Sikkerheitsforskriftene for båt er eit sett reglar du må overhalde for å ha krav på full erstatning ved bruk av båtforsikring. Sikkerhetsforskriftene skal førebygge faren for eller begrense omfanget av skader. Om du ikkje overheld, eller påser at dei blir overholdt, kan du få avkorting på forsikringane dersom det skulle skje noko. Sikkerheitsforskriftene vil du også finne i forsikringsavtalen din.
Førarkort/førerett
- Førar må oppfylle styresmaktene sine krav gitt i forskrift eller lov frå det tidspunktet som gjeld. Det kan vere krav til sertifikat eller bevis slik som båtførarbevis, høghastigheitsbevis og fritidsskipparsertifikat.
Vedlikehald og tilsyn
- Båten skal haldast i sjødyktig stand (jf. Sjølova og Fritids- og småbåtlova).
- Båten skal haldast lens, fortøysast forsvarleg og det skal førast forsvarleg og relevant tilsyn med båt og tilbehør for blant anna å forhindre at båten synk når den er i fortøyning.
- Årleg service og vedlikehald av båt og motor skal gjennomførast.
- Om båten har skroggjennomføringar under vasslinja skal det vere montert stoppekran på alle gjennomføringar og krana skal vere stengd når båten ikkje er i bruk. Dette gjeld om båten befinn seg på vatnet på vinteren (i tida frå 1. november til 31. mars).
Tjuverisikring og registrering
- Utanbordsmotor, hekkaggregat/utanbordsdrev skal vere fastlåst eller bolta til båten.
- Båten skal vere forsvarleg låst når den forlatast, dette gjeld også båt på hengar.
- Når båten forlatast skal nøklane oppbevarast adskilt frå båten og på ein slik måte at dei ikkje kan brukast av uvedkommande.
- Båtutstyr, tilbehør og lausøyre skal vere fastmontert til båten, eller innelåst i båten, når denne ikkje brukast i sesongen.
- Båtar og vannscooterar med verdi over 50.000 kroner skal vere registrert i Småbåtregisteret, Securmark eller Skipsregisteret Nor.
Under opplag
- Laust utstyr, tilbehør og lausøyre ikkje vere oppbevart/lagra om bord.
- Utanbordsmotor under 20 HK vere innelåst i bygning.
- Båten vere forsvarleg støtta opp og dekka til.
- Opplagspresenning/telt haldast fri for snø og nedbør for å forhindre at dette kollapsar.
Brann
- Motorbåt på inntil 10 meter (33 fot) skal ha minst eit brannsløkkingsapparat.
- Motorbåt frå og med 10 meter skal ha minst to brannsløkkingsapparatar
Last ned som PDF: