Legalfullmakt gir deg rett til å hjelpe eit nært familiemedlem med daglegdagse økonomiske gjeremål i ein avgrensa periode dersom vedkommande ikkje er i stand til dette sjølv.
Legalfullmakt
Kom i gang med Legalfullmakt
- Last ned og fyll ut skjema for registrering av legalfullmakt. Du finn skjemaet på knappen under.
- Samtlige familiemedlem med same eller høgare prioritet må ta stilling til kven som skal ha rett til å representere familiemedlemmet.
- Fullmakta skal kun tas i bruk av familiemedlem eller andre nærståande når den som skal hjelpast ikkje er i stand til å ta vare på eigen økonomiske interesse som følge av alvorleg svekka helbred eller demens.
Legalfullmakt er til for midlertidig situasjonar, og kallast også nærståande sin representasjonsrett. Det kan til dømes vere at mora di blir akutt sjuk, noko som gjer til at ho ikkje er i stand til å utføre daglegdagse økonomiske gjeremål sjølv.
Om det er oppretta verjemål, eller det som skal utførast allereie er dekka av ei framtidsfullmakt, vil desse reguleringane gå foran og legalfullmakt skal ikkje benyttast.
Retten til legalfullmakt oppstår direkte i kraft med lova, men banken kan ikkje legge ei slik fullmakt til grunne før vi mottek ei legeerklæring på at kunden, på grunn av sin helsetilstand, ikkje lenger er i stand til å ivareta sine økonomiske interesser.
Det må vere oppgitt fullt navn og fødselsdato i legeerklæringa til den aktuelle kunden, i tillegg skal den innehalde eit estimat for kva tidsrom legen vurderer at kunden vil vere ute av stand til å ivareta eigne økonomiske interesser.
Som næraste familiemedlem reknast følgande personar som er 18 år, og som ikkje er under verjemål:
- Ektefelle eller sambuar
- Barn
- Barnebarn
- Foreldre
Ein nærståande har kun representasjonsrett dersom samtlege familiemedlem med høgare prioritet har skriftleg frasagt seg retten til å representere familiemedlemmet.
SpareBank 1 Sogn og Fjordane utfører nødvendig belastning av konto etter oppdrag frå familiemedlemmet, innanfor rammene som lova set. Banken treng følgjande dokumentasjon frå nærståande:
- Vi krev ikkje vigselsattest, fødselsattest eller liknande. Vi gjer oppslag mot Folkeregisteret, og fødselsnummer på registreringsskjema i kombinasjon med legitimasjon eller elektronisk signering med BankID er tilstrekkeleg.
- Samtykke og legitimasjon frå dei som er like, eller meir, nærståande enn deg.
- Legeerklæring i original eller stadfesta rett kopi som viser at familiemedlemmet, til dømes mor di, har demens, eller anna skade eller sjukdom, og difor ikkje i stand til å handtere økonomien sin. I legeerklæringa må det inkluderast fullt namn og fødselsdato på personen som treng bistand. Erklæringa skal òg innehalde ei vurdering av tidsrommet legen meiner vedkommande vil vere ute av stand til å ta vare på sine økonomiske interesser.
Nærståande med legalfullmakt har lov til å:
- Utføre praktiske og daglegdagse økonomiske gjeremål som gjeld familiemedlemmet sin bustad og daglege underhald, som å betale rekningar, innkjøp til dagleg forbruk, betaling av skattar, og å gi vanlege gåver av mindre verdi ved jul, bursdag eller liknande.
- Sørgje for nødvendige oppseiingar av betalingsoppdrag som ikkje lenger er aktuelle.
- Betale skattar, avgifter og andre forpliktingar som følgjer av gyldige låneavtalar familiemedlemmet sjølv har inngått. Den nærståande kan derimot ikkje ta opp nye lån, selje huset, investere i eller kjøpe verdipapir, gi store gåver eller dele ut forskot på arv på vegner av familiemedlemmet.
SpareBank 1 Sogn og Fjordane kan ikkje gi fullmektigen disposisjonsrett eller nettbanktilgang. Fullmektigen må kontakte banken personleg for å levere legeerklæring og registreringsskjema for legalfullmakt. Ved personleg oppmøte og utfylling av skjema må gyldig legitimasjon visast fram.
Om du som nærståande opptrer utanfor di fullmakt, vil du kunne komme i ansvar. jf. avtaleloven § 25.