For å få eFaktura frå bedrifter som tilbyr det må du skru på "Tillat eFaktura" under Innstillingar – Betaling – eFaktura i mobilbanken eller nettbanken.
Du får varsel i mobilbank, nettbank og på e-post når det kjem ny eFaktura. Ønsker du varsel på sms kan du bestille dette i nettbanken.
Du godkjenner rekninga med BankID før ho blir betalt. Huk av for "Godkjenn denne mottakaren for seinare betaling", så slepp du å bruke BankID neste gong.
Du kan endre kva konto eFakturaen skal betalast frå, forfallsdato og beløp.
I mobilbank og nettbank kan du sjå fullstendig faktura med alle detaljar.
No har det blitt superenkelt å flytte Avtalegiro!
Har du Avtalegiro i ein annan bank, og ønsker å samle alt hos oss? Tidlegare kunne det vere tungvint og tidkrevjande å flytte Avtalegiro, men no gjer du det enkelt på 1-2-3!
Alt du treng å gjere er å samtykke til at vi kan hente og flytte avtalane for deg. Resten ordnar vi – heilt gratis sjølvsagt.
Når du betaler ei rekning til nokon som tilbyr Avtalegiro, får du automatisk spørsmål om du ønsker Avtalegiro. Svar ja for å opprette ein avtale.
Trykk på knappen under for å opprette Avtalegiro. Alt du treng er mottakar sitt kontonummer og KID-nummer.
NB: Det kan ta 4–6 veker før ein ny AvtaleGiro-avtale er aktiv. I mellomtida kan du difor oppleve å få rekning i posten. Denne må du betale på vanleg måte. Så fort AvtaleGiroen er aktiv, vil betalingsmottakar slutte å sende deg rekningar på papir.
Å flytte AvtaleGiroane dine til SpareBank 1 er leikande lett: Alt du treng å gjere, er å samtykke til at vi kan hente og flytte avtalane for deg. Resten ordnar vi!
Du kan endre trekkonto eller månadleg beløpsgrense for den enkelte AvtaleGiro i mobilbank eller nettbank under Betaling – AvtaleGiro.
Forfallsdato på AvtaleGiroen er avtalt med betalingsmottakaren. Ta derfor kontakt med den du betaler til for å endre den faste betalingsdatoen. Viss du berre vil endre på ei enkelt betaling, kan du gjere det under Forfall.
Slette Avtalegiro:
Du kan slette ein AvtaleGiro-avtale i mobilbank eller nettbank under Betaling – AvtaleGiro.
Viss det er ei enkelt rekning som ikkje skal betalast, kan du stoppe denne under Forfall. Når den er stoppa, vil den etter ei stund slettast av seg sjølv.
Den vanlegaste årsaka til at betalinga ikkje har gått gjennom, er at den månadlege beløpsgrensa på avtalen er for låg. Denne grensa er noko du valde sjølv då du oppretta AvtaleGiro-avtalen. Du kan endre grensa når du vil i nett- og mobilbanken under Betaling– AvtaleGiro.
Når du har justert opp beløpsgrensa, kan du starte den stoppa betalinga igjen under Forfall.
Maksbeløpet er den høgaste summen som kan bli trekt på ein Avtalegiro per månad. Beløpet vel du sjølv, og det gjeld per kalendermånad og ikkje frå dato til dato.
Det kan vere lurt å sette maksbeløpet til dobbelt så mykje som den eigentlege summen på rekninga for å unngå at den blir stoppa. Det kan skje viss til dømes Avtalegiroen blir trekt den 1. juli, og så den 31. juli igjen på grunn av ei helg. Viss maksbeløpet ikkje er høgt nok, vil den siste betalinga bli stoppa.
AvtaleGiroen blir aktiv med ein gong du opprettar den. Likevel kan det hende at du får neste rekning i posten, fordi rekninga alt var laga då AvtaleGiroen blei starta. Det er difor vi seier at det kan ta inntil 6 veker før ein ny AvtaleGiro-avtale er fullstendig på plass.
Gå inn i mobilbanken eller nettbanken og vel Innstillingar og Betaling. Der må du aktivere valet Tillat eFaktura. Når det er gjort, vil du få eFaktura frå alle betalingsmottakarar som tilbyr det.
Under Betaling og eFaktura kan du velje Avsendarar for å sjå kva for nokre av betalingsmottakarane dine som tilbyr eFaktura. Her kan du også blokkere mottakarar som du ikkje ønsker skal sende deg rekninga på eFaktura.
Vil du endre kva konto som står som standard frå-konto gjer du dette under Innstillingar – Betaling – Forhåndsutfylt frå-konto.
Viss du har eFaktura kombinert med Avtalegiro kan du velje trekk-konto på sjølve Avtalegiro-avtalen. Gå inn på Betaling –AvtaleGiro – Mine avtalar og klikk på den avtalen du ønsker å endre frå-konto på.
Slik stoppar du ein eFaktura-avtale:
Viss du ikkje vil motta eFaktura frå denne bedrifta lenger, kan du blokkere mottakaren i nettbank og mobilbank under eFaktura – Avsendarar.
Du finn dine tidlegare eFaktura i eFaktura-arkivet, tilgjengeleg både i mobilbanken og nettbanken. Gå til Betaling, vel eFaktura og deretter Arkiv for å sjå godkjente eFaktura opptil 16 månader tilbake i tid.
Dersom du leitar etter eldre eFaktura, kan du finne dei under Utførte betalingar og Overføringar. Der får du oversikt over transaksjonar som ligg lenger tilbake enn arkivperioden.
Ja, du kan både gi og få tilgong til eFaktura på vegner av andre. Dette gjer du i mobilbanken eller nettbanken under Innstillingar – Betaling – eFaktura og Del tilgong.
Deling av eFaktura kan vera praktisk. Du kan la ein annan person motta, administrere og godkjenne eFaktura på dine vegner, eller du kan godkjenne eFaktura på vegner av nokon andre.
Du vel sjølv om du vil dele alle dine eFakturaer, eller berre nokre utvalde. Den du gir tilgong til må vere kunde i same bank som deg.
Ja, eFakturaer godkjent i mobil- eller nettbank kan enkelt endrast. Gå til Forfall, klikk på betalinga eller eFakturaen du ønsker å endre, og klikk på Endre betaling.
Dersom eFakturaen er godkjent i til dømes Vipps, vil du ikkje få moglegheit til å endre den i etterkant.
Nei, du må godkjenne eFakturaer før dei blir betalt.
Viss du ønsker at eFakturaen skal bli trekt automatisk frå konto, anbefaler vi å opprette ein AvtaleGiro. Då blir rekninga betalt frå konto på forfallsdato, og du får fakturaen tilgjengeleg som ein eFaktura i nettbanken din.
Det er fordi alle bankane hentar informasjon frå eit felles avtaleregister. Ein eFaktura er knytt til fødselsnummeret ditt og er synleg i alle bankane du bruker.
Når eFakturaen er betalt, finn du informasjon om betalinga i den nettbanken du har betalt den i.
Viss du slettar ein eFaktura i ein annan bank, vil den også bli sletta hos oss.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}