Vipps
Med Vipps kan du enkelt betale, overføre og få pengar med mobilen.
Med Vipps kan du enkelt betale, overføre og få pengar med mobilen.
Legg inn kort og kontonummer. Du kan også legge til ein bankkonto som betalingsmåte viss du ønsker dette.
Når kortet ditt går ut, treng du ikkje å legge inn det nye kortet. Dette går heilt automatisk i Vipps-appen!
No kan du sende og få pengar med mobilen din - uavhengig av kva bank mottakar bruker.
Vipps, så kan ungdom sende og få pengar mellom foreldre og venner, tæppe i butikk og betale til bedrifter, foreiningar og lag med Vipps-nummer. Foreldre må godkjenne opprettinga av profil, og om ein kan sende pengar og betale. Dei har også fullt innsyn i transaksjonar i nettbanken sin.
For å opprette Vipps må ein ha ein bankkonto og eit norsk mobilnummer. Her kan du bestille bankkort for barn eller bankkort for ungdom.
Korleis aktiverer ein Vipps for dei under 15 år?
Begge foreldra må ha ein aktiv Vipps-profil med BankID/BankID på mobil for å opprette ein profil for ein under 15 år. Vel «Legg til barn» og fullfør registreringsprosessen. Varsel vil bli sendt til den andre forelderen per sms.
Opne Vipps og trykk på "Meg", Trykk på namnet til barnet ditt, så kan du under betalingar velje om barnet ditt skal ha tilgang til:
Beløpsgrenser i Vipps for dei under 15 år
Dei som er under 15 år kan årleg få inntil 50.000 kroner og sende opptil 25.000 kroner.
Det er ikkje beløpsgrense for betalingar til bedrifter, lag og foreiningar med Vipps-nummer.
Så lenge ungdommen har eige bankkort, kan han eller ho opprette ein fullverdig Vipps utan foreldrekontroll. Då kan ein også betale lag, foreiningar og bedrifter, betale på nett, betale rekningar, gjere opp utlegg i ei gruppe og sjekke saldo.
Ungdomar mellom 15 og 18 år som skal bruke Vipps, treng BankID. Dette må bestillast av foreldre, og ungdommen må kome innom oss med gyldig pass.
Lei av å taste inn KID- og kontonummer? Då har vi gode nyheiter. Med Vipps rekningar slepp du det! Samtidig har du framleis like god oversikt over kva, når og til kven du har betalt.
For å betale eFakturaer med Vipps må du legge til ei betalingskjelde og ha identifisert deg med BankID, men dette treng du berre å gjere éin gong.
Under «Mine kjøp» vil du sjå eFakturaer som ligg til godkjenning. For å betale trykk på knappen «Til godkjenning» og deretter «Godkjenn».
Med Vipps kan du enkelt og raskt betale på nett der dette blir støtta.
Med Vipps kan de dele på utgiftene og gjere opp i ein fei!
Tæpp med Vipps gir deg moglegheit til å enkelt betale kontaktlaust i butikkar ved å legge baksida av telefonen på betalingsterminal, på same måte som med vanleg bankkort.
Driv du butikk, nettbutikk eller restaurant? Eller skal du arrangere ein loppemarknad, idrettsarrangement eller ei innsamling?
Ta betalt med Vipps! Det er enkelt, ingen kontantar, og det blir mindre kø.
Ring også for å sperre Vipps viss du mistar eller blir fråstolen telefonen din.
Du kan vippse opptil 5 000 kroner til éin person i løpet av 24 timar – heilt gratis. Det betyr at du kan sende akkurat 5 000 kr utan at det kostar deg noko ekstra.
Vippser du meir enn 5 000 kr til same person i løpet av eit døgn, blir det lagt på eit gebyr på 1 % av heile beløpet du sender.
Døme:
Det er gratis å vippse til bedrifter, uansett beløp. Dette gjeld for eksempel når du betalar i butikk, på nett, i app eller til lag og foreiningar som bruker Vippsnummer eller QR-kode.
Å vippse til utlandet kostar 4 % av beløpet.
Du treng mottakaren sitt telefonnummer med riktig landskode:
🇸🇪 Sverige: +46
🇩🇰 Danmark: +45
🇫🇮 Finland: +358
Mottakaren må ha Vipps eller MobilePay og ha valt eit mottakarkort.
Kva valuta blir brukt?
Du sender i mottakaren sin lokale valuta:
SEK (Sverige)
DKK (Danmark)
EUR (Finland)
Vipps viser deg beløpet i NOK før du sender.
Kva kostar det deg?
4 % av beløpet + eventuelt valutagebyr frå banken. Vipps brukar valutakursar frå Norges Bank som vert oppdatert ca. kl. 16:00 kvar dag.
Treng eg IBAN eller SWIFT?
Nei, du treng berre telefonnummeret – enkelt og greitt!
Korleis vel eg mottakarkort om eg skal motta pengar frå utlandet?
I Vipps-appen:
Vipps gjer det enkelt å betale – anten du handlar i butikk, på nett eller støttar det lokale idrettslaget. Her er ei rask oversikt over kor og korleis du kan bruke Vipps:
1. I fysisk butikk (med kortterminal)
Tæpp med Vipps - Hald mobilen inntil kortterminalen, på same måte som du gjer med fysiske kort. Det er raskt, trygt og kontaktlaust.
2. På nett
Vel Vipps i kassa når du handlar i nettbutikkar og appar. Godkjenn kjøpet i appen – så er du ferdig.
3. Vipps-nummer (utan kortterminal)
Brukast typisk av små bedrifter, lag og foreiningar. Du søker opp eller skannar eit Vipps-nummer og betalar i appen. Perfekt for kioskar, loppemarknader og arrangement.
Det kjem an på korleis du vippsar:
Før du trykker Send i Vipps-appen, ser du kva konto eller kva kort pengane vert trekt frå. Du kan trykke på dette feltet for å endre betalingsmåte.
Vil du vere sikker på at pengane kjem fram med éin gong? Då er det lurt å vippse frå konto.
Sjå også: