Kva er reisegods?

Reisegods er personlege eigedelar du tar med deg når du reiser eller forlet huset. Forsikringa dekker blant anna tjuveri, brann og mista innsjekka bagasje, med nokre få unntak.

Med vår heilårs reiseforsikring er det inga øvre grense for kor mykje du totalt kan få i erstatning for reisegods. For enkeltgjenstandar er erstatninga avgrensa til 40.000 kroner per enkeltgjenstand. For kontantar, pass og reisedokument er erstatning inntil 15.000 kroner per person. 

For enkeltreiseforsikringa i kredittkortet er den totale forsikringssummen 30.000 kroner, og erstatninga er avgrensa til maksimalt 10.000 kroner per enkeltgjenstand.

Følgande eigendelar erstattast som éin enkeltgjenstand:
(eksempel: tar du med deg 5 dyre smykker på reise med heilårs reiseforsikring, er makserstatninga på 40.000 kroner til saman for alle smykka).

  • Smykker, klokker, pelsverk og bunad.
  • Elektronisk utstyr med tilbehør.
  • Musikkinstrument med tilbehør.
  • Sports-/fritidsutstyr.
  • Våpen med tilbehøyr.
  • Køyreutstyr til motorkøyretøy.
     

Har du ekstra verdifulle ting?
Gjenstandar utover det som står nemnt over vert erstatta med inntil 40.000 kroner per gjenstand i heilårs reiseforsikring (10.000 for enkeltreiseforsikring). Har du verdisaker som for eksempel sykkel, briller, smykker eller klokker som er verdt meir, så anbefaler vi å forsikre dei med verdisakforsikring. Då får du igjen heile verdien, i tillegg til at du er dekt for fleire hendingar.
 

Følgande gjenstandar er ikkje ansett som reisegods, og er derfor ikkje dekt av reiseforsikring:

  • Motorkøyretøy og campingvogn/tilhengar samt utstyr til dette.
  • Køyre-/sikkerheitsutstyr til motorkøyretøy når dette er i bruk, eller når det oppbevarast saman med køyretøyet.
  • Båt med tilbehøyr. Kano, kajakk og segl-/surfebrett reknast ikkje som båt.
  • Fallskjerm-, basehopputstyr-, hang-/paraglider- og liknande med tilbehør.
  • Flyttegods.
  • Varer, vareprøver, verktøy og måleinstrument.
  • Teikningar, manuskript, dokument/datafiler og rekonstruksjon av slike.
  • Verdipapir og medlems-/adgangskort.
  • Programvare/lisensar.
  • Droner.
  • Gjenstandar som er førte inn til Norge i strid med gjeldande toll-/avgiftsreglar.
  • Eigedomar og dokument som kan erstattast på annan måte.
  • Sykkel under bruk i konkurranse og ritt.
  • Sykkel innanfor Norden (erstattast av innbuforsikringa).
  • Nærings- og nytelsesmidlar.
     

Sjå også

Kva er eigenandelen på reiseforsikringane?
Dekker reiseforsikringa mista bagasje?
Er sykkelen min dekka av innbu- eller reiseforsikringane?
Dekker reiseforsikring tap av briller?
Dekker reiseforsikring knust mobil?
Dekker reiseforsikringa skada og øydelagt bagasje?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }