Båtforsikringskalkulator

Med vår båtforsikringskalkulator, sjekker du raskt og enkelt kva prisen blir før du kjøper båtforsikring på nett.

ein hund sit forrest på ein båt som køyrer i full fart

Kva kostar båtforsikringa?

For å vite kva båtforsikringa di vil koste deg, treng vi litt informasjon om deg og båten din. Prisen på ei båtforsikring er individuell, slik at du slepp å betale for andre sin risiko, og prisen blir mest mogleg rettferdig. Prisen din reknast ut med vår båtforsikringskalkulator. 

Ei båtforsikring har noko som kallast sesongvariert pris. Risikoen for skadar er mykje lågare utanfor båtsesongen, som også betyr at prisen er mykje lågare (oktober til april).

Hugs òg at du får inntil 20 % rabatt om du samlar forsikringane dine hos oss.

Norges beste båtforsikring

Vår båtforsikring er kåra til den beste av våre kundar. Basert på erfaringar og kundeomtalar av 29 forskjellege båtforsikringar har vår blitt kåra til den kundane er mest fornøgde med. Vårt forsikringsselskap Fremtind scorer best totalt sett og på kundeservice, mest anbefalte og beste skadeoppgjer.

Les våre best i test utmerkingar

Forsikre båthengar?

Med kasko eller toppkasko er båten forsikra når den vert transportert på hengar, men kva med forsikring av sjølve hengaren?

Med forsikring av båthengaren er du dekt for skadar som følge av brann, tjuveri, samanstøyt, utforkøyring, velting og hærverk, samt transport av skada tilhengar til verkstad. 


Forsikringskalkulator

Ønsker du å sjekke pris på andre forsikringar også? Sjå pris før du bestemmer deg, med forsikringskalkulatoren vår.


Kjekt å vite om båt og båtforsikring

Når du eig ein båt er det ein del ting det kan vere kjekt å vite, så du ikkje får ubehagelege overraskingar viss noko skulle skje.

Eigenandel

Eigenandelen vel du når du kjøper båtforsikring. Du kan velje mellom eigenandel på 4.000, 7.000 og 10.000 kroner.

For båtberging/redning er eigenandelen fast på 750 kroner.

Ansvarsforsikring på båt er ulik den på bil

Når du køyrer bil har du eit lovpålagt ansvar for skadar du påfører andre. Det betyr at viss ein bil skadar nokon eller noko, spør ein ikkje kven som er skuld i skaden. Bilen er årsak til skaden, og du som køyrer bilen er ansvarleg.

Dette er heilt annleis for båt. Der er du som båteigar kun erstatningsansvarleg viss du har vore aktlaus eller har direkte skuld i skaden.

To eksempel:

  • I ein storm veltar båt A under opplag og skadar båt B. Eig du båt A blir du ikkje ansvarleg for skadane på båt B, sidan årsaka er vêret og vinden. Eigar av båt B må dekke skadar på eigen båt.
  • Båt C kolliderer med båt D. Årsaka er teknisk feil på båt C og eigar av båt C er difor ikkje ansvarleg for skadar på båt D. Eigar av båt D må dekke skadar på eigen båt.

Dei to eksempla viser kvifor det er så viktig å ha kaskoforsikring, sidan du som båteigar i fleire tilfelle må betale for skadar på din eigen båt – sjølv om skaden ikkje er di skuld. Har du kaskoforsikring hos oss får du dekt denne typen skadar.

Vinteropplag av båten

Viss du skal vinterlagre båten, kan det vere kjekt å vite at vi har noko som heiter sesongvariert pris på båtforsikringa vår. Avsluttar du forsikringa utanom hovudforfall, avreknast prisen for det tidsrommet forsikringa har vore i kraft. Det betyr i praksis at prisen er langt billegare i vintermånadane enn i sommarmånadane.


båt i kran som setje i båtkrybbe for vinterlagring

Rabatt ved skadeførebygging

Dersom du kan svare «Ja» på desse 4 spørsmåla når du kjøper båtforsikring, gir vi deg 5 % rabatt per sikkerhetstiltak (inntil 20 % rabatt):

  • Har båten FG-godkjent søke- og gjenfinningssystem installert?
  • Har båtførar kystskipper eller fritidsskippereksamen?
  • Er motor og skrog merka med securemark?
  • Har båten installert ekstra flytesystem som til dømes antisink?

Usikker på kva du svarte då du kjøpte båtforsikringa? Logg inn til di båtforsikring og sjå svara i forsikringsbeviset.

Ønsker du ekstra tryggleik gir SmartBoat One deg full kontroll over båten din rett frå mobilen. Sensorar overvakar båten, gir deg oversikt og varslar om noko skulle skje. Les meir om SmartBoat One.

Båtforsikring med feriegaranti

Viss du skulle vere uheldig å få skade på båten etter påbegynt ferie, erstattast utgifter til leigebåt, leigebil og alternativ overnatting med inntil kr 1.000 kroner per dag (kasko) og 1.500 kroner per dag (toppkasko).

Erstatninga gjeld for restrerande tal dagar av planlagt ferie (maks 10 dagar for kasko og 15 dagar for toppkasko).

Din første båttur for sesongen?

Den første turen kan by på overraskingar som tett drivstoffilter, dieseldyr i tanken eller andre ureinheiter i drivstoffet. Dette kan få motoren til å stoppe, som igjen kan føre til farlege situasjonar.

Før du legg ut på båttur har vi eit par anbefalingar:

  • La den første båtturen for sesongen vere ein prøvetur innaskjærs.
  • Sjekk vêrmeldinga.
  • Meld ifrå kor du skal og kor lenge du skal vere borte.
  • Hugs redningsvest, dregg og mobiltelefon.
  • Ha alltid brannsløkkar/brannteppe i båten.
  • Kjem du i nød, ring 120 eller 112.

Leige ut båten

Du kan leige ut båten i inntil to månadar i året utan at det kostar noko ekstra. Hugs å informere oss ved utleige.

Blant Norges beste på skadeoppgjer

*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Forsikringsselskapet vårt, Fremtind, kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeteneste og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, mellom 22 andre forsikringsselskap.

Les om våre best i test-utmerkingar

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }