Kva spareprofilar kan eg velje mellom når eg sparer til pensjon?

Når du startar sparinga gjer vi det enkelt for deg, og du får automatisk ein alderstilpassa spareprofil. Det betyr at sparinga blir tilpassa alderen din, og at du tek mindre risiko jo eldre du blir – andelen aksjar blir redusert, og andelen rentefond blir auka.

Dersom du vil påverke pensjonssparinga di, kan du sjølv velje fordelinga mellom aksjesparing og rentesparing. Dette gjer du i nettbanken eller mobilbanken etter at pensjonssparinga er starta. 

Alderstilpassa

Illustrasjon spareprofil-forsiktig

Alderstilpassa spareprofil gjer det enkelt for deg. Sparinga blir tilpassa alderen din, slik at du gradvis tek litt mindre risiko jo eldre du blir. Dette skjer ved at andelen aksjefond blir redusert, og andelen rentefond blir auka. Då har du større sjanse for god avkasting når du er ung, samtidig som gevinsten blir sikra når du nærmar deg pensjonsalder. 

Profilen har automatisk nedtrapping frå 40–67 år. Aksjeandelen blir redusert frå 100 til 20 %.

Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.

Renter

Renter: 100 % rentefond
Spareprofilen renter er for deg som er opptatt av tryggleik, og vil ta minst mogleg risiko. Pengane dine blir sett saman av renter. 

Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting. 

 

 

Forsiktig

Forsiktig: 25 % aksjefond
Spareprofilen forsiktig betyr at pengane dine blir fordelt mellom aksjar og renter. Fordelinga med 25 % aksjar og 75 % renter passar for deg som er opptatt av tryggleik og ønsker låg risiko.

Profilen har automatisk nedtrapping frå 57–67 år. Det betyr at aksjeandelen blir redusert frå 25 til 10 %. Du kan slå av nedtrappinga viss du ønsker det.

Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.

Moderat

Illustrasjon spareprofil moderat

Moderat: 50 % aksjefond
Spareprofilen moderat betyr at pengane dine blir fordelt mellom aksjar og renter. Fordelinga med halvparten i aksjar og halvparten i rente passar for deg som er opptatt av tryggleik og avkastning, men toler noko risiko.

Profilen har automatisk nedtrapping frå 57–67 år. Det betyr at aksjeandelen blir redusert frå 50 til 20 %. Du kan slå av nedtrappinga viss du ønsker det.

Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting. 

Offensiv

Offensiv: 75 % aksjefond
I spareprofilen offensiv blir pengane dine plassert med 75 % i aksjar og 25 % i rente. Spareprofilen passar for deg som er opptatt av avkasting og er villeg til å ta ein del risiko.

Profilen har automatisk nedtrapping frå 57–67 år. Det betyr at aksjeandelen blir redusert frå 75 til 30 %. Du kan slå av nedtrappinga viss du ønsker det.

Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting. 

Aksjar

Illustrasjon spareprofil aksjar

Aksjar: 100 % aksjefond
Spareprofilen aksjar betyr at pengane dine berre blir sett saman av aksjar. Dette er spareprofilen for deg som er opptatt av høg avkastning, og som er villig til å ta høg risiko. 

Profilen har automatisk nedtrapping frå 57–67 år. Det betyr at aksjeandelen blir redusert frå 100 til 40 %. Du kan slå av nedtrappinga viss du ønsker det.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }