Sikkerheitsforskriftene for mc er eit sett reglar du må overhalde for å ha krav på full erstatning ved bruk av mc-forsikringa. Sikkerheitsforskriftene skal førebygge faren for eller avgrense omfanget av skader. Om du ikkje overheld, eller påser at dei blir overholdt, kan du få avkorting på forsikringane dersom det skulle skje noko. Sikkerheitsforskriftene vil du også finne i forsikringsavtalen din.
Tjuverisikring
- Når motorsykkelen vert forlatt skal det vere låst.
- Delar av motorsykkelen som midlertidig er avmontert skal vere innelåst.
- Ekstra dekk og felgar skal vere innelåst. I fellesgarasje skal ekstra dekk og felgar vere fastlåst til bygning.
- Fastmontert utstyr skal vere montert slik at det ikkje kan bli fjerna utan bruk av verktøy eller nøkkel.
- Køyreutstyr skal vere nedlåst i fastlåste/bolta vesker/rom eller fastlåst til motorsykkelen.
- Når motorsykkelen er på tilhengaren, skal tilhengaren vere fastlåst til trekkvogna eller til anna fast punkt eller vere sikra med kulelås.
Nøklar
- Når motorsykkelen forlatast skal nøklar oppbevarast adskilt frå denne og på ein slik måte at dei ikkje kan bli nytta av uvedkomande.
- Eigar/rettmessig brukar skal ha tilsyn med nøklar som ikkje er i bruk eller sørge for at desse er innelåst i bygning.
- Motorsykkel med elektronisk startsperre skal utan unødig opphald få denne omprogrammert dersom nøklane er kome på avveie.
Sikring av førar og passasjer
- Førar og passasjer skal bruke hjelm og anna påboden sikring.
Førarkort/førerett
- Føraren av motorsykkelen skal ha gyldig førarkort/førerett for motorsykkel.
- Elev og ledsagar skal oppfylle gjeldande føresegn om øvingskøyring.
Utrustning, overbelastning, vedlikehald og reparasjonar
- Motorsykkelen skal vere utrusta slik at den er i trafikksikker stand og skal ikkje overbelastast.
- Motorsykkelen skal vedlikehaldast etter fabrikanten/leverandøren sine tilrådingar og etter gjeldande føresegn i lov/forskrift*.
- Fabrikanten sitt serviceintervall skal overhaldast.
- Motorsykkelen sitt kjølesystem skal vere påfylt tilstrekkeleg frostvæske/kjølevæske.
- Reparasjonar skal utførast av godkjent verkstad.
Bruk
- Last skal sikrast forsvarleg slik at den ikkje kan forskyve seg, falle av eller rase ut.
Utgifter til rettsbehandling
Sikra skal ved eventuell dekning av utgifter til sakkyndige som ikkje er oppnemnt av retten innhente førehandsgodkjenning av forsikringsselskapet.
Saksomkostningar ved forlik
Sikra skal ved eventuell inngåing av avtale om saksomkostningar ved forlik innhente førehandsgodkjenning av forsikringsselskapet.
*Lov og forskrift som det visast til i sikkerheitsforskriftene, kan fåast ved å kontakte oss.
Last ned som PDF: