Oppdatering av kundeinformasjon i Kredittbanken

Kvifor må du svare på spørsmåla?

Tilstrekkeleg informasjon om deg som kunde er nødvendig for å førebygge kvitvasking og terrorfinansiering. Difor er vi lovpålagd å stille deg nokre spørsmål om kundeforholdet med jamne mellomrom.

Kredittbanken er SpareBank 1s leverandør av produkt innan usikra kreditt. Det betyr at viss du har kredittkort, refinansieringslån eller forbrukslån hos SpareBank 1, har du kundeforhold også hos dei. Difor må du svare på liknande spørsmål ovanfor Kredittbanken.

Spørsmåla dukkar opp automatisk i nett- og mobilbanken med jamne mellomrom. Du kan også oppdatere kundeinformasjonen ved å bruke knappen nedanfor.

Dame svarer på Know Your Customer-spørsmål på mobilen

Viktig!
Ikkje gi frå deg personleg informasjon via e-post eller på usikre nettsider

Hugs at du aldri må gi frå deg personleg informasjon som pass, fødselsnummer, passord, kodar eller kortinformasjon via e-post eller på usikre nettsider. 

Viss du har fått kommunikasjon som du er usikker på om kan vere svindelforsøk, er det viktig at du ikkje klikkar på lenker, vedlegg eller svarar. Er du i tvil, ta kontakt med oss raskast mogleg.

Har du spørsmål om behandlinga av personopplysningar i samband med dette kan du lese meir i vår personvernerklæring.


Ofte stilte spørsmål

  • Vi har eit ansvar for å ha kunnskap om korleis kundane bruker produkta og tenestene våre. Denne informasjonen skal registrerast og oppdaterast jamleg gjennom heile kundeforholdet. Formålet er å hindre at norske bankar blir brukt som ledd i kvitvasking eller terrorfinansiering og for å hindre misbruk av identiteten din. 

    Det at vi ber deg om å oppdatere informasjon betyr på ingen måte at nokon mistenker noko kriminelt, men vi er lovpålagt å be om denne informasjonen for å sørge for at alle kontoane dine og avtalar hos oss er sikre.

  • Dersom vi ikkje får oppdatert kundeinformasjon innan fristen vil kundeforholdet ditt i Kredittbanken dessverre bli mellombels sperra. Så snart vi får oppdatert informasjon vil kundeforholdet bli opna igjen. 

  • Det å oppdatere kundeinformasjon og det å legitimere seg er to ulike ting. Norske bankar er pålagt å alltid ha oppdatert informasjon om kundane sine, i tillegg til gyldig legitimasjon. Begge deler er viktig i arbeidet for å førebygge ID-tyveri, kvitvasking og annan type økonomisk kriminalitet. 

     

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }