Pengespel og betalingsforbod
Visste du at norske bankar og andre betalingstenester ikkje har lov til å overføre innsats og utbetalingar i pengespel frå pengeselskap som ikkje har tillatelse i Norge?
Pengespel og betalingsforbod
Visste du at norske bankar og andre betalingstenester ikkje har lov til å overføre innsats og utbetalingar i pengespel frå pengeselskap som ikkje har tillatelse i Norge?
Loven bestemmer kven som kan tilby pengespel og korleis spela skal føregå. Hovudformålet med lova er å førebygge speleproblem og andre negative konsekvensar av pengespel.
Det finst ein stor uregulert marknad av utanlandske pengespel på nett. Sjølv om det ikkje er ulovleg å spele, har norske bankar ikkje lov til å overføre innsats og gevinst i pengespel som ikkje har norsk tillatelse. Forbodet gjeld både pengar som går direkte til og frå spillselskapa, og pengar som går via andre partar og betalingskanalar.
Som bank har vi derfor plikt til å avvise transaksjonar til eller frå pengeselskap eller deira formidlarar, basert på vedtak frå Lotteritilsynet. Dette følger av pengespellova § 5 første ledd, lotterilova § 11, totalisatorlova § 3 første ledd, og forskrift om pengespel § 96.
I tillegg kan banken på eige initiativ avvise slike transaksjonar. Det betyr at kundar sin innsats kan bli avvist, eller at utbetalingar av gevinst frå utenlandske spelselskap til konto kan bli stoppa. Les meir om dette på Lotteri- og stiftelsestilsynet.no.
I Norge har vi ein einerettsmodell som skal beskytte sårbare grupper mot spelavhengigheit og samtidig gi mest mogleg tilbake til frivilligheit, idrett og kultur. Derfor er det kun Norsk Tipping, Norsk Rikstoto og nokre få store landsdekkande lotteri som kan tilby regulerte lotteri og pengespel på nett i Norge. Nokre bingoaktørar med særskilt tillating frå Lotteritilsynet kan også tilby hovudspelet sitt på nett.
For ein oversikt over kven som har tillating til å tilby pengespel, lotteri og bingo, samt ei liste over pengespelselskap utan tillating i Norge, finn du på Lotteri- og stiftelsestilsynet.no.