Når du sparer til barn, er det viktig å vurdere om pengane skal sparast i ditt namn eller i namnet til barnet. Her ser du fordeler og ulemper med begge alternativa.
Spare til barnet i ditt namn
Fordelar
Du eig kontoen og disponerer pengane, også etter at barnet blir 18 år. Det er du som bestemmer når pengane skal overførast til barnet.
Det er lett å følge med på og endre sparinga.
Sparing i ditt namn avgrensar ikkje barnet sin monglegheit til å få stipend frå Lånekassen.
Du unngår at Statsforvaltaren tek over forvaltninga av pengane viss sparebeløpet overstig 2 G (1 G = 124.028 kroner).
Ulemper
Pengane blir ein del av buet ditt ved skilsmisse, konkurs eller død.
Kreditorar kan krevje pengane viss du får økonomiske problem.
Viss du vil at gåvepengar skal haldast utanfor, må dette spesifiserast i eit testament.
Viss barnet får pengegåver, må givar stole på at du gir pengane vidare til barnet som lova.
Spare til barnet i namnet til barnet
Fordelar
Kontoen og pengane tilhøyrer barnet.
Pengane blir ikkje ein del av buet viss foreldra skilst eller døyr.
Når barnet fyller 17 år, vil pengane ikkje lenger vere ein del av den skattepliktige inntekta til foreldra og formue.
Ulemper
Når barnet fyller 18 år, får dei full kontroll over pengane og bestemmer sjølv kva dei skal brukast til. Du risikerer at pengane blir brukte opp i kvardagen i staden for å bli spart til bustad eller andre viktige ting.
Viss formuen til barnet er over 2 G (1 G = 124.028 kroner), kan Statsforvaltaren overta forvaltninga av pengane. Dette kan unngåast ved å skrive eit gåvebrev eller testament som seier at barnet, saman med foreldra, skal rå over pengane. Send ein kopi til Statsforvaltaren.
Inntekt og formue kan påverke kor mykje lån som kan bli til stipend når barnet tar høgare utdanning. Viss nettoformuen overstig 511.220 kroner (2025, summen blir justert årleg) vil Lånekassen redusere stipenddelen.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}