Spar inntil 15 000 kroner i året, og få ein skattefordel på 22 % av sparebeløpet.
Ingen skatt på avkastinga undervegs. Du betaler skatt når du tar ut pengane.
Pengane er låst til pensjon, og kan utbetalast frå du er 62 år.
Prisar og vilkår
Prisen avheng av kva spareprofil du vel, og varierer frå 0,5 - 1,15 %
Administrasjon av avtalen kostar 0,1 % av saldo i heile avtaleperioden.
Pris i utbetalingstida, eller etter fylte 70 år om utbetalinga startar seinare, er 1 % der 0,45 % er pris for avkastingsgaranti og 0,55 % er pris for forvaltning.
I tabellen nedanfor ser du kva spareprofilar og forvaltningsformer du kan velje mellom og kva det kostar. Les meir om spareprofilane her
Vi prøver å gjere det enkelt å forstå produkta våre, men sjølvsagt kan det vere noko du ikkje fann svar på likevel. Er det ord og uttrykk du lurer på kva betyr? Sjå pensjonsordlista vår her.
Spareprofil/forvaltningsform
Aktiv
Svanemerka
Indeks
Alderstilpassa:
0,50 -1,15 %
0,50 %
0,50 %
Renter:
0,50 %
0,50 %
0,50 %
Forsiktig:
0,66 %
0,50 %
0,50 %
Moderat:
0,83 %
0,50 %
0,50 %
Offensiv:
0,99 %
0,50 %
0,50 %
Aksjar:
1,15 %
0,50 %
0,50 %
Administrasjonsgebyret er 0,1 % av saldo.
Vilkår og viktig informasjon om pensjonssparing med skattefordel (IPS)
Du kan laste ned fullstendige vilkår og viktig informasjon om pensjonssparing med skattefordel (IPS) under.
IPS er individuell pensjonssparing med skattefordel og passar for deg som kan binde pengane til du er 62 år. Når du vel å binde pengane til pensjon, får du skattefordel på sparinga di.
Slik fungerer det
Du kan spare inntil 15.000 kroner i året på IPS-kontoen. Maks månedleg sparebeløp er 1250 kroner.
Uansett kor mykje du vel å spare får du ein skattefordel på 22 % av sparebeløpet.
For å tene mest mogleg på sparinga, er det lurt å setje av skattefordelen til vidare sparing.
Skattefordelen er utsett skatt, som betyr at du betaler skatt på pensjonen når du vel å ta han ut.
Du betalar ikkje formuesskatt på IPS.
Du kan ta ut pensjon frå IPS-kontoen frå du er 62 år.
Utbetalinga skal gå over ein periode på minimum 10 år, og til du er 80 år.
Synest du pensjon er vanskeleg?
Blir du forvirra av alle ord og uttrykk om pensjon? Kva er eigentleg fripolise og innskotspensjon? Her er alt du treng å vite om pensjon, sagt på ein enkel måte.
Reglane for pensjonssparing med skattefordel (IPS) er at desse pengane er låste til du fyller 62 år og utbetalinga skjer over minst 10 år, minimum til fylte 80 år. Startar du utbetaling ved fylte 62 år, blir pensjonen utbetalt over 18 år. Startar du utbetaling ved 70 år, blir pensjonen utbetalt over 10 år. Ved låg saldo vil talet på utbetalingsår bli redusert. Årleg utbetaling skal utgjere minimum 20 % av G, det vil seie ca 20.000 kroner i året.
Du kan spare inntil 15.000 kroner i året med IPS (Pensjonssparing med skattefordel). Minste månadlege sparebeløp er 300 kroner og minste eingongsinnskot er 1.000 kroner. Du bestemmer sjølv kor mykje du ønskjer å spare, samt om det skal skje via månadleg sparebeløp og/eller eingongsinnbetalingar.
Du får igjen ti prosent av det du sparer på skatten. Sparer du maksbeløpet på 15.000 kroner vil du få 3.300 kroner tilbake på skatten. Saldoen din er fritatt for formuesskatt. Dette betyr at beløpet du til ei kvar tid har ståande ikkje er gjenstand for formueskattlegging. Det er først ved uttak av sparinga du blir skattelagt – og då med ei gunstig skattelegging som er alminneleg inntekt.
Pensjonssparing med skattefordel (IPS) er ein pensjonssparing der du kan spare inntil 15.000 kroner per år og få 22 prosent av innbetalinga tilbake på skatten. Pensjonssparinga er fritatt for formueskatt, har alminneleg beskatning ved utbetaling og kan takast ut frå tidlegast fylte 62 år. Du bestemmer sjølv om du vil spare mykje eller lite, samt om du vil spare månedleg og/eller gjere eingongsinnbetalingar. Pensjonssparinga har også garanti for negativ avkastning (verdifall) i utbetalingsperioden, eller etter fylte 70 år om utbetaling startar seinare. Det betyr at saldo i utbetalingstida ikkje kan reduserast med meir enn kostnadar og utbetalt beløp. Garantien sikrar stabilitet og tryggleik i dei åra pengane skal utbetalast.
Som forbrukar har du vanlegvis angrerett på kjøp av varer og tenester over nett og telefon. Derfor gjeld ikkje angrerett for pensjonssparekonto, IPS og eigen pensjonskonto.
Årsaka er at prisane på desse produkta svingar i takt med finansmarknaden, og det er noko vi ikkje kan påverke. Svingingane kjem av at aksjemarknaden går opp og ned.
Sjølv om du ikkje kan angre kjøpet, kan du stoppe vidare sparing. Du kan også ta ut pengane viss dette er tillate i vilkåra.
Ved død vil pensjonskapitalen som er spart i IPS bli nytta til barnepensjon. Har du ikkje barn under 21 år, vil den bli nytta til etterlattepensjon til ektefelle, registrert partner eller samboar. Pensjonskapital som ikkje blir nytta til barnepensjon eller etterlattepensjon utbetalas som eit engangsbeløp til dødsboet.
Alle mellom 18 og 75 år som er skattepliktig i Norge kan starte sparing i IPS, også du som er ufør. Har du rett til arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd frå folketrygda, har du også rett til å få utbetalt alderspensjon frå pensjonssparinga.
Din uføregrad avgjer kor mykje du får i årleg utbetaling.
Når du kjøper pensjonssparing med skattefordel (IPS) får du alderstilpassa spareprofil der det er alderen din som avgjer korleis pengane vert investert. Når det er lenge igjen til du skal starte utbetaling er aksjeandelen høg. Høg aksjeandel ventar å gi best avkasting på langsikt. Når det er mindre enn 27 år igjen til utbetalingsdato, trappast andelen aksjar gradvis ned for at du skal unngå store svingingar i saldoen når det nærmar seg utbetaling.
Viss du vil endre spareprofilen din, kan du gjere det i mobilbanken eller nettbanken din etter at IPS-avtalen er oppretta.
Har du ein «gammal IPS» kan du fortsette sparinga med dei same skattemessige vilkåra som då dei blei inngått. Det vil løne seg å stoppe sparing i «gammal IPS» og opprette ny pensjonssparing med skattefrådrag (IPS) med dei nye og betre skattereglane i utbetalingstida.
Er du i denne situasjonen, tilrår vi deg å kontakte din lokale SpareBank 1 for å få råd om sparinga di. Det er viktig å få med seg at ein ikkje kan flytte oppsparte midlar frå ein «gammal IPS» til ny pensjonssparing med skattefordel (IPS) fordi dei har forskjellege skattereglar.
Du kan når som helst gjere ei ekstra innbetaling til di pensjonssparing med skattefordel (IPS). Når du har starta sparing, finn du avtalen i mobilbanken eller nettbanken din, og der finn du òg nødvendig informasjon for å kunne gjere ei ekstra innbetaling. Viss du ikkje er bankkunde, kan du logge inn til din pensjon. Hugs at maks innbetaling per år er 15.000 kroner.
I utbetalingstida flyttast saldo over til selskapets kollektivportefølje og det er garanti mot negativ avkastning. Det betyr at saldo i utbetalingstida ikkje kan reduserast med meir enn kostnader og utbetalt beløp. Kollektivporteføljen består av blant anna aksjar, eigedom, omløpsrenter og anleggsobligasjonar.
Det skal vere enkelt å ta gode berekraftige val når du vel pensjonsleverandør. Sparer bedrifta til pensjon hos oss kan de vere trygge på at berekraft er godt ivaretatt.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}