Bli kunde utan BankID
Dersom du er over 18 år må du følgje stega under for å søkje om kundeforhold hjå oss.
Du treng norsk fødselsnummer eller D-nummer frå Skatteetaten for å opprette kundeforhold. Dersom du har D-nummer og har søkt om norsk personnummer så må du vente til dette er på plass.
Ved oppretting av kundeforhold får du Brukskonto, kort og nettbank med pålogging utan BankID.
Behandlingstida for å opprette kundeforhold er for tida 4-6 veker.
Gebyret for å opprette kundeforhold er kr 650. Beløpet blir belasta kontoen din når kundeforholdet er oppretta.
Følg stega under for å søkje om kundeforhold
1. Fyll ut søknaden
Som bank må vi sørge for at vi kjenner kundane våre og at tenestene blir brukt til det formålet dei er tiltenkt. Vi må difor innhente informasjon som fortel oss noko om kven du er og korleis du skal bruke banken Fyll ut søknaden for å søkje om kundeforhold
2. Vent på e-post frå banken.
Banken vil behandle søknaden din og innan to veker vil du motta ein ein e-post frå oss om når du kan møte ved kontoret vårt for legitimering, eller at du må sende oss meir informasjon
NB! Du kan ikkje møte ved kontoret vårt for legitimering før du har motteke e-post frå oss
3. Legitimering
Vent på invitasjon frå banken. Dersom du ikkje nyttar norsk eller engelsk som språk så må du ta med deg tolk når du kjem til banken
4. Signering av avtaledokument
Når søknaden er ferdig behandla blir avtaledokumenta sendt deg i posten til oppgitt adresse. Sørg for at du har oppdatert adresse i Folkeregisteret og namnet ditt på postkassen Ver vennleg å merke deg at avtaledokumenta er gitt på norsk og at du personleg er ansvarleg for å forstå innhaldet i desse.
5. Kundeforholdet blir oppretta
Når banken mottek avtaledokumenta i retur i posten blir konto oppretta og kort og kodebrikke blir sendt i posten