Kva gjer eg ved sjukdom eller skade på ferie?

Blir du sjuk eller skada på ferie i utlandet, er det viktig at du tar kontakt med vår alarmsentral SOS International eller ringer deira døgnopne telefon:

(+47) 22 96 50 45

Dei vil hjelpe deg med å finne nærmaste godkjendte sjukehus eller legekontor og sørge for at du får riktig og nødvendig behandling. Dei hjelper deg med alt frå sjuke barn og matforgifting til brote bein. I tillegg vil dei ta seg av alt det praktiske.

På sukehuset/legekontoret
Dersom du blir bedt om å vise fram reiseforsikringsbeviset/reisekortet ditt, finn du dette i mine forsikringar, mobilbanken/nettbanken eller LOfavør-appen, under reiseforsikring. Har du reiseforsikringa som er inkludert i kredittkortet finn du dette i mobilbanken/nettbanken under kredittkort > fordelar > reisefordelar.

Hugs å ta vare på kvitteringane dersom du betaler for lege, medisin eller transport. Du vil trenge dette når du skal bruke forsikringa. 

Dersom du blir lagt inn på sjukehus dekker vi også feriedagane du eventuelt mister. Dette gjeld også dersom ein lege ber deg halde senga på hotellet i minst tre dagar. Hugs då å få ei stadfesting frå legen som behandla deg om kor lenge du er bedt om å vere sengeliggande. Legeerklæringa får du enten frå lege på staden eller via ein videokonsultasjon. Hugs at du må kontakte legen når det skjer, og ikkje i etterkant av sjukdom eller skade.  

Vore sjuk på reise?
Dersom du blei sjuk eller skada på ei reise du alt har starta på eller gjennomført, får du rettleiing i skjema for sjukdom eller skade på reise. Har du allereie vore i kontakt med SOS International? Då har vi allereie oppretta ei sak for deg. Då kan du sjekke status på di skadesak hos Fremtind.

Det er viktig at du kontaktar lege på staden og får ei legeerklæring for å få dekt:

Utgifter som medisin, legehonorar, transportutgifter og liknande kan du vente med å melde inn til du er heime igjen. Hugs å ta vare på kvitteringar.

Sjuk før reise?
Dersom det gjeld ei reise du har bestilt og ikkje kan gjennomføre likevel, får du rettleiing i skjemaet for avbestilling.

Skal du ut å reise, og har ein kronisk liding eller ein eksisterande sjukdom eller skade og lurer på om reiseforsikringa dekker kostnadane? – få gratis medisinsk rådgjeving hos SOS International før du reiser.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }