Dine tilsette får prisfordel på privat pensjonssparing
Når arbeidsgjevaren din sparer til pensjon hos oss får du rimelegare pris på privat sparing i pensjonssparekonto og pensjonsparing med skattefordel (IPS).
Når arbeidsgjevaren din sparer til pensjon hos oss får du rimelegare pris på privat sparing i pensjonssparekonto og pensjonsparing med skattefordel (IPS).
Ekstra låge kostnadar og meir pensjon for sparinga.
Alderstilpassa spareprofil gjer sparinga optimal for akkurat den som sparer.
Dine tilsette får betre oversikt over pensjonssparinga si ved å samle alt på èin stad.
I tillegg til pensjonen dei tilsette får frå deg som arbeidsgjevar vil den enkelte ha stor fordel av å spare privat. Det vil gi den tilsette betre økonomi og større fridom som pensjonist.
Å spare til pensjon er enklare enn dei fleste trur. Velg mellom to ulike spareformer: IPS (pensjonssparing med skattefordel) og Pensjonssparekonto.
Administrasjonsgebyr i heile avtaleperioden: 0,1 % av saldo årlie.
Forvaltingshonorar Du får frå 20 – 22 % lågare forvaltingskostnadar avhengig av produkt og spareprofil.
|
Tilleggssparing i IPS og Pensjonskonto |
Ordinær IPS |
Ordinær Pensjonssparekonto |
Alderstilpassa spareprofil |
0,90 -0,40 % |
1,15 - 0,50 % |
1,15 -0,50 % |
Renter | 0,40 % | 0,50 % | 0,50 % |
Forsiktig spareprofil |
0,53 % |
0,66 % |
0,66 % |
Moderat spareprofil |
0,65 % |
0,83 % |
0,83 % |
Offensiv spareprofil |
0,78 % |
0,99 % |
0,99 % |
Aksjar |
0,90 % |
1,15 % |
1,15 % |
Privat tilleggssparing er lågare forvaltningsgebyr i IPS og pensjonssparekonto for alle som har innskotspensjon, hybridpensjon, pensjonskapitalbevis eller pensjonsbevis hos SpareBank 1.
Prisfordelen gjeld så lenge du er medlem av ein innskotspensjon eller hybridpensjon, eller har eit pensjonskapitalbevis eller pensjonsbevis hos SpareBank 1.
Fordelen er lågare forvaltningsgebyr på IPS og Pensjonssparekonto, og utgjer mellom 20-22 %, avhengig av kva produkt og investeringsportefølje du har
Fordelen blir gitt automatisk. Vi sjekkar om du kvalifiserer til fordel og gir deg rett pris.
Dersom du ikkje har eit av dei andre produkta som kvalifiserer til fordel, blir IPS og Pensjonssparekontoavtalen overførtt til ordinære prisar.
Viss du har vore tilsett meir enn 12 månadar får du eit pensjonskapitalbevis og fordelen blir vidareført.
Når du sparer til pensjon i ein alderstilpassa spareprofil er det alderen din som avgjer korleis pengane vert investert.
Når det er lenge igjen til du skal starte utbetaling av pensjonen din er aksjeandelen høg. Høg aksjeandel ventast å gje best avkasting på lang sikt. Når det er mindre enn 27 år igjen til utbetalingsdato, trappast andelen aksjar gradvis ned for at du skal unngå store svingingar i saldoen når det nærmar seg utbetaling.
Viss du vil endre andelen aksjefond i spareprofilen din, kan du gjere det i nettbanken eller mobilbanken din etter at avtalen er oppretta.
Når du sparer til pensjon, kan du velje mellom ulike spareprofilar – avhengig av korleis du sparer:
Har du pensjonssparing gjennom jobben?
Då får du automatisk ein alderstilpassa spareprofil. Det betyr at sparinga blir tilpassa alderen din, og at du tar mindre risiko jo eldre du blir. Du kan når som helst endre til ein annan profil som passar betre for deg og kor mykje risiko du ønsker å ta.
Startar du eigen pensjonssparing i IPS eller pensjonssparekonto?
Då hjelper vår digitale rådgjevar deg. Du svarar på nokre enkle spørsmål og får eit forslag til spareprofil – basert på kor mykje risiko du er komfortabel med. Du vel sjølv om du vil følge anbefalinga, eller velje ein annan spareprofil som passar deg betre.
Her ser du kva spareprofilar du kan velje mellom:
Alderstilpassa
Alderstilpassa spareprofil gjer det enkelt for deg. Sparinga blir tilpassa alderen din, slik at du gradvis tek litt mindre risiko jo eldre du blir. Dette skjer ved at andelen aksjefond blir redusert, og andelen rentefond blir auka. Då har du større sjanse for god avkasting når du er ung, samtidig som gevinsten blir sikra når du nærmar deg pensjonsalder.
Profilen har automatisk nedtrapping frå 40–67 år. Aksjeandelen blir redusert frå 100 til 20 %.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
Renter
Renter: 100 % rentefond
Spareprofilen renter er for deg som er opptatt av tryggleik, og vil ta minst mogleg risiko. Pengane dine blir sett saman av renter.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
Forsiktig
Forsiktig: 25 % aksjefond
Spareprofilen forsiktig betyr at pengane dine blir fordelt mellom aksjar og renter. Fordelinga med 25 % aksjar og 75 % renter passar for deg som er opptatt av tryggleik og ønsker låg risiko.
Profilen har automatisk nedtrapping frå 57–67 år. Det betyr at aksjeandelen blir redusert frå 25 til 10 %. Du kan slå av nedtrappinga viss du ønsker det.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
Moderat
Moderat: 50 % aksjefond
Spareprofilen moderat betyr at pengane dine blir fordelt mellom aksjar og renter. Fordelinga med halvparten i aksjar og halvparten i rente passar for deg som er opptatt av tryggleik og avkastning, men toler noko risiko.
Profilen har automatisk nedtrapping frå 57–67 år. Det betyr at aksjeandelen blir redusert frå 50 til 20 %. Du kan slå av nedtrappinga viss du ønsker det.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
Offensiv
Offensiv: 75 % aksjefond
I spareprofilen offensiv blir pengane dine plassert med 75 % i aksjar og 25 % i rente. Spareprofilen passar for deg som er opptatt av avkasting og er villeg til å ta ein del risiko.
Profilen har automatisk nedtrapping frå 57–67 år. Det betyr at aksjeandelen blir redusert frå 75 til 30 %. Du kan slå av nedtrappinga viss du ønsker det.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
Aksjar
Aksjar: 100 % aksjefond
Spareprofilen aksjar betyr at pengane dine berre blir sett saman av aksjar. Dette er spareprofilen for deg som er opptatt av høg avkastning, og som er villig til å ta høg risiko.
Profilen har automatisk nedtrapping frå 57–67 år. Det betyr at aksjeandelen blir redusert frå 100 til 40 %. Du kan slå av nedtrappinga viss du ønsker det.
Dersom du som sjølvstendig næringsdrivande har ein innskotspensjonsavtale hos oss, kan du også få tilleggssparing med lågare forvaltningsgebyr i IPS og pensjonssparekonto hos oss.