du treng hjelp med, rute deg vidare til rett rådgjevar som hjelper deg nærare med henvendinga di.
Vi tar stikkprøver av spørsmål til taleboten for å teste om den fungerar etter hensikt og forbetre våre svar. For å oppnå dette, tar vi opptak av samtalane med taleboten for å gå gjennom dei i forbetringsarbeid. Vi vil ekskludere lydfiler som inneheld personopplysningar frå forbetringsarbeidet.
Vi bruker dine personopplysningar hovudsakleg fordi det er nødvendig for å gjennomføre ei avtale med deg. Vi bruker også personopplysningar basert på berettiga interesse, der vi har vurdert at vår interesse i å sikre god kundeteneste, kvalitet i rådgjevinga og effektiv handtering av kundehenvendingar, veg opp mot personvernulempene for deg.
Identifikasjonsopplysningar, kontaktopplysningar og andre opplysningar som kjem fram i dialogen med deg.
Vi lagrar desse opplysningane i inntil 13 år etter avslutta kundeforhold. Opptak som er gjort for å forbetre taleboten lagrast i 30 dagar.
Pensjon og forsikring
Vi brukar personopplysningane dine for å kunne tilby deg forsikring, herunder pensjon og person- og skadeforsikring.
Kva for personopplysningar vi behandlar avhenger av kva for forsikring vi har avtalt med deg. For eksempel behandlar vi helseopplysningar dersom forsikringa er ein personforsikring og opplysningar om køyretøyet ditt dersom forsikringa er ein bilforsikring.
Forsikringsprodukta vi tilbyr leverast av samarbeidspartnarane våre, herunder SpareBank 1 Forsikring og Fremtind. For slike produkter må du òg inngå eiga avtale med relevant forsikringsføretak.
Vi brukar dine personopplysningar hovudsakleg fordi det er nødvendig for å gjennomføre ei avtale med deg. I tillegg er vi pålagde å behandle personopplysningar for å oppfylle rettslege forpliktingar som følger av finanslovgjevinga og anna relevant regelverk for oss.
Identifikasjonsopplysningar, kontaktopplysningar, helseopplysningar, risikoprofil, produkt, beholdning og finansielle opplysningar.
Vi innhentar personopplysningar direkte frå deg, samt frå offentlege registre som Folkeregisteret og Gjeldsregisteret.
Vi lagrar desse opplysningane i inntil 13 år etter avslutta kundeforhold.
Marknadsføring
Vi brukar personopplysningar for å kunne gje deg relevant informasjon, råd og tilbod om våre produkt og tenester. Dette gjeld både når du er kunde hos oss, og når vi kontaktar deg sjølv om du ikkje har eit kundeforhold med banken.
Marknadsføring kan skje gjennom ulike kanalar, til dømes via banner og meldingar i nett- og mobilbanken, e-post, SMS, brev eller telefon. Kva for kanalar vi nyttar, vil variere avhengig av type bodskap, ditt kundeforhold og kva for val du har gjort.
Vi respekterer ditt val dersom du har reservert deg mot marknadsføring.
Vi brukar dine personopplysningar basert på berettiga interesse, der vi har vurdert at vår interesse i å informere om relevante produkt og tenester veg opp mot personvernsulempene for deg. For meir tilpassa marknadsføring, herunder samanstilling og analyse av fleire typar opplysningar for å forstå kva du treng, brukar vi personopplysningar kun dersom du har gitt samtykke. Slikke analyser kan innebere bruk av maskinlæring og profilering (kunstig intelligens). Du kan når som helst trekke dette samtykket tilbake i nett- og mobilbanken.
Identifikasjonsopplysningar, kontaktopplysningar, fødselsdato og kva for produkt og tenester du har hos oss, eller som kan vere relevante for deg.
Dersom du har samtykka til å motta tilpassa råd og tilbod, kan vi i tillegg behandle alle personopplysningar vi har lagra om deg, unntatt opplysningar om fagforeiningsmedlemskap eller andre sensitive personopplysningar.
For deg som er kunde hos oss, hentar vi opplysningar hovudsakleg direkte frå deg. Dersom du ikkje er kunde hos oss, har vi motteke dine kontaktopplysningar i samband med arrangement, gjennom anbefalingar eller frå offentleg tilgjengelege kjelder.
Vi lagrar ikkje personopplysningar særskilt for marknadsføringsføremål. Opplysningane blir gjenbrukt frå andre delar av kundeforholdet og blir brukt kun så lenge dei er relevante og lovlege å bruke til marknadsføring. Behandlinga tek slutt dersom du reserverer deg eller trekker tilbake samtykke.
Førebygge og avdekke økonomisk kriminalitet
Vi brukar dine personopplysningar for å førebygge, undersøke og rapportere økonomisk kriminalitet, herunder bedrageri og svindel, kvitvasking, terrorfinansiering, sanksjonar og andre straffbare handlingar. Formålet er å beskytte deg som kunde, banken og samfunnet mot økonomisk kriminalitet.
Når du blir kunde hos oss, må vi kontrollere identiteten din og stille spørsmål om formålet med ditt kundeforhold og korleis du planlegg å bruke bankens tenester. Vi gjer også løpande vurderingar av risiko knytt til ditt kundeforhold. Det inneber at vi gjennomfører ulike kontroller og analyser av samtlige kundeforhold og transaksjonar i banken. Vi bruker metodar som er basert på både manuell og automatisert behandling, herunder profilering og bruk av kunstig intelligens.
Dersom vi oppdagar aktivitet som kan tyde på at du blir utsett for eller er involvert i økonomisk kriminalitet, kan vi behandle personopplysningar for å sperre dine kort, konto eller BankID. Midlertidig sperring kan vere basert på heilt eller delvis automatisert behandling for å beskytte deg mot svindel. Dersom du opplever at dine produkt eller tenester blir sperra, anbefaler vi at du tar kontakt med oss for vidare støtte og vegleiing.
Vi bruker også personopplysningar for å identifisere kundar og transaksjonar som er underlagde internasjonale sanksjonar (sanksjonsovervaking).
Vi er pålagde å behandle personopplysningar for å oppfylle rettslege forpliktingar etter finanslovgjevinga og anna relevant regelverk for oss. I nokre tilfelle er behandlinga basert på berettiga interesse, der vi har vurdert at vår interesse i å førebygge, avdekke og handtere økonomisk kriminalitet samt beskytte banken, kundane våre og tredjepartar mot misbruk, veier opp mot personvernsulempene for deg.
Identifikasjonsopplysningar, kontaktopplysningar, opplysningar om kundeforholdet og bruken av banktenester, samt finansielle opplysningar som kontoinformasjon og transaksjonar. I tillegg behandlar vi relasjonsopplysningar og om kunden eller andre aktørar i kundeforholdet er politisk eksponert person (PEP) eller nærslektande til PEP. Vi behandlar også informasjon om hendinga kunden, representantar og disponentar er reelle rettigheitshavarar.
Vi innhentar personopplysningar direkte frå deg eller frå offentlege register som Folkeregisteret, Gjeldsregisteret, Kjøretøyregisteret, Eignadsregisteret og Brønnøysundregisteret.
Vi lagrar desse opplysningane inntil 13 år etter avslutta kundeforhold.
Sikkerheit
Vi jobbar løpande med å sikre at dine personopplysningar er beskytta. Vi har ulike organisatoriske, tekniske og fysiske tiltak, som blant anna styringssystem og rutinar, tilgangsstyring, logging, kryptering, brannmurar, sikkerheitskopiering, samt andre tiltak som ivaretar di tryggleik og tryggleiken hos oss. I nokre tilfelle kan desse tiltaka innebere at vi behandlar dine personopplysningar.
De fleste sikkerheitstiltaka er funksjonar som sørger for at dine personopplysningar er trygge. Vi arbeider løpande for å verne dine personopplysningar og våre IKT-system mot dataangrep, utilsiktede handlingar og andre uønskte hendingar.
Vi bruker dine personopplysningar for å oppfylle våre rettslige forpliktingar etter finanslovgivinga og anna relevant regelverk for oss. Vi bruker også personopplysningar basert på berettiga interesse, der vi har vurdert at vår interesse i å ivareta di tryggleik og tryggleiken hos oss, veger opp mot personvernulempene for deg.
Identifikasjons- og kontaktopplysningar og eventuelle andre opplysningar om deg som vert behandla som følge av vårt sikkerheitsarbeid.
Vi lagrar ikkje personopplysningar særskilt for sikkerheitsføremål, med unntak av bilde og videopptak etter kameraovervåking, sjå informasjon under «Kameraovervåking».
Kameraovervåking
Vi bruker kameraovervåking for å førebygge uønskte hendingar og sikre dokumentasjon ved alvorlege hendingar. Dersom politiet etterforskar ei hending, kan vi utlevere opptak i tråd med gjeldande regelverk.
Vi bruker dine personopplysningar basert på berettiga interesse, der vi har vurdert at vår interesse i å ivareta tryggleiken til tilsette, kundar og verdiar, veg opp mot personvernulempene for deg. I tillegg kan vi utlevere videoopptaket når det følger av lov eller gyldig pålegg frå politiet.
Bilete og videoopptak.
Vi lagrar desse opplysningane i inntil 90 dagar.
Verksemdsstyring
Vi bruker personopplysningar for å sikre god og forsvarleg styring av verksemda vår. Det inneber at vi analyserer og samanstiller opplysningar for å få betre innsikt i korleis produkta og tenestene våre blir brukte, og kva behov og forventningar kundane våre har til oss. Denne innsikten bruker vi blant anna til å forbetre eksisterande løysingar, utvikle nye produkt og tenester, og sikre at vi organiserer oss rett med nødvendig kapasitet og kompetanse.
Dokumentasjon for å kunne ivareta våre interesser
Vi bruker dine personopplysningar for å kunne fastsette, gjere gjeldande eller forsvare eit rettskrav frå deg. Vi lagrar dokumentasjon og historikk knytt til ditt kundeforhold så lenge du kan fremje krav mot oss under di avtale. Det er foreldelsesfristen som avgjer kor lenge vi lagrar dokumentasjonen.
Vi brukar dine personopplysningar basert på berettiga interesse, der vi har vurdert at vår interesse i å kunne fastsette, gjere gjeldande eller forsvare eit rettskrav, veg opp mot personvernulempene for deg.
Dokumentasjon og historikk knytt til dine avtalar med oss.
Vi lagrar desse opplysningane i inntil 13 år etter avslutta kundeforhold.
Statistikk
Vi brukar personopplysningar for å utarbeide statistikk, både til intern bruk og for å dele statistikken med offentlege og andre private verksemder. Når statistikken er ferdig utarbeidd, består den av aggregert data som ikkje kan knytast til deg. Eksemplar på statistikk er tidspunkt på dagen flest menneske er på matbutikken, kor mange kundar som bur i einebustad eller kva gjennomsnittspersonar i ein kommune betalar i straum, telefonabonnement eller matforbruk. Formålet med slik statistikk er å oppnå innsikt og vise generelle trendar som kan vere av interesse for samfunnet.
Vi brukar dine personopplysningar basert på berettiga interesse, der vi har vurdert at vår, tredjeparts og samfunnets interesse i å få innsikt i trendar i samfunnet, veg opp mot personvernsulempene for deg.
Kva personopplysningar vi behandlar avhenger av det konkrete formålet med statistikken.
Vi lagrar ikkje personopplysningar særskilt for statistikkformål. Opplysningane blir gjenbrukt frå andre delar av kundeforholdet og blir brukt kun så lenge dei er relevante å bruke til statistikk. Behandlinga opphøyrer når statistikken er utarbeidd og opplysningane ikkje lenger er på individnivå.
Revisjon og kontroll
Vi bruker dine personopplysningar for å kontrollere og sikre at vi er organiserte og driv verksemda på ein forsvarleg måte. Kontrollane skjer løpande, i form av for eksempel stikkprøvekontrollar, temakontrollar og revisjonar internt og eksternt. Dine personopplysningar kan inngå i kontrollgrunnlag, for eksempel når vi sjekkar kvaliteten på opplysningar vi innhentar i samband med antikvitvaskingsarbeid.
Vi overvåkar våre aktivitetar og behandlar personopplysningar i den samanhengen. Kontrollane utførast av både føretaket sine eigne tilsette, innleigde revisorar og styresmaktene.
Vi nyttar dine personopplysningar for å oppfylle våre rettslege forpliktingar etter finanslovgivinga og anna relevant regelverk for oss.
Kva for personopplysningar vi behandlar avhenger av det konkrete føremålet med revisjonen eller kontrollen.
Sletting av personopplysningar er regulert ut frå andre føremål for bruk av personopplysningane.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}