Har eg dobbel forsikring?

Dobbel forsikring betyr at du har to av same forsikring. Mange er dobbeltforsikra utan at dei er klare over det. Verken forsikringsselskapa eller forsikringsformidlarar kan heller ikkje vite dette, då denne informasjonen ikkje delast mellom dei.

Ved dobbel forsikring på skadeforsikringane dine vil du aldri få dobbel utbetaling ved skade. Mens ved dobbel forsikring på personforsikringane er utbetalingane annleis. Du kan til dømes ha to livsforsikringar (eller fleire), som alle blir utbetalt ved dødsfall i samsvar med vilkåra.

  • Dekt av medlemskap
    Det vanlegaste er å ha dobbel innbuforsikring eller reiseforsikring. Er du for eksempel medlem i eit LO-forbund har du LOfavør innbuforsikring inkludert i medlemskapet (med mindre du har reservert deg). Då bør du eller andre i husstanden vurdere seie opp annan innbuforsikring.
  • Dekt av andre i familien
    Mange er forsikra via ektefelle eller sambuar utan at dei er klare over det. Både innbuforsikringa og reiseforsikringa kan utvidast til å gjelde heile familien.
  • Dekt av arbeidsgjevar
    Sjølv om det vanlegaste er å ha personalforsikringar via arbeidsgjevar, kan du også vere dekt av arbeidsgjevars reiseforsikring. Denne kan også dekke heile den tilsette sin familie dersom arbeidsgjevar har valt dette.
  • Dekt av andre forsikringar
    Mange får tilbod om å kjøpe spesialforsikringar som til dømes leigebilforsikring, idiotforsikring, skjermforsikring eller forsikring mot id-tjuveri. Veldig mange har allereie desse dekningane inkludert i innbu- eller reiseforsikringane sine. Sjå kva for forsikringar du ikkje treng.
     

Kva kan eg gjere?
Mistenker du at du er dobbeltforsikra, anbefalar vi deg å kartlegge alle forsikringane dine.

  • Sjekk om du er forsikra via medlemskap i forening eller forbund.
  • Hør med arbeidsgjevar om kva for personalforsikringar du er dekt av.
  • Snakk med ektefelle/sambuar om kva for forsikringar hen har (også via hens arbeidsgjevar).
  • Finn ut kva for forsikringar du sjølv har kjøpt.

Er du usikker kan du kontakte oss så skal vi prøve å hjelpe deg å rydde opp. Det kan også hende det lønner seg å samle alle forsikringane ein stad.
 

Overforsikra/underforsikra
Ved overforsikring betyr det at du har unødvendige forsikringar, dobbeltforsikring eller for høg forsikringssum. Ved underforsikring betyr det at du risikerer sjølv å betale for ein del av risikoen du i utgangspunktet ønsker å vere forsikra mot. Eit eksempel på å vere underforsikra: Du kjøper eit hus og forsikrar dette. Etter nokre år bygger du garasje på den same tomta, men gløymer å legge til garasjen i forsikringsavtalen for huset. Ved skade på hus og garasje vil du måtte betale for skadane på garasjen sjølv.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }