Tilhengarforsikring
Med tilhengarforsikring dekkast bl.a. brann, tjuveri, hærverk, skadar på eigen tilhengar, samt veghjelp.
Med tilhengarforsikring dekkast bl.a. brann, tjuveri, hærverk, skadar på eigen tilhengar, samt veghjelp.
Du betaler 1.000 kroner mindre i eigenandel ved skade på tilhengaren.
Det er ansvarsforsikringa til bilen som trekker tilhengaren, som gjeld dersom tilhengaren er på vegen og gjer skade på andre personar, deira eigedelar og eigedom. Med tilhengarforsikring er du blant anna dekt for:
Om forsikringa | ||
---|---|---|
Kvar gjeld forsikringa? | Dekkes av Kasko | |
Kven gjeld forsikring for? | Dekkes av Kasko | |
Kva dekker forsikringa? | ||
Brann, tjuveri og hærverk | Dekkes av Kasko | |
Veghjelp | Dekkes av Kasko | |
Skade på eigen tilhengar | Dekkes av Kasko | |
Eigenandel | ||
Vel eigenandel sjølv | Dekkes av Kasko |
Du kan forsikre dei fleste typar tilhengarar, så lenge du også har bilforsikringa di hos oss. For tilhengarar som passar til person- og varebil kan du forsikre følgande:
Har du fått skade på tilhengaren?
Ønsker du skademeldingsskjema?
Før du lastar tilhengaren og køyrer avgarde bør du vere klar over ein del reglar. Nokre tilhengarar krev eit eige sertifikat. Alle tilhengarar har ei tillatt maksvekt og fartsgrense. Og korleis sikrar ein lasta?
Her kan du laste ned vilkåra som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.
Har du tilhengarforsikring hos oss frå før, må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg.
Både i standard og topp innbuforsikring inngår det ei ansvarsforsikring (privatansvar). Denne dekninga kan gjelde viss du eller andre i husstanden får eit rettsleg erstatningsansvar for skade (innanfor Norden). Ansvarsforsikringa kan til dømes dekke ansvaret viss:
Har det skjedd ei skade?
Ansvarsforsikringa dekker mykje, men den dekker ikkje alt. Det betyr blant anna at dersom du ikkje er juridisk erstatningsansvarleg etter ein skade, så dekker heller ikkje forsikringa kravet frå den andre parten. Den dekker heller ikkje ansvar ved skade ovanfor eigen familie, eller skade ved bruk av motorkøyretøy (med unntak av nokre mindre køyretøy). Sjå fullstendige vilkår for detaljar.
*Det skal veldig mykje til før barn under 12 år blir erstatningsansvarlege. Sykkel inkluderer både el-sykkel og vanleg sykkel. Båtar inntil 14 fot og 10 hk.
Sjå også
Dekker husforsikringa ansvar?
Har eg ansvarsforsikring på reisa?
Kva dekker ansvarsforsikringa for bedrift?
Nei, det er ikkje påbode eller lovpålagt å ha forsikring på campingvogn. Det er bilens ansvarsforsikring som gjeld. Men det er greit å hugse at hvis du krasjar med campingvogna har du ingen forsikring som dekker skade på din eiga campingvogn.
Har du lån med pant i campingvogna, så vil vi krevje at du har kaskoforsikring på campingvogna.
Har du kasko campingvognforsikring er du dekt mot brann, tjuveri, innbrot, hærverk, kollisjon og utforkøyring. Både campingvogna, fortelt og tilbygg dekkast, samt lause gjenstandar og fastmontert utstyr. I tillegg har du feriegaranti viss det skulle skje noko med campingvogna i ferien.
Sikkerheitsforskriftene for bil er eit sett reglar du må overhalde for å ha krav på full erstatning ved bruk av bilforsikring. Sikkerheitsforskriftene skal førebyggje faren for eller avgrense omfanget av skadar. Om du ikkje overheld, eller passar på at dei blir overhalde, kan du få avkorting på forsikringa dersom det skulle skje noko. Sikkerheitsforskrifta vil du også finne i forsikringsavtalen di.
Tjuverisikring
Nøklar
Sikring av førar og passasjer
Førarkort/førarrett
Utrustning, overbelastning, vedlikehald og reparasjonar
Bilen skal vere utrusta slik at det er i trafikksikker stand og skal ikkje overbelastast.
Bruk
Spesielt for bubil
Utgifter til rettsbehandling
Sikra skal ved eventuell dekning av utgifter til sakkyndige som ikkje er oppnemnt av retten innhente førehandsgodkjenning av forsikringsselskapet.
Saksomkostningar ved forlik
Sikra skal ved eventuell inngåing av avtale om saksomkostningar ved forlik innhente førehandsgodkjenning av forsikringsselskapet.
*Lov og forskrift som det visast til i sikkerheitsforskriftene, kan du få ved å kontakte oss.
Last ned som PDF:
Ifølge forsikringsavtalelova må du melde eit krav om erstatning til forsikringsselskapet innan eitt år etter at du fekk vite om dei tinga som er årsaka til kravet. Viss du ikkje sender inn kravet innan fristen, mistar du vanlegvis retten til å få erstatning.
Sjå også
Kven skal melde skade?
Kor melder eg skade?
Kor får eg skademeldingsskjema for bil?
Ved til dømes lukeparkering eller køyring i smale gater kan det vere fort gjort å vere uheldig og kantkøyre felgen mot fortauskanten. Både kasko og toppkasko bilforsikring dekker reparasjon eller erstatning av kantkøyrt felg.
Greitt å vite
Det kan vere lurt å sjekke om det lønner seg å reparere felgen eller kjøpe ny felg sjølv, då du må betale eigenandel per hending ved bruk av forsikringa. Det vil også gje bonustap på forsikringa. Som kunde får du 15 % rabatt hos MPS Bilskade, på reparasjon av småskadar som kantkøyrte felgar, steinsprut i lakken o.l.
Har du kantkøyrt felgen?
Du kan velje å ikkje bruke forsikringane dersom det ikkje lønner seg, sjølv om du har meldt skade til Fremtind.
Skademeldingsskjemaet for bil/motorvogn kan du raskast få tak i hos dei fleste bilforhandlarar og bensinstasjonar. Du kan også laste det ned eller bestille gratis skademeldingsskjema.
Har du hatt uhell eller skade?
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Forsikringsselskapet vårt, Fremtind, kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeteneste og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, mellom 22 andre forsikringsselskap.
Les om våre best i test-utmerkingar
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt, Fremtind.