BankID
BankID er ein sikker og enkel måte å identifisere seg på nett. Du brukar den når du loggar inn, betalar og signerer.
BankID er ein sikker og enkel måte å identifisere seg på nett. Du brukar den når du loggar inn, betalar og signerer.
Du må møte opp i banken og identifisere deg med pass m/RFID, reisebevis m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort for å få BankID. Finn bankkontor. Vi hjelper deg med resten!
Last ned BankID-appen på mobiltelefonen din, så slepp du å hugse passord eller tenke på kor du la frå deg kodebrikka!
No kan du logge inn i banken og på andre nettstader, signere dokument og avtaler, og handle trygt på nett.
Svindlarar blir stadig meir utspekulerte i metodane sine. Her kan du sjekke om du ville avslørt svindelforsøket!
BankID er ein sikker og enkel måte å legitimere seg på nett på. Du kan bruke BankID når du skal logge inn i banken og på andre nettstader, når du skal handle på nett, og når du må signere dokument og avtalar.
Derfor kan du ikkje låne bort din BankID
Har du ein forelder som synest at teknologien begynner å bli vanskeleg og som treng hjelp til å logge inn i banken? Eller er du kanskje økonomiansvarleg i familien?
Då har vi løysinga for deg! Ta med gyldig legitimasjon og d-nummeret ditt til oss, så får du tilgang til mobil- og nettbanken.
Barn kan få BankID frå dei er 12 år. Er barnet mellom 12 og 15 år er det er dei med foreldreansvar som må bestille BankID på barnets vegne.
Når dei vaksne har signert avtalen, sender vi ein SMS med beskjed om at BankID er klar. Då kan barnet kome innom banken med pass m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort og få BankID.
Ungdom over 15 år kan kome innom eit av våre kontor å bestille BankID sjølv, forutsatt at dei alt er kunde.
Du kan få melding om å godkjenne nye vilkår for BankID enten på SMS eller når du loggar inn med BankID. For å kunne fortsette å bruke tenesta må du godkjenne vilkåra.
Bakgrunnen er at det har kome nye avtalevilkår for BankID. Dette skuldast ei endring i kven som er avtalepart, og du vil ikkje merke nokon forskjell i korleis du brukar BankID.
Slik godkjenner du vilkåra
Du godkjenner vilkåra ved å logge inn med BankID, for eksempel i nettbanken eller på eit anna nettside der du brukar BankID. Då får du automatisk opp vilkåra i BankID‑vinduet. Når du har godkjent vilkåra, kan du bruke BankID som før. Sjå steg for steg-veiledning
Kva skjer viss eg ikkje gjer noko?
Viss du ikkje loggar inn og godkjenner vilkåra innan 11. august, vil BankID-en din bli sletta. Då må du opprette BankID på nytt ved å møte opp i banken.
Vær merksam på svindel:
Du blir kun bedt om å godkjenne vilkår inne i BankID‑vinduet når du loggar inn. Du vil aldri bli bedt om dette via lenker i SMS eller e‑post.
Mange som brukar BankID vil den komande tida bli bedt om å bekrefte identiteten sin i BankID‑appen på mobilen.
Kvifor må dette gjerast?
Det er eit krav frå myndighetene om å kontrollere at du er rett innehavar av din BankID. Ved å skanne (ta bilde av) pass eller nasjonalt ID‑kort i appen, kan vi vere sikre på at BankID er utstedt til rett person.
Det er ingen tidsfrist, og BankID-en din blir ikkje sperra om du ikkje gjer dette umiddelbart. Du beheld BankID og BankID‑appen som normalt.
Kva må eg gjere?
Følg stega som tilrådd i appen. Sørg for at du har gyldig pass eller nasjonalt ID-kort. For å bekrefte identiteten din, må du skanne gyldig pass eller nasjonalt ID-kort i BankID-appen. På den måten kan vi koble saman deg som person og din BankID. Treng du hjelp til å skanne legitimasjonen eller andre steg i prosessen, kan du spørje ein du stolar på.
Har du utenlandsk pass, ID‑kort som er maskinlesbart, kan du skanne dette i BankID-appen ved å velje “Kun kontroll”.
Er du under 18 år kan du sjå bort frå meldinga i appen førebels. Det er enno ikkje mogleg å bekrefte identiteten digitalt i desse tilfella. Du vil få meir informasjon når dette blir mogleg.
Kan dette vere svindel?
ID‑kontrollen utførast kun inne i BankID‑appen. Du skal aldri bekrefte identiteten din via ein lenke du får i e‑post, SMS eller sosiale medium. Viss du mottek ei melding utanfor appen som ber deg trykke på ei lenke for å bekrefte identiteten din, er det svindel.
Du kan lese meir om ID-kontroll i BankID-appen hos bankid.no
Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med oss på 57 82 97 00.
Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje får brukt BankID. Dette kan skuldast nettlesaren, BankID-appen, eller at nettbanken er mellombels utilgjengeleg.
Viss du får ei feilmelding som startar med BID, så handlar feilen om BankID.
Du kan nytte same BankID i alle bankar i Norge, og treng ikkje å opprette ein ny om du byter bank eller ønsker å bli kunde hos oss.
Ønsker du BankID hos oss, kan du få det ved å møte fysisk i banken med pass m/RFID, reisebevis m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort. Finn bankkontor
Sjå òg:
Utløpt BankID
Har du tasta inn feil BankID-passord for mange gonger, eller BankID er sperra av andre årsaker, må du kontakte oss på 57 82 97 00 for å få opna BankID igjen.
Viss du er over 18 år og har eit norsk fødselsnummer, kan du møte opp i banken med legitimasjon for å få BankID.
Gyldig legitimasjon for å få BankID er pass m/RFID, reisebevis m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort. Vi ber om å sjå legitimasjonen din fordi det er eit lovpålagt krav.
Barn kan få BankID frå dei er 12 år. Det er dei med foreldreansvar som må bestille BankID på barnets vegne.
Er du over 18 år og har pass eller ID-kort kan du bestille nytt passord sjølv i BankID-appen.
Slik gjer du:
Du kan også gå inn på denne sida hos bankid.no og skanne QR-koden som deretter opnar BankID-appen for deg.
Dersom du er under 18 år, ikkje har pass/ID-kort, eller har tastet inn feil BankID-passord for mange gonger og fått BankID-en sperra, kan du ringe oss på 57 82 97 00, så hjelp vi deg vidare.
Sjå også:
Last ned avtalevilkåra for BankID
Slik oppfyller vi dei europeiske krava til sikker elektronisk identifikasjon:
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no